5. Mosebok 31
N11NN

5. Mosebok 31

31
Moses set inn Josva
1Moses gjekk fram og tala desse orda til heile Israel. 2#4 Mos 20,12; 5 Mos 1,37f; 3,27f+ Han sa til dei: Eg er no hundre og tjue år gammal. Eg maktar ikkje lenger å gå ut og inn som før. Og Herren har sagt meg: «Du skal ikkje koma over denne elva, over Jordan.» 3#4 Mos 27,15–21Herren din Gud skal sjølv gå over framfor deg. Han vil utrydda desse folkeslaga for deg, så du kan ta landet frå dei. Josva skal gå over framfor deg, slik som Herren har sagt. 4#4 Mos 21,21–35 Så vil Herren gjera med dei som han gjorde med amorittkongane Og og Sihon og landet deira då han utrydda dei. 5#7,1–7; 12,1f.29–31; 20,16–18Herren vil gje dei over til dykk, og de skal i eitt og alt gjera med dei slik eg har sagt dykk. 6#7,21; Jos 1,5f Ver modige og sterke! Ver ikkje redde og lat dykk ikkje skremma av dei! For Herren din Gud går sjølv med deg. Han sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg.
7 # Jos 1,6 Så kalla Moses til seg Josva medan alle israelittane såg på, og sa til han: Ver modig og sterk! For du skal føra folket inn i det landet Herren med eid lova å gje fedrane deira, og du skal la dei få det til eigedom. 8Herren sjølv skal gå framfor deg. Han skal vera med deg. Han sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg. Ver ikkje redd og mist ikkje motet!
Lova skal lesast på lauvhyttefesten
9Moses skreiv ned denne lova og gav henne til prestane, Levi-sønene, som bar Herrens paktkiste, og til alle dei eldste i Israel. 10#31,10 ettergjevingsåret Jf. 15,1–11. Og Moses gav dei dette påbodet: Kvart sjuande år, i ettergjevingsåret, ved lauvhyttefesten, 11#Neh 8,18 når heile Israel kjem og stig fram for Herren sin Guds andlet på den staden han vel seg ut, skal du lesa denne lova framfor heile Israel, slik at dei høyrer.
12Kall folket saman, menn, kvinner og born, og innflyttarane som bur i byane dine, slik at dei høyrer og kan læra å frykta Herren dykkar Gud og trufast følgja kvart ord i denne lova. 13Og borna deira, som enno ikkje kjenner lova, skal høyra henne, så dei kan læra å frykta Herren dykkar Gud så lenge de får leva i det landet de skal leggja under dykk når de går over Jordan.
Herrens siste ord til Moses
14 Herren sa til Moses: «Sjå, no lid det til den tid at du skal døy. Kall Josva hit, og still dykk opp i teltheilagdomen, så skal eg seia kva han skal gjera.» Så gjekk Moses og Josva til teltheilagdomen og vart ståande der. 15Då synte Herren seg i teltet i ei skysøyle, og skysøyla vart ståande ved døra til teltet.
16 Herren sa til Moses: Sjå, du skal snart gå til kvile hos fedrane dine. Då kjem dette folket til å driva hor med framande gudar i det landet dei er komne inn i. Dei kjem til å venda seg frå meg og bryta den pakta eg har gjort med dei. 17Då, når det skjer, skal harmen min flamma opp mot dei. Eg skal gå bort frå dei og gøyma andletet for dei og la dei bli fortærte. Mange ulukker og stor naud skal ramma dei. Den dagen skal dei seia: «Når desse ulukkene rammar meg, er det vel fordi min Gud ikkje er med meg.» 18Men fordi dei har gjort så mykje vondt og vendt seg til andre gudar, vil eg på den dagen gøyma andletet mitt heilt for dei.
19 # 32,1–43 # 31,19 denne songen avskilssongen i kap. 32. Skriv no ned denne songen, og lat israelittane læra han! Legg songen i munnen på dei, så han kan vera mitt vitne mot israelittane. 20#32,15 No fører eg dei inn i det landet som eg med eid lova fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning. Men når dei har ete seg mette og er vortne feite, kjem dei til å venda seg til andre gudar og dyrka dei. Dei kjem til å forakta meg og bryta mi pakt. 21Når dei då blir ramma av mange ulukker og stor naud, skal denne songen stå som vitne framfor dei, for etterkomarane deira skal ha han på leppene og aldri gløyma han. For eg kjenner planane deira som dei alt no lagar seg, før eg fører dei inn i landet eg med eid lova dei.
22Same dagen skreiv Moses ned denne songen og lét israelittane læra han.
23Og Herren sa til Josva, son til Nun: «Ver modig og sterk! Det er du som skal føra israelittane inn i det landet eg med eid har lova dei. Eg skal vera med deg.»
Moses skriv lovboka ferdig
24Då Moses hadde skrive ned denne lova i ein bokrull, frå først til sist, 25gav han levittane, som ber Herrens paktkiste, dette påbodet: 26Ta denne lovboka og legg henne ned ved sida av paktkista til Herren dykkar Gud. Der skal ho liggja som eit vitne mot deg. 27For eg veit kor trassig og stivnakka du er. Alt no medan eg lever iblant dykk, har de vist trass mot Herren. Kor mykje meir når eg er død!
28 # 32,1 Kall no saman alle dei eldste i stammane dykkar og tilsynsmennene, så vil eg la dei høyra desse orda og ta himmel og jord til vitne mot dei. 29For eg veit at når eg er død, kjem de til å handla ille og bøya av frå den vegen eg har sagt de skal gå. I dagar som kjem, skal ulukka ramma dykk fordi de gjer det som vondt er i Herrens auge, og gjer han rasande med framferda dykkar.
Moses ber fram sin avskilssong
30Moses sa fram denne songen, frå opning til ende, for heile Israels forsamling:

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk