Daniel 10
N11NN

Daniel 10

10
Daniel får eit syn ved Tigris
1 # 1,7 I det tredje styringsåret til persarkongen Kyros vart eit ord openberra for Daniel, som dei kalla Beltsasar. Ordet var sant og handla om ein hard strid. Han merka seg ordet så han forstod synet.
2På den tida hadde eg, Daniel, vore i sorg i tre veker. 3Fine retter åt eg ikkje, kjøt og vin kom ikkje over leppene mine, og eg salva meg ikkje før dei tre vekene var omme.
4Den tjuefjerde dagen i den første månaden stod eg ved bredda av Storelva, det er Tigris. 5#Op 1,13ff#10,5 Ufas truleg Ofir i Arabia; dette landet er elles i GT nemnt som eit gull-land. Jf. Job 22,24; 28,16; Jer 10,9. Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – ein mann som var kledd i lin og hadde eit belte av Ufas-gull om livet. 6Kroppen hans var som krysolitt, andletet som glimtet av eit lyn, auga som logar av eld, og armane og føtene var som skinande bronse. Når han tala, lydde røysta som bruset av ei folkemengd.
7Eg, Daniel, var den einaste som såg synet. Dei mennene som var med meg, såg det ikkje. Likevel vart dei så forskrekka at dei sprang og gøymde seg. 8#7,28 Så var eg att åleine. Og då eg såg dette store synet, svann kreftene, eg skifte farge og vart likbleik. Til slutt var all mi kraft borte. 9#8,17f Eg høyrde lyden av orda hans, og då eg høyrde lyden, fall eg i uvit med andletet mot jorda. 10Då rørte ei hand meg, riste i meg og fekk meg opp på hender og kne. 11Han sa til meg: «Daniel, du som er så høgt elska, forstå dei orda som eg vil tala til deg. Reis deg opp! For no er eg send til deg.» Då han tala desse orda til meg, reiste eg meg skjelvande opp.
12Så sa han til meg: «Ver ikkje redd, Daniel! For frå den første dagen du vigde hjartet til å vinna innsikt og audmjuka deg for din Gud, har orda dine vore høyrde, og på grunn av orda dine er eg komen. 13#10,13 Fyrsten over Persarriket engel som representerer det persiske riket. =openberring. Mikael skytsengel for Guds folk. =himmelske vesen. Fyrsten over Persarriket gjorde motstand mot meg i tjueein dagar. Då kom Mikael, ein av dei fremste fyrstane, og hjelpte meg der eg var halden tilbake hos persarkongane. 14No er eg komen for å få deg til å forstå kva som skal henda folket ditt i dei siste dagar. For dette er endå eit syn som gjeld dei dagane.»
15Medan han tala slik til meg, bøygde eg andletet mot jorda, mållaus. 16#Jes 6,7; Jer 1,9 Ein som var lik eit menneske, rørte då ved leppene mine. Då opna eg munnen og tala, eg sa til han som stod framfor meg: «Herre, synet gav meg slike krampar at all mi kraft er borte. 17Korleis skulle tenaren til herren min kunna tala med ein herre som deg? Kreftene tek slutt, og det er ikkje livspust i meg lenger.»
18Han som var lik eit menneske, rørte ved meg endå ein gong og gav meg styrke. Han sa: «Ver ikkje redd, du som er høgt elska. Fred vere med deg! Ver sterk, ver sterk!» Og då han tala med meg, vart eg styrkt og sa: «Tal, herre! For du har gjeve meg styrke.» 19#10,19 Javan >8,21. Då sa han: Veit du kvifor eg er komen til deg? No må eg fara attende og strida mot fyrsten over Persia. Når eg dreg bort, kjem fyrsten over Javan. 20#12,1 Men eg skal fortelja deg det som er skrive i Sanningsboka. Det finst ikkje ein som støttar meg mot dei, utan Mikael, som er fyrste over dykk.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk