Daniel 9
N11NN

Daniel 9

9
Dei sytti vekene
1 # 6,1+ # 9,1 Dareios >6,1. I det første året Dareios, son til Ahasveros, var konge – han var av medisk ætt og hadde vorte konge over kaldearriket – 2#Jer 25,11; 29,10#9,2 bøkene profetbøkene i Det gamle testamentet. i det første styringsåret hans oppdaga eg, Daniel, i bøkene kor lenge Jerusalem skulle liggja i røys etter Herrens ord til profeten Jeremia. Det var sytti år. 3Eg vende meg til Herren Gud for å søkja han med bøn og rop om nåde, for å fasta i sekk og oske.
4 # 2 Mos 20,6; 5 Mos 10,17; Neh 1,5 Eg bad til Herren min Gud og vedkjende: «Å Herre, du store og skremmande Gud, som held pakta og viser miskunn mot dei som elskar deg og held dine bod! 5#1 Sam 7,6; 12,10; Sal 106,6+ Vi har synda, bore oss ille åt, gjort urett, vore trassige og vike av frå dine bod og dommar. 6Vi har ikkje høyrt på tenarane dine, profetane, som tala i ditt namn til kongane våre, stormennene og fedrane og til alt folket i landet. 7#Esra 9,6; Klag 1,18 Di er rettferda, Herre, og vår er skamma. Slik er det i dag med Juda-mennene og dei som bur i Jerusalem og i heile Israel, både dei som er nær, og dei som er langt borte, i alle dei land du dreiv dei bort til, fordi dei hadde vore trulause mot deg. 8#Neh 9,34; Jer 2,26 Ja, Herre, oss tilhøyrer skamma, oss og kongane våre, stormennene og fedrane, for vi har synda mot deg. 9#Sal 130,4 Hos Herren vår Gud er miskunn og tilgjeving; vi har gjort opprør mot han. 10Vi høyrde ikkje på Herren vår Gud og følgde ikkje lovene hans, som han gav oss ved tenarane sine, profetane. 11#3 Mos 26,14ff; 5 Mos 28,15ff Heile Israel braut di lov, vende seg bort og høyrde ikkje på deg. Difor har den forbanningseiden det er skrive om i lova til Moses, Guds tenar, kome over oss. For vi har synda mot han. 12Han sette i verk det ordet han tala mot oss og mot styrarane som styrte over oss. Han sende over oss ei ulukke så stor at det ikkje finst ein stad under himmelen der det har hendt noko slikt som i Jerusalem. 13Etter det som står skrive i Moselova, kom all denne ulukka over oss. Men vi prøvde ikkje å vinna velvilje for Herren vår Guds andlet, vi vende ikkje om frå vår synd og prøvde ikkje å forstå di sanning. 14#Neh 9,33; Sal 119,137; Op 16,5 Difor hadde Herren støtt ulukka for auge og førte henne over oss. For Herren vår Gud er rettferdig i alt han gjer, men vi høyrde ikkje på han.
15Og no, Herre vår Gud, du som førte folket ditt ut frå Egypt med sterk hand og vann deg eit namn som står seg endå i dag, vi har synda og gjort urett. 16Herre, du som alltid er rettferdig, lat vreiden og harmen din venda seg bort frå byen din, Jerusalem, frå ditt heilage fjell! Fordi vi har synda og fedrane våre har handla ille, har Jerusalem og folket ditt vorte til spott for alle som bur omkring oss. 17Høyr no, vår Gud! Din tenar bed og ropar om nåde. Lat ditt andlet lysa over den øydelagde heilagdomen din, for di eiga skuld, Herre. 18#Tit 3,5 Min Gud, vend øyret til og høyr! Lat opp auga dine og sjå ruinane våre og byen som ditt namn er nemnt over. For det er ikkje i tillit til våre rettferdige gjerningar at vi ber våre rop om nåde fram for ditt andlet, det er i tillit til di store miskunn. 19#Jes 33,2 Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, lytt og grip inn, dryg ikkje – for di eiga skuld, min Gud! For ditt namn er nemnt over byen din og folket ditt.»
20Medan eg endå tala og bad og sanna mi eiga synd og synda til Israel, folket mitt, medan eg bar fram for Herren min Gud ei bøn for min Guds heilage fjell, 21#9,21 Gabriel >8,16. tida for kveldsofferet sannsynlegvis rett før solnedgang; det var ein av bønetimane. ja, medan eg endå heldt på å be, flaug Gabriel, den mannen eg før hadde sett i eit syn, heilt fram til meg. Det var ved tida for kveldsofferet. 22Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen for å gje deg innsikt. 23Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det, for du er høgt elska. Så merk deg ordet så du forstår synet!
24Sytti veker er fastsette
for ditt folk og din heilage by
til å føra vondskapen til ende,
til å gjera slutt på synda,
til å sona skulda
og føra fram ei evig rettferd,
til å stadfesta det profetane såg,
og salva det høgheilage.
25 # 9,25 Ei gammal gr. omsetjing, Theodotion, deler verset annleis: «… skal det gå sju veker og sekstito veker. Byen skal stå der …». =Septuaginta. Du skal vita og skjøna: Frå ordet gjekk ut om at Jerusalem skulle gjenreisast og byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker, og i sekstito veker skal byen stå der gjenreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men det skal vera ei tid full av trengsler. 26#Jes 53,8; Matt 26,56 Etter desse sekstito vekene skal den salva ryddast av vegen og bli borte.
Byen og heilagdomen skal leggjast øyde
av hæren til ein fyrste som kjem.
Han skal enda sine dagar i ein flaum.
Den fastsette øydelegginga
skal vara til krigen er slutt.
27 # 8,11+; Matt 24,15 Éi veke skal han stadfesta ei pakt for mange,
etter ei halv veke gjer han ende
på slaktoffer og grødeoffer.
På vengene til det motbydelege
kjem han som øydelegg,
heilt til utslettinga som er fastsett,
strøymer ned over øydeleggjaren sjølv.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk