Apostelgjerningane 5

5
Ananias og Saffira
1 # 4,34f Ein mann som heitte Ananias, og Saffira, kona hans, selde ein eigedom. 2Men han gøymde unna ein del av pengane, og kona visste om det. Så kom han med resten og la det ved føtene til apostlane. 3#Joh 13,2 Då sa Peter: «Ananias, kvifor har Satan fylt hjartet ditt, så du laug for Den heilage ande og heldt att noko av det du fekk for jorda di? 4Var ho ikkje di så lenge du hadde henne? Og når du så hadde selt, rådde du ikkje sjølv over pengane? Kvifor lét du dette få rom i hjartet ditt? Det er ikkje menneske du har loge for, men Gud.» 5Då Ananias høyrde dette, fall han om og døydde. Og det kom redsle over alle som høyrde om det. 6Nokre unge menn kom og sveipte den døde. Så bar dei han ut og gravla han.
7Om lag tre timar seinare kom kona hans inn. Ho visste ikkje kva som hadde hendt. 8Peter spurde henne: «Sei meg, var dette alt de fekk for jorda?» «Ja», svara ho, «det var alt.» 9#Matt 4,7; Luk 4,12 Då sa Peter til henne: «Korleis kunne de bli samde om å setja Herrens Ande på prøve? Høyr stega utanfor døra. Det er dei som har gravlagt mannen din. No skal dei bera deg ut.» 10Og straks fall ho om ved føtene hans og døydde. Dei unge mennene kom inn og fann henne død, og dei bar henne ut og gravla henne ved sida av mannen. 11#2,43 Og det kom stor otte over heile forsamlinga og alle som høyrde om det.
Teikn og under
12 # 3,11 Ved hendene til apostlane vart mange teikn og under gjorde i folket. Med eitt sinn heldt alle saman og møttest i Salomos søylehall. 13#2,47 Ingen andre våga å slutta seg til dei, men folket sette dei høgt. 14#2,41+ Fleire og fleire trudde på Herren og vart lagde til flokken, både menn og kvinner i stort tal. 15#Mark 6,56; Apg 19,11f Dei bar til og med sjuke ut på gatene og la dei på senger og bårer, så i det minste skuggen av Peter kunne falla på nokre av dei når han gjekk framom. 16Også frå byane kring Jerusalem kom det folk i stort tal. Dei bar med seg sjuke og slike som var plaga av ureine ånder, og alle vart lækte.
Nytt forhøyr
17 # 4,1 Då greip øvstepresten inn, han og alle som heldt med han, det vil seia saddukearpartiet. Dei vart brennande harme, 18greip apostlane og kasta dei i byfengselet. 19#12,7 Men ein engel frå Herren opna fengselsportane om natta, leidde dei ut og sa: 20#Joh 6,68 «Gå og still dykk opp på tempelplassen og forkynn for folket heile denne bodskapen om livet!» 21Fordi dei hadde høyrt desse orda, gjekk dei til tempelet utpå morgonsida, og der underviste dei.
Samstundes kalla øvstepresten og mennene hans saman Rådet, heile eldsterådet i Israel, og sende bod til fengselet etter apostlane. 22Men då vaktmennene kom dit, fann dei ikkje apostlane. Dei kom tilbake og melde: 23«Vi fann fengselet forsvarleg stengt, og vaktene stod ved portane. Men då vi lét opp, fann vi ingen der inne.» 24Denne meldinga gjorde overprestane og sjefen for tempelvakta rådville, og dei undra seg på kva dette kunne vera. 25I det same kom det ein og fortalde: «Dei mennene de sette i fengsel, står no på tempelplassen og underviser folket.» 26Sjefen for vakta og mennene hans drog då av stad og henta dei, men utan å bruka makt; dei var redde for å bli steina av folket.
27Så tok dei apostlane med seg og stilte dei fram for Rådet. Og øvstepresten tok til å spørja dei ut: 28#Matt 27,25; Apg 4,18 «Forbaud vi dykk ikkje strengt å undervisa om dette namnet? Og no har de fylt heile Jerusalem med læra dykkar og vil leggja skulda for blodet til denne mannen over på oss.» 29#4,19 Men Peter og apostlane svara: «Ein skal lyda Gud meir enn menneske! 30#5 Mos 21,22f; Apg 3,15; 10,39 Våre fedrars Gud reiste opp Jesus, han som de hengde på eit tre og drap. 31#2,33+; 2,38+; Hebr 2,10 Han har Gud lyft opp og sett ved si høgre hand som fyrste og frelsar, for at han kan gje Israel omvending og tilgjeving for syndene. 32#Matt 10,20; Joh 15,26f; Apg 1,8+; 15,28 Om alt dette kan vi vitna, vi og Den heilage ande som Gud har gjeve dei som lyder han.»
33Då dei høyrde dette, vart dei rasande og sette seg føre å drepa dei. 34#22,3#5,34 Gamaliel vidgjeten rabbinar, verksam ca. 30–60 e.Kr. =retningar innanfor jødedomen. Men ein farisear som heitte Gamaliel, ein lovlærar som heile folket sette høgt, reiste seg i Rådet, bad dei føra mennene ut ei lita stund 35og sa: «Israelittar! Tenk dykk vel om før de gjer noko med desse mennene! 36#5,36 Tevdas kanskje leiaren for eit opprør som romarane slo ned midt på 40-talet e.Kr. For ei tid sidan stod Tevdas fram. Han gav seg ut for å vera noko stort, og om lag fire hundre menn slo lag med han. Men han vart drepen, og heile flokken av tilhengjarar løyste seg opp og vart borte. 37#5,37 Judas leiar for eit opprør mot den romerske skatteinnkrevjinga i år 6 e.Kr. Etter han, på den tid det var folketeljing, kom galilearen Judas. Han drog med seg mykje folk, men han mista livet, og alle tilhengjarane hans vart spreidde. 38Og no seier eg dykk: Hald dykk unna desse mennene! Lat dei gå! For dersom dette er menneskevilje og menneskeverk, blir det ingenting av det. 39Men er det av Gud, kan de ikkje stansa dei. Det kunne visa seg at de strider mot Gud.» Dei følgde rådet hans 40#Matt 23,34 og kalla apostlane inn att. Dei lét dei piska, forbaud dei å tala i Jesu namn og lét dei så gå. 41#Matt 5,10ff; Fil 1,29; 1 Pet 4,13 Dei gjekk bort frå Rådet, glade fordi dei var rekna verdige til å lida vanære for Namnet skuld. 42#2,46; 9,22+ Men dei lét seg ikkje stansa. Både i tempelet og i heimane heldt dei dag etter dag fram med å undervisa og forkynna evangeliet om at Jesus er Messias.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring