Apostelgjerningane 8
N11NN
8
1 # 22,20 Saulus var samd i drapet på Stefanus.
Forfølging
Same dagen braut det ut ei hard forfølging mot forsamlinga i Jerusalem. Alle så nær som apostlane vart spreidde omkring i Judea og Samaria. 2Nokre fromme menn gravla Stefanus og heldt ei stor dødsklage over han. 3#22,4; 26,9ff Men Saulus fór hardt fram mot forsamlinga. Han trengde seg inn i hus etter hus og drog ut både menn og kvinner og fekk dei sette i fengsel.
Filip i Samaria
4 # 11,19 Dei som var spreidde omkring, drog rundt og forkynte Ordet. 5#21,8+ Filip kom ned til hovudstaden i Samaria, og der forkynte han Kristus. 6Og alle som ein følgde godt med på det Filip sa når dei høyrde han og såg dei teikna han gjorde. 7#Mark 6,7; 16,17 For mange hadde ureine ånder i seg, og dei fór ut med høge skrik, og mange lamme og halte vart lækte. 8Det vart stor glede der i byen.
9Ein mann som heitte Simon, hadde fare med trolldom i byen og sett folket i Samaria i stor undring. Han gav seg ut for å vera noko stort. 10Alle var opptekne av han, og både små og store sa: «Han er den Guds kraft som kallast Den store.» 11Dei slutta seg til han fordi han i lang tid hadde sett dei i undring med trolldomskunstene sine. 12Då dei begynte å tru Filip, som forkynte evangeliet om Guds rike og Jesu Kristi namn, lét dei seg døypa, både menn og kvinner. 13Simon kom òg til tru. Etter at han var døypt, heldt han seg stadig til Filip og undra seg over dei teikn og mektige gjerningar som han såg.
14Då apostlane i Jerusalem fekk høyra at Samaria hadde teke imot Guds ord, sende dei Peter og Johannes dit. 15Dei kom ned og bad for dei truande, at dei måtte få Den heilage ande. 16For Anden var endå ikkje komen over nokon av dei; dei var berre døypte til Herren Jesu namn. 17#19,6 No la dei hendene på dei, og dei fekk Den heilage ande.
18Men då Simon såg at Anden vart gjeven når apostlane la hendene på dei, baud han dei pengar 19og sa: «Gjev meg òg denne makta, så den eg legg hendene på, kan få Den heilage ande!» 20#Matt 10,8 Men Peter sa til han: «Måtte pengane dine gå til grunne saman med deg, du som tenkte at du kunne kjøpa Guds gåve for pengar! 21#Sal 78,37 Du har ingen lut eller del i dette, for hjartet ditt er ikkje rett i Guds auge. 22Vend om frå denne vondskapen din, og be til Herren, så kanskje han vil tilgje deg at du ber slik ein tanke i hjartet ditt. 23#Jer 4,18 For eg ser at du er full av bitter galle og lenkja til vondskap.» 24Då sa Simon: «De må be til Herren for meg, så ikkje noko av det de no har sagt, skal koma over meg.»
25Etter at dei hadde bore fram vitnemålet sitt og tala Herrens ord, drog dei tilbake til Jerusalem, og på vegen forkynte dei evangeliet i mange av landsbyane i Samaria.
Filip og den etiopiske hoffmannen
26Ein engel frå Herren tala til Filip og sa: «Gjer deg ferdig og gå sørover på vegen som fører frå Jerusalem til Gaza.» Dette er ei aud strekning. 27#8,27 hoffmann Den gr. teksten nyttar ordet «evnukk», ein kastrert mann. Det var ikkje uvanleg at mannlege medlemer av orientalske hoff var kastrerte. Kandake kan òg vera ein tittel, på line med «farao». Filip gjorde seg ferdig og tok ut. Då fekk han sjå ein etiopisk hoffmann, ein høg embetsmann som hadde tilsyn med skattkammeret hos Kandake, dronninga i Etiopia. No hadde han vore i Jerusalem for å tilbe. 28Han var på veg heim og sat i vogna si og las frå profeten Jesaja. 29Då sa Anden til Filip: «Gå bort og hald deg attmed den vogna.» 30Filip sprang dit bort og høyrde at han las frå profeten Jesaja. «Skjønar du det du les?» spurde han. 31«Korleis kan eg vel det når ingen rettleier meg?» svara han. Og han bad Filip koma opp og setja seg ved sida av han. 32#Jes 53,7f Det stykket i Skrifta som han las, var dette:
Lik ein sau dei fører til slakting,
lik eit lam som teier når det blir klipt,
lét han ikkje opp sin munn.
33 Då han var fornedra,
vart dommen over han bortteken.
Kven kan fortelja om hans ætt?
For livet hans er rykt bort frå jorda.
34Hoffmannen sa då til Filip: «Sei meg, kven er det profeten talar om her? Er det om seg sjølv eller om ein annan?» 35#Luk 24,27 Då tok Filip til orde. Han begynte med dette skriftordet og forkynte evangeliet om Jesus for han. 36#10,47 Medan dei køyrde frametter vegen, kom dei til ein stad der det var vatn, og hoffmannen sa: «Sjå, her er vatn. Kva er til hinder for at eg blir døypt?» 37#8,37 Verset manglar i dei eldste handskriftene. {{«Trur du av heile ditt hjarte, så kan det gjerast», sa Filip. «Eg trur at Jesus Kristus er Guds Son», svara han.}} 38Så lét han vogna stansa, og dei steig ned i vatnet, både Filip og hoffmannen, og Filip døypte han. 39Då dei steig opp av vatnet, rykte Herrens Ande Filip bort, og hoffmannen såg han ikkje meir. Han fór glad sin veg. 40#21,8#8,40 Cæsarea viktig hamneby nordvest for Jerusalem, sete for den romerske landshovdingen i Judea. Men Filip fekk dei sjå att i Asjdod, og han forkynte evangeliet i alle byane han drog igjennom, heilt til Cæsarea.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk