5. Mosebok 5
N11NN

5. Mosebok 5

5
Dei ti boda
1Moses kalla saman heile Israel og sa til dei: Høyr, Israel, dei forskriftene og lovene som eg kunngjer dykk i dag. Lær dei, og legg vinn på å leva etter dei!
2 # 2 Mos 19–20; 5 Mos 29,1 Herren vår Gud gjorde ei pakt med oss ved Horeb. 3#29,14f Det var ikkje med fedrane våre Herren gjorde den pakta, men med oss, alle vi som lever og er her i dag. 4#2 Mos 19,17ff Andlet til andlet tala Herren med dykk på fjellet, ut frå elden. 5#2 Mos 19,16.20–24; 20,19–21 Eg stod mellom Herren og dykk den gongen og kunngjorde Herrens ord for dykk. For de var redde elden og gjekk ikkje opp på fjellet. Han sa:
6 # 2 Mos 20,2–17 Eg er Herren din Gud som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.
7 # 6,14 Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.
8 # 4,16–18 Du skal ikkje laga deg gudebilete av nokon skapnad oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda. 9Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg freista til å dyrka dei. For eg, Herren din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar borna i tredje og fjerde slektsledd for synda til fedrane når dei hatar meg, 10#7,9 men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine.
11Du skal ikkje misbruka namnet til Herren din Gud, for Herren lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans.
12 # 2 Mos 20,8–11; 23,12; 31,13–17; 34,21; 35,2 # 5,12 sabbatsdagen >2 Mos 20,8. Du skal akta på sabbatsdagen og halda han heilag, slik Herren din Gud har bode deg! 13Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning, 14men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje oksen eller eselet eller noko anna av dyra dine, eller innflyttaren som bur i byane dine, slik at slaven og slavekvinna skal få kvila, dei som du. 15Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt då Herren din Gud førte deg ut derifrå med sterk hand og utstrekt arm. Difor har Herren din Gud pålagt deg å halda sabbatsdagen.
16Du skal heidra far din og mor di, slik Herren din Gud har bode deg. Då skal du få leva lenge, og det skal gå deg vel i det landet Herren din Gud gjev deg.
17Du skal ikkje slå i hel.
18Du skal ikkje bryta ekteskapet.
19Du skal ikkje stela.
20Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.
21Du skal ikkje trå etter kona til nesten din. Du skal ikkje ha lyst på huset eller jorda til nesten din, slaven eller slavekvinna, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.
22 # 2 Mos 20,18; 31,18 Desse orda tala Herren med høg røyst til heile dykkar forsamling på fjellet, ut frå elden, skya og skodda. Han la ikkje til noko. Han skreiv orda på to steintavler og gav dei til meg.
Moses som mellommann
23 # 2 Mos 20,18–20 Då de høyrde røysta ut frå mørkret medan fjellet stod i lys loge, kom de til meg, alle stammehovdingane og dei eldste iblant dykk, 24#4,33 og sa: «Sjå, Herren vår Gud har synt oss sin herlegdom og sitt velde, og vi har høyrt røysta hans ut frå elden. I dag har vi sett at menneske kan høyra Gud tala og endå få leva. 25Kvifor skal vi då døy no? Denne store elden kjem til å gjera ende på oss. Høyrer vi endå lenger på røysta til Herren vår Gud, så døyr vi. 26For finst det nokon skapning som har høyrt den levande Gud tala ut frå elden, slik som vi, og endå fått leva? 27#2 Mos 24,3.7 Gå du bort dit og høyr kva Herren vår Gud seier! Så kan du fortelja oss alt det som Herren vår Gud seier til deg, og vi skal høyra det og leva etter det.»
28Herren høyrde kva de sa til meg, sa han: «Eg har høyrt kva dette folket sa til deg. Det er rett alt det dei seier. 29Måtte dei berre ha eit slikt hjarte at dei fryktar meg og held alle boda mine så lenge dei lever! Då skal det alltid gå dei og borna deira vel. 30Gå og sei til dei: Dra tilbake til telta dykkar! 31Men du skal stå att her hos meg. Eg vil leggja fram for deg alle boda, forskriftene og reglane som du skal læra dei, for at dei skal leva etter dei i det landet eg gjev dei til eige.»
32 # 28,14; Jos 1,7 Så følg då trufast det som Herren dykkar Gud har pålagt dykk. Vik ikkje av til høgre eller venstre! 33#4,40; 6,2; 11,9 Følg alltid den vegen som Herren dykkar Gud har pålagt dykk å gå! Då skal de få leva. Det skal gå dykk vel, og de skal få bu lenge i det landet de tek til eige.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.