Apostelgjerningane 12

12
Ny forfølging
1 # 12,1 kong Herodes Herodes Agrippa, som sette i gang dei første politiske forfølgingane av dei kristne. =Herodes-slekta. På den tid la kong Herodes hand på nokre i forsamlinga og mishandla dei. 2#Mark 10,35.39#12,2 Jakob, bror til Johannes læresveinen Jakob, jf. Matt 10,2. Han lét Jakob, bror til Johannes, bli avretta med sverd. 3#12,3 høgtida med usyra brød opphavleg ein jordbruksfest som varte ei veke og tok til med påska. =festar og høgtider. Og då han såg at jødane lika dette, heldt han fram og lét gripa Peter òg. Det var i høgtida med usyra brød. 4Han kasta Peter i fengsel, og fire vaktskift, kvart på fire mann, skulle halda vakt over han. Så ville han føra han fram for folket etter påske. 5Peter vart no halden i fengselet. Men forsamlinga bad inderleg til Gud for han.
6 # 5,18ff; 16,25ff Natta før Herodes hadde tenkt å føra han fram, låg Peter og sov mellom to soldatar. Han var bunden med to lenkjer, og utanfor døra stod det menn som heldt vakt over fengselet. 7Då med eitt stod ein engel frå Herren der, og det skein eit lys i rommet. Engelen dytta Peter i sida, vekte han og sa: «Skund deg og stå opp!» Med det same datt lenkjene av hendene hans, 8og engelen sa til han: «Bind beltet om deg og ta på deg sandalane!» Han så gjorde. Då sa engelen: «Kast kappa om deg og følg meg!» 9Peter følgde han ut. Men han skjøna ikkje at det engelen gjorde, var verkeleg; han trudde det var eit syn. 10Dei gjekk framom den første og den andre vakta og kom så til den jernporten som fører ut til byen. Porten opna seg av seg sjølv. Dei gjekk ut og heldt fram nedover den første gata. Der vart engelen brått borte for han. 11Då Peter fekk sansa seg, sa han: «No veit eg for visst at Herren har sendt engelen sin og fria meg ut av hendene på Herodes og frå alt det som jødefolket går og ventar på.» 12#12,12 Johannes … Markus blir òg omtala i v. 25; 13,5.13; 15,37.39, kan vera same personen som i Kol 4,10; 2 Tim 4,11; Filem 24; 1 Pet 5,13. Så snart Peter vart klar over det, gjekk han til huset åt Maria, mor til Johannes med tilnamnet Markus. Der var mange samla og heldt bøn. 13Han banka på porten, og ei tenestejente som heitte Rode, kom for å lata opp. 14Ho kjende Peter att på røysta og vart så glad at ho gløymde å opna porten, men sprang inn og fortalde at Peter stod utanfor. 15«Du er frå vitet!» sa dei. Men ho heldt på sitt. Då sa dei: «Det er engelen hans.» 16Imedan heldt Peter på og banka. Så lét dei opp, og då dei fekk sjå han, vart dei frå seg av undring. 17#12,17 Jakob ein av brørne til Jesus, frå midten av 40-talet e.Kr. leiar i den første forsamlinga i Jerusalem. Han gjorde teikn med handa at dei skulle vera stille, og fortalde korleis Herren hadde ført han ut or fengselet. Så sa han: «Lat Jakob og brørne få vita dette.» Dermed gjekk han ut og drog til ein annan stad.
18Då det tok til å dagast, vart det ikkje lite oppstyr mellom soldatane: Kva hadde hendt med Peter? 19Herodes leita etter han, men fann han ikkje. Så tok han vaktmennene i forhøyr og baud at dei skulle førast bort og avrettast. Deretter fór han frå Judea ned til Cæsarea og vart verande der.
Herodes døyr
20 # 1 Kong 5,9.11; Esek 27,17 Det hadde lenge vore fiendskap mellom Herodes og innbyggjarane i Tyros og Sidon. No vart folket der samde om å venda seg til han. Då dei hadde fått Blastos, kammerherren hos kongen, på si side, bad dei om fred, for landet deira var avhengig av forsyningar frå landområdet til kongen. 21På den fastsette dagen kledde Herodes seg i kongeleg skrud, sette seg på kongetribunen og tala til folket. 22#Esek 28,2 Og folket hylla han og ropa: «Her er det ein gud som talar, ikkje eit menneske!» 23#Dan 5,20 Med det same vart han slegen av ein engel frå Herren, fordi han ikkje gav Gud æra. Han vart oppeten av makk og døydde.
24 # 6,7+ Men Guds ord breidde seg ut og hadde framgang. 25#11,29f Då Barnabas og Saulus hadde fullført tenesta i Jerusalem, drog dei tilbake. Og dei tok med seg Johannes som hadde tilnamnet Markus.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring