5. Mosebok 13

13
Straffa for dei som lokkar til fråfall
1Det kan henda at det står fram ein profet eller drøymar hos deg og lovar deg eit teikn eller under. 2Så hender teiknet eller underet, slik han har sagt, men samstundes seier han: «Kom, lat oss følgja andre gudar» – som du ikkje kjenner – «og dyrka dei». 3Då skal du ikkje høyra på det som ein slik profet eller drøymar seier. For Herren dykkar Gud vil berre prøva dykk og sjå om de elskar Herren dykkar Gud av heile dykkar hjarte og av heile dykkar sjel. 4Herren dykkar Gud skal de følgja, og han skal de frykta. Hans bod skal de halda, og hans røyst skal de lyda. Han skal de dyrka, og han skal de halda fast ved. 5#18,20 Men denne profeten eller drøymaren skal straffast med døden fordi han lokka deg bort frå den vegen som Herren din Gud baud deg å gå. På den måten forførte han dykk til å gjera opprør mot Herren dykkar Gud, han som førte dykk ut frå Egypt og fria deg ut frå slavehuset. Såleis skal du rydda ut det vonde hos deg.
6Det kan henda at bror din, son til mor di, eller son din eller dotter di, eller kona di som du tek i famn, eller den kjæraste venen din lokkar deg i løynd og seier: «Lat oss gå av og dyrka andre gudar» – gudar som korkje du eller fedrane dine har kjent, 7gudar som folka omkring dykk dyrkar, anten nær ved eller langt borte, frå den eine enden av jorda til den andre. 8Då skal du ikkje gje etter og ikkje høyra på han. Du skal ikkje visa han medkjensle og ikkje spara han eller dekkja han. 9#17,7 Nei, du skal ta livet av han. Lat handa di vera den første som blir lyft mot han for å drepa, og sidan skal heile folket lyfta handa mot han. 10Du skal steina han i hel fordi han prøvde å lokka deg bort frå Herren din Gud, som førte deg ut frå Egypt, frå slavehuset. 11Og heile Israel skal høyra om det og bli gripne av redsle, så dei aldri meir gjer ei slik ugjerning blant folket ditt.
12Det kan henda du høyrer nokon seia om ein av dei byane Herren din Gud gjev deg å bu i, 13at det har stige fram svikefulle menneske hos deg og lokka dei som bur i byen og sagt: «Lat oss gå bort og dyrka andre gudar» – gudar som de ikkje kjenner. 14Då skal du saumfara saka nøye, granska og spørja deg føre. Om det er sant og det blir stadfest at dette avskyelege er gjort hos deg, 15#13,15 slå med bann og øydeleggja =bann. skal du hogga ned folket i denne byen med sverd. Både byen og alt som er i han, skal du slå med bann og øydeleggja. Også buskapen skal du hogga ned med sverd. 16#Jos 8,28 Alt hærfanget som er teke, skal du samla midt på torget. Og du skal brenna byen og hærfanget som eit heiloffer til Herren din Gud. Sidan skal byen liggja som ein ruinhaug og aldri byggjast opp att. 17#7,25f; Jos 7; 1 Sam 14,31–35 Ikkje noko av det som er bannlyst, skal handa di festa seg ved. Då vil Herren venda seg bort frå sin brennande harme og gje deg miskunn. Han vil visa deg miskunn og gjera deg talrik, slik som han med eid lova fedrane dine. 18Du skal høyra på røysta til Herren din Gud og halda alle boda hans som eg gjev deg i dag, og gjera det som rett er i Herren din Guds auge.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring