5. Mosebok 16

16
Dei store høgtidene
1 # 2 Mos 12,2–13.21–23; 13,4; 3 Mos 23,5 Akta på månaden abib. Då skal du halda påske for Herren din Gud. For det var i månaden abib, ved nattetider, at Herren din Gud førte deg ut frå Egypt. 2Du skal slakta påskeoffer av både småfe og storfe for Herren din Gud, på den staden Herren vel ut og der han lèt namnet sitt bu. 3Til offerkjøtet skal du ikkje eta syra brød. I sju dagar skal du eta usyra brød, trengselsbrødet, for i hast drog du ut frå Egypt. Såleis skal du så lenge du lever, minnast den dagen du drog ut frå Egypt. 4I sju dagar må det ikkje finnast surdeig innanfor grensene dine. Og av det du slaktar om kvelden den første dagen, må ingen ting liggja over til morgonen etter.
5Du har ikkje lov til å slakta påskeofferet heime i nokon av dei byane Herren din Gud gjev deg, 6men berre på den staden som Herren din Gud vel ut, og der han lèt namnet sitt bu. Der skal du slakta påskeofferet om kvelden, når sola går ned, på same tid som då du drog ut frå Egypt. 7Du skal koka og eta det på den staden Herren din Gud vil velja seg ut, og om morgonen skal du fara heim att til telta dine. 8#2 Mos 13,6f; 3 Mos 23,8 I seks dagar skal du eta usyra brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtidssamling for Herren din Gud; då må du ikkje gjera noko arbeid.
9 # 2 Mos 34,22; 3 Mos 23,15f; 4 Mos 28,26 Du skal telja sju veker fram. Frå den dagen du tek sigden for å skjera det fullmogne kornet, skal du rekna sju veker. 10Då skal du halda vekefesten for Herren din Gud og bera fram dei frivillige offera du lovar, alt etter som Herren din Gud har velsigna deg. 11Du skal gleda deg for Herren din Guds andlet på den staden Herren din Gud vel ut til bustad for namnet sitt, både du og son din og dotter di, slaven din og slavekvinna di, levittane som bur i byane dine, og innflyttarane, dei farlause og enkjene som er hos deg. 12#5,15 Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt. Hald desse forskriftene og gjer etter dei.
13 # 2 Mos 23,16; 3 Mos 23,34ff Lauvhyttefesten skal du halda i sju dagar når du har samla inn det som kjem frå treskjeplassen din og vinpressa di. 14Du skal gleda deg i denne høgtida, både du og son din og dotter di, slaven din og slavekvinna di, levittane og innflyttarane, dei farlause og enkjene som bur i byane dine. 15I sju dagar skal du feira høgtid for Herren din Gud på den staden Herren vil velja seg ut. For Herren din Gud skal velsigna deg og alt arbeidet ditt, alt du avlar og haustar inn, og du skal berre gleda deg.
16 # 2 Mos 23,17 Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren din Guds andlet på den staden han vil velja seg ut: i høgtida med usyra brød, ved vekefesten og ved lauvhyttefesten. Ingen må visa seg tomhendt for Herrens andlet. 17Kvar og ein skal koma med den gåva han har råd til, alt etter den velsigninga Herren din Gud har gjeve deg.
Dommarar og tilsynsmenn
18I alle dei byane Herren din Gud gjev deg, skal du setja inn dommarar og tilsynsmenn for stammane dine, og dei skal dømma folket med rettferdige dommar. 19#2 Mos 23,6–8; 3 Mos 19,15; 5 Mos 1,16f; Ordt 15,27 Du skal ikkje vrengja retten og ikkje gjera skilnad på folk. Du skal ikkje ta imot stikkpengar, for slike gåver gjer vise menn blinde og øydelegg saka for den som har rett. 20Rettferd, ja, rettferd skal du jaga etter. Då skal du få leva og ta i eige det landet som Herren din Gud gjev deg.
Rett gudsdyrking
21Du skal ikkje setja opp nokon Asjera-påle, ikkje ein trestolpe av noko slag ved sida av altaret som du byggjer for Herren din Gud, 22#3 Mos 26,1 og heller ikkje reisa noka steinstøtte, for det hatar Herren din Gud.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring