Daniel 12
N11NN

Daniel 12

12
Trengsle og frelse i endetida
1 # Jes 4,3; Dan 10,13.20; Ob 17; Matt 24,21 # 12,1 Mikael >10,13. På den tid skal Mikael stå fram,
den store fyrsten
som står saman med dine landsmenn.
Det skal koma ei trengselstid
som det ikkje har vore maken til
frå folkeslag vart til
og heilt til den tida.
Men på den tid skal folket ditt bli berga,
alle som er oppskrivne i boka.
2 # Esek 37,1ff; Matt 25,46; Joh 5,29; Op 20,15 Mange av dei som søv i molda,
skal vakna opp,
somme til evig liv,
andre til spott og evig avsky.
3 # 11,33.35; 12,10; Matt 13,43 Dei kloke skal skina
som himmelkvelven skin,
og dei som har ført dei mange til rettferd,
skal skina som stjernene til evig tid.
4 # 8,26; Op 10,4; 22,10 Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal streifa omkring, og kunnskapen skal auka.
5Eg, Daniel, såg, og sjå! – to andre stod der, ein på den eine sida av elva og ein på den andre sida av elva. 6#10,5 Ein av dei spurde mannen som var kledd i lin, og som var over vatnet i elva: «Kor lenge skal det vara før alt dette underfulle får sin ende?» 7#7,25; Op 10,5f Mannen som var kledd i lin, og som var over vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Han som lever evig: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta til det heilage folket er heilt knust, skal alt dette ta slutt.» 8Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: «Herre, kva er slutten på dette?» 9Han svara: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera gøymde og forsegla til endetida. 10#8,11+; Op 22,11 Mange skal bli reinsa, lutra og vaska reine. Men dei urettferdige skal gjera urett, og ingen av dei skal forstå. Men dei kloke skal forstå. 11#8,13+; Matt 24,15#12,11 det motbydelege som øydelegg >11,31. Frå den tid då det daglege offeret blir bortteke og det motbydelege som øydelegg, blir oppsett, skal det gå 1290 dagar. 12Sæl er den som ventar og når fram til 1335 dagar. 13Og du, gå til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp til din lut når dagane tek ende.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk