Apostelgjerningane 21

21
Opp til Jerusalem
1 # 21,1 Kos, Rodos øyar utanfor sørvestkysten av Vesleasia. Patara Nokre handskrifter har «Patara og Myra». Byane var hamnebyar på sørkysten av Vesleasia, i provinsen Lykia. Då vi hadde rive oss laus frå dei, la vi frå land og segla beint til Kos, dagen etter til Rodos og derifrå til Patara. 2Der fann vi eit skip som skulle over til Fønikia. Vi gjekk om bord og la ut att. 3Då vi fekk Kypros i syne, heldt vi til høgre for øya og segla mot Syria. I Tyros la vi til land, for skipet skulle lossa. 4#20,23 Vi leita opp læresveinane og vart verande der i sju dagar. Drivne av Anden sa dei til Paulus at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem. 5#20,36 Då dagane våre der var til ende, heldt vi fram på reisa. Alle følgde oss ut av byen, med koner og born. På stranda bøygde vi kne og bad 6før vi sa farvel til kvarandre. Vi gjekk om bord i skipet, og dei vende heim att.
7 # 21,7 Ptolemais hamneby ca. fire mil sør for Tyros. Så fór vi frå Tyros til Ptolemais og hadde då fullført sjøferda. Vi helsa på syskena der og var ein dag hos dei. 8#6,5; 8,5ff.26ff.40#21,8 Cæsarea >8,40. evangelisten Filip >6,5. Dagen etter drog vi derifrå og kom til Cæsarea. Der tok vi inn hos evangelisten Filip, ein av dei sju, og vart buande hos han. 9#2,17 Han hadde fire ugifte døtrer som hadde profetgåve. 10#11,28 Som vi no vart verande der nokre dagar, kom det ned frå Judea ein profet som heitte Agabos. 11#20,23 Han kom til oss, tok beltet til Paulus, batt hendene og føtene sine med det og sa: «Så seier Den heilage ande: Den mannen som eig dette beltet, skal jødane i Jerusalem binda slik og gje i hendene på heidningane.» 12Då vi høyrde det, bad vi Paulus, både vi og dei som budde der, at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem. 13#20,24 Men Paulus svara: «Kvifor græt de og gjer meg tung om hjartet? Eg er klar, ikkje berre til å la meg binda, men òg til å døy i Jerusalem for Herren Jesu namn.» 14#Luk 22,42 Og sidan han ikkje lét seg overtala, roa vi oss og sa: «Lat Herrens vilje råda!»
15Etter desse dagane gjorde vi oss ferdige og drog opp til Jerusalem. 16Nokre av læresveinane i Cæsarea slo lag med oss og følgde oss til Mnason frå Kypros, ein av dei aller første læresveinane. Hos han skulle vi bu.
Paulus hos Jakob
17Vi kom til Jerusalem, og syskena der tok imot oss med glede. 18#15,13 Dagen etter gjekk Paulus saman med oss til Jakob, der alle dei eldste var samla. 19#14,27; 15,4 Han helsa på dei og fortalde nøye om det Gud hadde gjort mellom heidningane gjennom hans teneste. 20#2,41+; 15,1.5 Då dei høyrde det, lova dei Gud. Så sa dei til han: «Du veit, bror, at mange tusen jødar er komne til tru, og alle brenn dei for lova. 21#6,14; Gal 2,3 Men no har dei høyrt om deg at du lærer alle jødar som bur mellom heidningane, å venda seg frå Moses, og at du seier at dei ikkje skal omskjera borna sine og ikkje leva etter dei gamle skikkane. 22Kva skal vi gjera? Alle kjem til å få høyra at du er komen. 23#18,18 Gjer no det vi seier deg. Her er fire menn som har bunde seg med ein lovnad. 24#1 Kor 9,20#21,24 kostnaden utgifter til offer som nasirearen bar fram den dagen vigslingstida var ute. >18,18. Jf. 4 Mos 6,14f. Ta dei med deg og lat deg reinsa saman med dei. Og ber så kostnaden med dette, slik at dei kan raka hovudet. Då skjønar alle at det ikkje er noko i det dei har høyrt om deg, men at du òg lever slik at du held lova. 25#15,20.29 Når det gjeld dei heidningkristne, har vi skrive til dei og sagt at dei skal halda seg frå kjøt som er ofra til avgudar, frå blod, frå kjøt av kvelte dyr og frå hor.»
26 # 4 Mos 6,13ff Dagen etter tok Paulus mennene med seg og lét seg reinsa saman med dei. Sidan gjekk han opp i tempelet og sa ifrå når reinsingsdagane var omme og offeret skulle berast fram for kvar av dei.
Paulus blir teken til fange i tempelet
27Då det leid mot slutten av dei sju dagane, fekk jødane frå Asia sjå han på tempelplassen. Dei øste opp heile folkehopen, la hand på han 28#Esek 44,7; Apg 6,13; 21,21 og skreik: «Israelittar, kom og hjelp! Her er den mannen som overalt lærer alle slikt som er imot folket og lova og denne staden. No har han til og med teke grekarar med seg inn i tempelet og vanhelga denne heilage staden.» 29#21,29 Trofimos >20,4. For dei hadde alt sett Trofimos frå Efesos saman med han i byen, og så trudde dei at Paulus hadde teke han med seg til tempelet. 30Uroa breidde seg over heile byen, og folk stima saman. Dei tok Paulus og drog han bort frå tempelplassen, og med det same vart portane stengde.
31 # 21,31 kommandanten for vaktstyrken Claudius Lysias, ein høgare offiser i romarhæren med kommando over ei avdeling på ca. tusen soldatar. Jf. 23,26. Vaktstyrken hans hadde forlegningen sin i Antonia-borga ved det nordvestlege hjørnet av tempelområdet. Dei heldt på og ville slå han i hel då kommandanten for vaktstyrken fekk melding om at heile Jerusalem var i opprør. 32Han tok straks med seg soldatar og offiserar og sprang ned til dei. Då dei såg kommandanten og soldatane, heldt dei opp med å slå Paulus. 33Kommandanten gjekk borttil, lét mennene sine gripa Paulus og baud at han skulle bindast med to lenkjer. Så spurde han Paulus kven han var og kva han hadde gjort. 34#21,34 borga Antonia-borga. Men i folkehopen ropa somme eitt og somme noko anna, og då det var slikt ståk at han ikkje kunne få skikkeleg greie på noko som helst, baud han at Paulus skulle førast inn i borga. 35Då dei kom til trappa, trengde hopen så hardt på at soldatane måtte bera han, 36#Luk 23,18; Apg 22,22 for heile folkemengda følgde etter og skreik: «Bort med han!»
37Då dei skulle til å gå inn i borga, sa Paulus til kommandanten: «Får eg lov til å seia deg noko?» Han svara: «Kan du gresk? 38#21,38 egyptaren egyptisk opprørsleiar som vart knust av landshovdingen Feliks. >23,24. knivmennene ei radikal gruppe selotar som snikmyrda motstandarane. =retningar innanfor jødedomen. Så er du då ikkje den egyptaren som for ei tid sidan gjorde opprør og førte dei fire tusen knivmennene ut i øydemarka?» 39#9,11; 22,3 «Eg er jøde», sa Paulus, «og borgar av Tarsos, ein ikkje ukjend by i Kilikia. Eg bed deg: Lat meg få tala til folket!» 40Det fekk han lov til, og Paulus steig fram på trappa og gav teikn til folket med handa. Då det vart heilt stilt, tala han til dei på hebraisk:

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring