Daniel 1
N11NN

Daniel 1

1
Daniel hos kongen av Babel
1 # 2 Kong 24,1.10–16; 2 Krøn 36,5ff # 1,1 det tredje året ca. år 605 f.Kr. I det tredje året Jojakim var konge i Juda, kom Nebukadnesar, kongen i Babel, til Jerusalem og kringsette byen. 2#2 Kong 20,17f; Jes 39,6f#1,2 Sinear-landet Babel. Jf. 1 Mos 10,10. Herren gav Juda-kongen Jojakim over i hans hender, og like eins noko av utstyret i Guds hus. Nebukadnesar tok det med til Sinear-landet, til huset til sin gud. Han sette tempelutstyret i skattkammeret til sin gud.
3 # 2 Kong 20,18 Kongen sa til Aspenas, hoffsjefen, at han skulle henta nokre israelittar frå kongsætta og frå dei fremste familiane, 4unge gutar utan feil på kroppen og vakre å sjå til, kunnige i alle slag visdom, kunnskapsrike og lærenæme, skikka til å gjera teneste i kongens slott. Dei skulle han læra opp i skriftene og språket til kaldearane. 5Kongen fastsette at dei kvar dag skulle få eta maten og drikka vinen frå kongens bord. I tre år skulle dei få opplæring, og etter den tid skulle dei gå i teneste for kongen. 6#5,13 Mellom dei var jødane Daniel, Hananja, Misjael og Asarja. 7#5,12; 10,1 Hoffsjefen gav dei nye namn. Daniel kalla han for Beltsasar, Hananja for Sjadrak, Misjael for Mesjak og Asarja for Abed-Nego.
8Daniel sette seg føre at han ikkje ville gjera seg urein med maten og vinen frå kongens bord. Han bad hoffsjefen om å få sleppa å gjera seg urein. 9#1 Mos 39,21 Og Gud laga det så at hoffsjefen fekk godhug og velvilje for Daniel. 10Men hoffsjefen sa til Daniel: «Eg er redd for at herren min, kongen, som har fastsett kva de skal eta og drikka, skal synast at de ikkje ser så friske ut som dei andre gutane på dykkar alder, og då har de sett livet mitt i fare hos kongen.» 11Då sa Daniel til oppsynsmannen som hoffsjefen hadde sett over Daniel, Hananja, Misjael og Asarja: 12«Prøv tenarane dine i ti dagar! Gjev oss grønsaker å eta og vatn å drikka! 13Så kan du sjølv sjå korleis vi ser ut, og korleis dei gutane ser ut som et av maten frå kongens bord, og gjera med tenarane dine ut frå det du då får sjå.» 14Han høyrde på dei i denne saka og prøvde dei i ti dagar. 15Då dei ti dagane var gått, viste det seg at dei såg betre og sunnare ut enn dei gutane som hadde ete av maten frå kongens bord. 16Då lét oppsynsmannen dei sleppa denne maten og vinen og gav dei grønsaker.
17 # 5,12 Gud gav dei fire gutane kunnskap og vit på alle skrifter og all slags visdom. Og Daniel skjøna seg på alle slags syn og draumar.
18Då den tida kongen hadde fastsett, var ute og dei skulle førast fram for han, førte hoffsjefen dei fram for Nebukadnesar. 19Kongen snakka med dei, og det fanst ingen som kunne måla seg med Daniel, Hananja, Misjael og Asarja. Og dei gjekk inn i teneste hos kongen. 20Kvar gong kongen spurde dei til råds i saker som kravde visdom og vit, fann han at dei var ti gonger så vise som alle draumetydarar og åndemanarar i riket.
21 # 6,29 # 1,21 Kyros persarkongen. Jf. Jes 45,1. Daniel vart verande der til første regjeringsåret til kong Kyros.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk