5. Mosebok 15

15
Året for ettergjeving av gjeld
1 # 2 Mos 23,10f; 3 Mos 25,3–17 # 15,1 Sjuande kvart år sabbatsår. =festar og høgtider. Sjuande kvart år skal du ettergje all gjeld. 2Og slik er reglane for ettergjeving: Kvar den som har lånt ut noko til nesten sin, skal ettergje lånet. Han skal ikkje krevja inn noko frå sin neste og sin bror, for det er utlyst ettergjeving frå Herren. 3Framande kan du krevja betaling av, men det du har til gode hos landsmannen din, skal du ettergje.
4Det skal ikkje finnast fattige hos deg, for Herren vil velsigna deg rikt i det landet Herren din Gud gjev deg til eige for at du skal ta det, 5så sant du fullt og heilt lyder røysta til Herren din Gud og trufast følgjer alle desse boda som eg gjev deg i dag. 6#28,12 For Herren din Gud vil velsigna deg, slik som han har lova deg. Du skal låna ut til mange folkeslag, men sjølv skal du ikkje låna. Du skal rå over mange folkeslag, men dei skal ikkje rå over deg.
7 # 3 Mos 25,35–37; 1 Joh 3,17 Om det er ein fattig blant landsmennene dine i ein av byane i det landet som Herren din Gud vil gje deg, då skal du ikkje vera hardhjarta og ikkje lata att handa for den fattige bror din. 8#Matt 5,42; Luk 6,34f Nei, du skal opna handa di for han og låna han alt det han treng. 9Ta deg i vare så ikkje denne vonde tanken får rom i hjartet ditt: «No lid det til det sjuande året, ettergjevingsåret», og så ser du med uvilje på den fattige bror din og gjev han ikkje noko. Han kunne ropa og klaga deg for Herren, og du gjer deg skuldig i synd. 10#2 Kor 9,7–15 Gjev han villig, og ha ingen vonde tankar i hjartet når du gjev. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt ditt arbeid og alt du gjer med hendene dine. 11#Matt 26,11 Fattige kjem det alltid til å vera i landet. Difor byd eg deg: Opna villig handa for bror din, for dei som lid naud og dei som er fattige i landet ditt!
Korleis slavar skal setjast fri
12 # 2 Mos 21,2–11 Når ein landsmann, ein hebrear, mann eller kvinne, blir seld til deg, skal han tena deg i seks år, men i det sjuande året skal du setja han fri og la han gå. 13Og når du set han fri, skal du ikkje senda han frå deg tomhendt. 14Lat han få rikeleg med seg av småfeet ditt og av det som kjem frå treskjeplass og vinpresse. Slik Herren din Gud har velsigna deg, skal du òg gje han. 15Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt, og at Herren din Gud fria deg ut. Difor gjev eg deg dette påbodet i dag.
16Men seier slaven din at han ikkje vil gå ifrå deg fordi han held av deg og dine og har det godt hos deg, 17#15,17 ein syl … gjennom øyret symbolsk handling, teikn på varig lydnad. skal du ta ein syl og stikka gjennom øyret hans og inn i døra, og han skal vera slaven din all si tid. Det same skal du gjera med slavekvinna di. 18Ta det ikkje tungt når du må setja han fri, for han har tent deg i seks år og gjeve deg dobbelt så mykje som ein dagarbeidar. Så vil Herren din Gud velsigna alt det du gjer med hendene dine.
Førstefødde dyr
19 # 2 Mos 13,2 Alle førstefødde hanndyr av storfe og småfe skal du helga til Herren din Gud. Førstefødde av storfe skal du ikkje bruka til arbeid, og førstefødde av småfe skal du ikkje klippa. 20År for år skal du og ditt hus eta dei for Herren din Guds andlet, på den staden Herren vil velja seg ut. 21#3 Mos 22,20–25; 5 Mos 12,15f.21–25; Mal 1,8.13 Men har dei ein feil, anten dei er halte eller blinde eller har nokon annan stygg feil, skal du ikkje ofra dei til Herren din Gud. 22Du skal eta dei heime i byane dine. Både ureine og reine kan eta dei, som når ein et gasell og hjort. 23Men blodet skal du ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn!

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring