5. Mosebok 25
N11NN

5. Mosebok 25

25
1 # 16,18–20; Ordt 17,15 Om to menn ligg i tvistemål, skal dei møtast for retten, som skal ta saka opp til dom. Dei skal frikjenna den som har rett, og dømma den som er skuldig. 2Dersom den skuldige skal straffast med slag, skal dommaren la han leggja seg ned, og medan dommaren ser på, skal dei gje mannen så mange slag som svarar til skulda han ber. 3#2 Kor 11,24#25,3 Førti slag … ikkje meir Seinare vart straffa avgrensa til trettini slag så ein ikkje skulle koma i skade for å gje meir enn førti. >2 Kor 11,24. Førti slag kan dei gje han, ikkje meir. Gjev dei han fleire, blir landsmannen din ærelaus i dine auge.
4 # 1 Kor 9,9; 1 Tim 5,18 Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer.
Svogerekteskap
5 # 1 Mos 38,8f; Rut 4,4; Matt 22,24 # 25,5 plikt som svoger svogerekteskap. =slektssamfunn og justis. Om brør bur saman og ein av dei døyr utan å ha fått nokon son, skal enkja hans ikkje gifta seg med ein utanfor slekta, med ein framand. Bror til mannen hennar skal gå inn til henne og gjera si plikt som svoger ved å ta henne til kone. 6Den første sonen ho føder, skal bera vidare namnet til broren som er død, så namnet ikkje blir utsletta i Israel.
7Men dersom mannen ikkje har lyst til å ta svigerinna si til ekte, skal ho gå til dei eldste i byporten og seia: «Svogeren min nektar å oppfylla svogerplikta si og føra vidare namnet til bror sin i Israel. Han er ikkje villig til å ta meg til kone.» 8Då skal dei eldste i byen kalla mannen til seg og tala han til rette. Held han fast på sitt og seier at han ikkje vil ta henne til kone, 9skal brorkona gå bort til han medan dei eldste ser på, dra skoen av foten hans, spytta han i andletet og svara han: «Slik gjer ein med den mannen som ikkje vil byggja huset til bror sin.» 10Sidan skal dei kalla slekta hans «Berrfot-slekta» i Israel.
Andre lover
11Det kan henda at to landsmenn kjem i slagsmål. Kona til den eine kjem til for å redda mannen sin frå han som slår. Ho retter ut handa og grip han om kjønnsdelane. 12Då skal du hogga handa av henne. Vis inga medkjensle.
13 # 3 Mos 19,35f; Esek 45,10 Du skal ikkje ha to slag vektlodd i pungen din, somme tunge og somme lette. 14Du skal ikkje ha to efa-mål i huset ditt, eit stort og eit lite. 15Du skal ha rette vektlodd og eit rett efa-mål. Då skal du få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg. 16#Ordt 11,1Herren din Gud avskyr alle som gjer urett på denne måten.
Straffa over amalekittane
17 # 2 Mos 17,8–16; Sal 83,4–9 Kom i hug kva amalekittane gjorde mot deg undervegs då de drog ut frå Egypt. 18Dei overraska deg på vegen då du var utsvelt og utmatta. Utan frykt for Gud hogg dei ned baktroppen, alle som hadde vorte liggjande etter. 19#2 Mos 17,14; 5 Mos 12,9; 1 Sam 15,2f; 1 Krøn 4,43 Når Herren din Gud lèt deg få fred for alle fiendar rundt omkring i det landet Herren din Gud gjev deg til eigedom og lèt deg ta, skal du utsletta minnet om amalekittane under himmelen. Gløym det ikkje!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk