5. Mosebok 1
N11NN

5. Mosebok 1

1
Moses minner om Herrens lovnader
1 # 1,1 Araba-sletta dalsøkket der Jordan og Daudehavet ligg. Dette er dei orda som Moses tala til heile Israel austafor Jordan. Det var i ørkenen på Araba-sletta, rett imot Suf, mellom Paran og Tofel, Laban, Haserot og Di-Sahab, 2#1,2 Horeb >2 Mos 3,1. elleve dagsreiser frå Horeb på vegen over Se'ir-fjella til Kadesj-Barnea.
3 # 1,3 det førtiande året etter at Israel drog ut frå Egypt. Jf. 2,7; 4 Mos 14,33. Det var i det førtiande året, den første dagen i den ellevte månaden, at Moses tala til israelittane om alt det som Herren hadde pålagt han å seia til dei. 4#4 Mos 21,23f.33.35 Moses hadde då slege amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon, og Basan-kongen Og, som budde i Asjtarot og Edre'i. 5Austafor Jordan, i Moab, byrja Moses å forklara denne lova. Han sa:
6 # 2 Mos 19,1; 4 Mos 10,11 Herren vår Gud tala til oss ved Horeb og sa: «Lenge nok har de halde dykk ved dette fjellet. 7#1 Mos 15,18 Bryt no opp og dra til fjellandet åt amorittane og til grannefolka på Araba-sletta, i fjellandet og i låglandet, i Negev og ute ved kysten, til landet åt kanaanearane og til Libanon, heilt til den store elva, Eufrat. 8#1 Mos 12,7 Sjå, eg har lagt landet ope for dykk. Dra av stad og ta det landet som Herren med eid lova å gje fedrane dykkar, Abraham, Isak og Jakob, og etterkomarane deira.»
Moses set inn leiarar
9 # 2 Mos 18,13ff Den gongen sa eg til dykk: «Åleine kan eg ikkje bera dykk. 10#1 Mos 15,5; 22,17; 5 Mos 10,22Herren dykkar Gud har gjort dykk talrike, så de i dag er mange som stjernene på himmelen. 11Måtte Herren, dykkar fedrars Gud, gjera dykk tusen gonger så talrike som de no er, og velsigna dykk, som han har lova. 12Men korleis kan eg åleine bera ansvaret og halda ut strevet med dykk og trettene dykkar? 13Vel ut kloke, vituge og lærde menn frå kvar stamme, så skal eg gjera dei til leiarar for dykk.»
14De svara meg: «Det er godt, det du seier vi skal gjera.» 15Så tok eg stammehovdingane dykkar, kloke og lærde menn, og sette dei til overhovud for dykk, til førarar for tusen, hundre, femti og ti, og gjorde dei til tilsynsmenn for stammane. 16#16,18f Den gongen gav eg også dommarane dykkar dette påbodet: «Høyr på klagemål frå landsmennene dykkar, og døm rettferdig i saker mellom ein mann og ein annan, anten det er ein landsmann eller ein innflyttar. 17#2 Mos 18,22; 2 Krøn 19,6; Ordt 24,23; Joh 7,24 Gjer ikkje skilnad på folk når de dømmer! De skal høyra på både høg og låg. Ver ikkje redde nokon, for dommen høyrer Gud til. Men dersom ei sak er for vanskeleg for dykk, så legg henne fram for meg, så eg får høyra.» 18Den gongen gav eg dykk påbod om alt de skulle gjera.
Moses sender spionar inn i landet
19 # 4 Mos 13–14 Så braut vi opp frå Horeb og drog gjennom heile den store og uhyggjelege ørkenen som de har sett. Vi følgde vegen til fjellandet åt amorittane, slik Herren vår Gud hadde sagt oss, og kom til Kadesj-Barnea. 20Då sa eg til dykk: «No er de komne til fjellandet åt amorittane, som Herren vår Gud vil gje oss. 21Sjå, Herren din Gud har lagt landet ope for deg. Dra opp og ta det, slik som Herren, dine fedrars Gud, har sagt deg. Ver ikkje redd og mist ikkje motet!»
22Då kom de til meg alle saman og sa: «Lat oss senda folk i førevegen så dei kan gjera seg kjende i landet og seia oss kva veg vi skal ta opp dit, og kva for byar vi kjem til.» 23Eg syntest godt om det de sa, og eg tok ut tolv mann iblant dykk, ein frå kvar stamme. 24Dei gjekk av stad opp i fjellet og kom til Esjkol-bekken. Der spionerte dei. 25Dei tok noko av frukta i landet og hadde med seg ned til oss. Dei kunne fortelja at det var eit godt land, det landet som Herren vår Gud vil gje oss.
26Men de ville ikkje dra opp dit og sette dykk opp mot det Herren dykkar Gud hadde sagt. 27De murra i telta dykkar og sa: «Fordi Herren hatar oss, har han ført oss ut frå Egypt og vil gje oss over i hendene til amorittane og utrydda oss. 28#9,1f Kvar er det vi skal dra? Brørne våre har fått hjartet til å smelta bort i oss, for dei sa: Folket er større og høgare enn vi, byane er store med himmelhøge festningsmurar, og vi såg også anakittar der.»
29Då sa eg til dykk: «Lat dykk ikkje skremma og ver ikkje redde dei! 30#2 Mos 14,14.25; Jos 10,14.42Herren dykkar Gud går føre dykk, og han vil strida for dykk, slik de med eigne auge såg at han gjorde i Egypt 31#8,2–6; 32,10–14 og sidan i ørkenen. Der såg du korleis Herren din Gud bar deg liksom ein mann ber barnet sitt, heile den vegen de drog, til de kom til denne staden.» 32Likevel trudde de ikkje på Herren dykkar Gud, 33#2 Mos 13,21f; 4 Mos 10,33f han som gjekk føre dykk på vegen for å finna leirplass til dykk, om natta i ein eld og om dagen i ei sky, for å syna dykk den vegen de skulle gå.
Israels ulydnad og nederlag
34Herren høyrde kva de sa, vart han harm og svor: 35«Ikkje ein einaste av denne vonde slekta skal få sjå det gode landet som eg med eid lova å gje fedrane dykkar, 36#4 Mos 14,21–24.31; 26,64f berre Kaleb, son til Jefunne; han skal få sjå det. Fordi han så trufast har halde seg til Herren, vil eg gje han og borna hans det landet han har sett foten på.» 37#4 Mos 20,12; 27,12–14; 5 Mos 4,21 For dykkar skuld vart Herren harm på meg òg. Han sa: «Heller ikkje du skal få koma inn dit. 38Men Josva, son til Nun, skal få koma inn, han som er tenaren din. Han skal du styrkja, for han skal gjera landet til eigedom for Israel. 39#4 Mos 14,31 Småborna som de trudde ville bli tekne som krigsbytte, og dei borna som enno ikkje kan skilja godt frå vondt, dei skal koma inn i landet. Eg gjev det til dei, og dei skal ta det i eige. 40Men de må snu og dra ut i ørkenen, mot Sivsjøen.»
41 # 4 Mos 14,39–45 Då svara de meg: «Vi har synda mot Herren. No vil vi dra opp og slåst, slik som Herren vår Gud har sagt oss.» Alle som ein spente de på dykk våpna og gjorde dykk klare til å dra opp i fjellandet. 42Men Herren sa til meg: Sei til dei: «De skal ikkje dra opp og slåst, for eg er ikkje midt iblant dykk. Elles kjem de til å bli slegne av fiendane dykkar.» 43Eg tala til dykk, men de ville ikkje høyra. De sette dykk opp mot det Herren hadde sagt, de var eigenrådige og drog opp i fjella. 44Då rykte amorittane, som budde der i fjellandet, ut mot dykk. Dei sette etter dykk som ein bisverm, vann over dykk i Se'ir og dreiv dykk heilt til Horma. 45Då de kom tilbake, gret de framfor Herrens andlet, men han ville ikkje høyra på dykk, og han ville ikkje høyra. 46Difor måtte de bu i Kadesj så lenge som de gjorde.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk