Amos 7

7
Syn om Israels undergang
1 # Joel 1,1ff # 7,1 etterveksten … slåttonn Det første graset som kom om våren, kunne kongen ta til stridshestane sine. Det som grodde etterpå, var difor heilt avgjerande for bøndene. Dette viste Herren Gud meg:
Sjå, han skapte grashopper
då graset tok til å veksa etter slåtten.
Sjå, det var etterveksten etter kongens slåttonn.
2Då dei hadde ete opp alt graset i landet,
sa eg: «Tilgjev, Herre Gud!
Korleis kan Jakob stå seg,
så liten som han er?»
3 # 2 Mos 32,12.14; Jer 18,8.10; Joel 2,14; Jona 3,10; 4,2 Då angra Herren på dette.
«Det skal ikkje skje», sa Herren.
4Dette viste Herren Gud meg:
Sjå, Herren Gud kalla elden til strid.
Han slukte det store djupet
og heldt på å eta opp åkrane.
5 # 4 Mos 11,2 Då sa eg: «Hald opp, Herre Gud!
Korleis kan Jakob stå seg,
så liten som han er?»
6Då angra Herren på dette.
«Heller ikkje det skal skje», sa Herren Gud.
7Dette viste han meg:
Sjå, Herren stod på ein loddrett mur,
i handa hadde han eit blylodd.
8 # 2 Kong 21,13; Jes 34,11 Herren sa til meg:
«Kva ser du, Amos?»
Eg svara: «Eit blylodd.»
Då sa Herren: «Sjå, eg senkar loddet
midt i Israel, folket mitt.
Eg vil ikkje lenger ha tol med det.
9 # 2 Kong 17,21ff; 23,15; Hos 10,8 Isaks offerhaugar skal øydast
og Israels heilagdomar siga i røys.
Eg vil reisa meg med sverd mot Jeroboams hus.»
Amos blir bortvist frå Betel
10 # Jer 38,4; Am 1,1 # 7,10 Jeroboam her kong Jeroboam 2. Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel: Amos har fått i stand ei samansverjing mot deg midt i Israels hus. Landet kan ikkje tola alle orda hans. 11#4,2f; 5,5.27; 6,7; 7,9 For Amos seier:
«Jeroboam skal døy for sverd,
og Israel skal drivast i eksil,
bort frå landet sitt.»
12Sidan sa Amasja til Amos:
Du sjåar, gå din veg, kom deg av stad til Juda!
Der kan du eta ditt brød,
der kan du profetera.
13I Betel får du ikkje lenger profetera,
for det er ein kongeleg heilagdom,
eit rikstempel.
14 # 1 Sam 9,9; 1 Kong 22,6; 2 Kong 2,3ff Då tok Amos til ords og sa til Amasja:
Ikkje er eg profet og ikkje profetlæresvein.
Eg held husdyr og dyrkar fiken.
15 # 2 Sam 7,8 Men Herren tok meg bort frå saueflokken,
og Herren sa til meg:
«Gå og tal profetord til Israel, folket mitt!»
16 # Mi 2,6 # 7,16 Isaks hus her Nordriket. Høyr no Herrens ord:
Du seier: «Ikkje tal profetord mot Israel,
ikkje spå mot Isaks hus!»
17 # 7,17 vera hore for å livberga seg som prostituert. på urein jord utanfor Israel. Difor seier Herren:
«Kona di skal vera hore i byen,
sønene og døtrene dine skal falla for sverd.
Jorda di skal delast med målesnor,
du sjølv skal døy på urein jord,
og Israel skal drivast i eksil frå landet sitt.»

Markert nå:

Amos 7: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring