Amos 8

8
Enden er komen for Israel
1Dette viste Herren Gud meg:
Sjå, ei korg med mogen frukt.
2 # 8,2 mogen frukt Dei hebr. orda for «mogen frukt» og «ende» er svært like og lagar her eit ordspel. Han sa: «Kva ser du, Amos?»
Eg svara: «Ei korg med mogen frukt.»
Då sa Herren til meg:
«Enden er komen for mitt folk Israel,
eg vil ikkje lenger bera over med det.
3 # 6,10 Songarinnene på slottet
skal jamra den dagen,
seier Herren Gud.
Lik i mengd ligg slengde overalt. Hysj!»
Herrens dom over uærleg handel
4Høyr dette, de som trakkar fattige ned
og gjer ende på dei hjelpelause i landet!
5 # 3 Mos 19,35f; 5 Mos 25,13; Neh 10,31 # 8,5 nymånefesten =festar og høgtider. De seier: «Når er nymånefesten over,
så vi kan selja korn,
og sabbaten til ende,
så vi kan opna kornsalet?
Då gjer vi målet for lite
og prisen for høg
og fuskar med falske vekter.
6 # 2,6 Då kjøper vi småkårsfolk for pengar,
ein fattig for eit par sandalar,
og sel avfallskorn!»
7 # 6,8 # 8,7 Jakobs byrgskap Herren sjølv. Herren har svore ved Jakobs byrgskap:
Aldri skal eg gløyma
noko av det dei har gjort!
8 # 9,5 Må ikkje jorda skjelva for slikt,
så alle som bur der, sørgjer?
Ja, må ho ikkje fløyma som Nilen,
stiga og siga som elva i Egypt?
Ulukkedagen
9 # 9,11 Den dagen, seier Herren Gud,
lèt eg sola gå ned ved middagstid
og gjer jorda mørk ved høglys dag.
10 # Jes 22,12; Jer 6,26; Esek 7,18; Sak 12,10 # 8,10 sekkestrie grov tekstil av dyrehår, eit ytre teikn på sorg eller anger. =sørgjeskikkar. Festane gjer eg til sørgjehøgtider
og alle songane til likklage,
eg legg sekkestrie om alle hofter
og lèt kvart hovud rakast snautt,
som i sorg over einaste sonen.
Enden blir ein bitter dag.
Svolt etter Herrens ord
11 # 5 Mos 8,3; 1 Sam 3,1 Sjå, dagar skal koma, seier Herren Gud,
då eg sender svolt i landet,
ikkje svolt etter brød
og ikkje tørste etter vatn,
men etter å høyra Herrens ord.
12Dei skal flakka om frå hav til hav,
streifa omkring frå nord til aust
og leita etter Herrens ord,
men dei skal ikkje finna det.
13Den dagen skal fine møyar og unge menn
siga om av tørste.
14 # 1 Kong 12,28f; Hos 8,5; Am 5,5 # 8,14 Samarias synd Det er tenkt på eit gudenamn som dei svor ved. din veg =Septuaginta har «din gud». Dei som sver ved Samarias synd
og seier: «Så sant din gud lever, Dan»
og: «Så sant din veg lever, Beer-Sjeba»,
dei skal falla og aldri reisa seg meir.

Markert nå:

Amos 8: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring