5. Mosebok 2
N11NN

5. Mosebok 2

2
Vandringa i ørkenen
1 # 4 Mos 14,25; 21,4; 5 Mos 1,40; Dom 11,18 Deretter snudde vi og tok vegen ut i ørkenen mot Sivsjøen, slik som Herren hadde sagt til meg. I lang tid vandra vi omkring i Se'ir-fjella. 2Då sa Herren til meg: 3«De har vandra lenge nok omkring i desse fjella. Ta no mot nord! 4Du skal gje folket dette påbodet: De dreg no gjennom området til brørne dykkar, Esau-sønene, som bur i Se'ir. Dei kjem til å bli redde dykk, men ta dykk i vare. 5Gå ikkje til åtak på dei! Eg vil ikkje gje dykk så mykje som ei fotbreidd av landet deira, for Se'ir-fjella har eg gjeve Esau til eige. 6Maten de skal eta og vatnet de skal drikka, må de kjøpa av dei for pengar. 7#1,31Herren din Gud har velsigna deg i alt du har gjort. Han har følgt deg på vandringa gjennom den store ørkenen. I førti år har Herren din Gud vore med deg, og du har ingen ting mangla.»
8 # 4 Mos 33,35 # 2,8 Eilat hamneby ved Akaba-bukta. Jf. 1 Kong 9,26. Så tok vi av stad, bort frå brørne våre, Esau-sønene, som bur i Se'ir. Vi bøygde av frå vegen over Araba-sletta, frå Eilat og Esjon-Geber, og tok ei anna retning, langs den vegen som fører til Moab-ørkenen. 9#1 Mos 19,37 Då sa Herren til meg: «Du skal ikkje gå til strid mot moabittane og ikkje gå til åtak på dei. Eg vil ikkje gje deg noko av landet deira, for eg har gjeve Ar til eigedom for Lots etterkomarar.»
10 # 1,28 Før i tida budde emittane der, eit stort og talrikt folk, høgvaksne som anakittane. 11Også dei blir rekna som refaittar, til liks med anakittane, men moabittane kallar dei emittar. 12Før i tida budde det horittar i Se'ir. Men Esaus etterkomarar dreiv dei bort. Dei utrydda dei og busette seg der i staden for dei, på same måten som israelittane gjorde i sitt land, det Herren gav dei til eige.
13 # 4 Mos 21,12 # 2,13 Sered-bekken i Sered-dalen. >4 Mos 21,12. «Bryt no opp og gå over Sered-bekken!» Og vi gjekk over Sered-bekken.
14 # 1,35 Tida for ferda vår frå Kadesj-Barnea til overgangen over Sered-bekken var trettiåtte år. Då hadde ein heil generasjon av krigarar i leiren døydd ut, slik Herren hadde svore. 15Herren hadde vendt handa si mot dei, og han utrydda dei frå leiren, til siste mann.
16Då alle krigarane i folket var døde, 17sa Herren til meg: 18«I dag skal du dra gjennom Moab-landet, gjennom Ar. 19#1 Mos 19,38 Når du kjem bort imot ammonittlandet, skal du ikkje gå til kamp mot dei og ikkje utfordra dei. Eg vil ikkje gje deg noko av ammonittlandet, for det har eg gjeve i eige til Lots etterkomarar.»
20Også dette blir rekna for refaittland. I gamle dagar budde det refaittar der; ammonittane kallar dei samsummittar. 21Dei var eit stort og talrikt folk og høgvaksne som anakittane. Men Herren utrydda dei for ammonittane. Dei dreiv dei bort og busette seg der i deira stad. 22Det same hadde han gjort for Esaus etterkomarar, som bur i Se'ir, då han utrydda horittane for dei. Dei dreiv horittane bort og busette seg i landet deira, og der har dei budd til denne dag. 23Like eins gjekk det med avittane, som budde i landsbyane så langt som til Gaza. Kaftorane som kom frå Kaftor, utrydda dei og busette seg der i deira stad.
24«Bryt no opp, dra i veg og set over Arnon-elva! Sjå, eg gjev amoritten Sihon, kongen i Hesjbon, og landet hans i dine hender! Gå i gang og ta landet i eige. Gå til kamp mot han! 25Frå denne dag vil eg la redsle og frykt for deg koma over alle folk under himmelen. Kvar og ein som høyrer om deg, skal bivra og skjelva.»
Sigeren over kong Sihon
26 # 4 Mos 21,21–25 Frå Kedemot-ørkenen sende eg bod til Sihon, kongen i Hesjbon, med fredshelsing: 27«Lat meg få dra gjennom landet ditt! Eg skal halda meg på vegen og ikkje vika av, korkje til høgre eller venstre. 28Maten eg skal eta og vatnet eg skal drikka, kan du selja meg for pengar. Lat meg berre gå til fots gjennom landet, 29slik Esau-sønene som bur i Se'ir, og moabittane i Ar gav meg lov til, til eg kan gå over Jordan og inn i det landet Herren vår Gud vil gje oss.»
30Men Sihon, kongen i Hesjbon, ville ikkje la oss dra gjennom landet sitt. For Herren vår Gud hadde gjort han stivsinna og hardhjarta for å gje han over i dine hender, slik som han no har gjort. 31Og Herren sa til meg: «Sjå, no har eg teke til å gje Sihon og landet hans over til deg. Gå i gang og ta landet i eige. Legg det under deg!»
32 # 29,7 Sihon kom til Jahas med heile hæren sin og ville møta oss til strid. 33Herren vår Gud gav han i vårt vald, og vi vann over både han og sønene hans og heile hæren. 34#2,34 slo … med bann og utrydda =bann. Samstundes tok vi alle byane hans, slo kvar by med bann og utrydda alle, både menn, kvinner og born. Ikkje éin lét vi overleva. 35Berre buskapen tok vi med oss, og hærfanget i dei byane vi hadde teke. 36Frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, og frå byen nede i elvedalen heilt til Gilead, fanst det ikkje nokon by med murar som var for høge for oss. Herren vår Gud gav dei alle i vårt vald. 37Men ammonittlandet kom du ikkje nær, verken landet langs Jabbok-elva eller byane oppe i fjellet, alt slik Herren vår Gud hadde gjeve oss påbod om.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk