Apostelgjerningane 11

11
Peter i Jerusalem
1Apostlane og dei brørne som heldt til rundt omkring i Judea, fekk høyra at heidningane òg hadde teke imot Guds ord. 2Og då Peter kom opp til Jerusalem, gjekk dei omskorne i rette med han 3#10,27f og sa: «Du har gått inn til uomskorne og ete saman med dei.» 4Då tok Peter til orde og greidde ut for dei alt frå først til sist:
5 # 10,9ff «Eg var i Jaffa, og medan eg bad, kom eg i ekstase, og eg hadde eit syn. Eg såg noko koma dalande ned; det såg ut som ein stor duk som vart firt ned frå himmelen etter dei fire hjørna, og det kom heilt ned til meg. 6Eg såg nøye på det og granska det, og då fekk eg sjå dei firføtte dyra på jorda, dei ville dyra, krypdyra og fuglane under himmelen. 7Og eg høyrde ei røyst som sa til meg: ‘Stå opp, Peter! Slakt og et!’ 8‘Det kan eg ikkje, Herre!’ svara eg. ‘Aldri har det kome noko vanheilagt eller ureint i min munn.’ 9Då lydde røysta frå himmelen andre gongen: ‘Det som Gud har sagt er reint, skal ikkje du rekna som ureint.’ 10Dette hende tre gonger, og så vart alt teke opp att til himmelen. 11#11,11 huset vi var i Nokre handskrifter har «huset eg var i». I det same stod det tre menn utanfor det huset vi var i. Dei var sende til meg frå Cæsarea. 12Og Anden sa til meg at eg skulle gå med dei utan å nøla. Desse seks brørne vart òg med, og vi gjekk inn i huset til mannen. 13Han fortalde oss korleis han hadde sett ein engel som stod i huset hans og sa: ‘Send bod til Jaffa etter Simon med tilnamnet Peter! 14Han skal tala ord som skal bli til frelse for deg og heile ditt hus.’ 15#10,44 Eg hadde ikkje før teke til å tala, så fall Den heilage ande på dei liksom på oss i den første tida. 16#1,5 Då kom eg i hug Herrens ord, at han sa: ‘Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den heilage ande.’ 17#10,47 Når Gud har gjeve dei den same gåva som vi fekk då vi kom til tru på Herren Jesus Kristus, kven er då eg, at eg skulle hindra Gud?»
18 # 13,48; 14,27 Då dei høyrde det, tagna dei. Og dei lova Gud og sa: «Så har då Gud late heidningane òg få venda om til livet!»
Dei første kristne i Antiokia
19 # 8,1.4 Dei som no hadde vorte spreidde omkring på grunn av den forfølginga som tok til med Stefanus, kom heilt til Fønikia, Kypros og Antiokia. Men dei tala ikkje Ordet til andre enn jødar. 20Mellom dei var det nokre menn frå Kypros og Kyréne. Då dei kom til Antiokia, forkynte dei evangeliet om Herren Jesus for dei gresktalande òg. 21Og Herrens hand var med dei. Svært mange kom til tru og vende om til Herren. 22#8,14 Ordet om det som hadde hendt, kom forsamlinga i Jerusalem for øyret, og dei sende Barnabas til Antiokia. 23#13,43 Då han kom dit og såg kor nådig Gud hadde vore, vart han glad, og han formana dei alle til å halda heilhjarta fast ved Herren. 24For han var ein god mann, fylt av Heilag Ande og tru. Og mange vart vunne for Herren. 25#9,30 Sidan drog han til Tarsos for å leita opp Saulus, 26som han fann og tok med seg til Antiokia. Der var dei no eit heilt år saman i forsamlinga og underviste mange. Og der i Antiokia var det at læresveinane først gjekk under namnet «kristne».
27På den tid kom det nokre profetar frå Jerusalem til Antiokia. 28#21,10#11,28 Claudius romersk keisar 41–54 e.Kr. Ein av dei heitte Agabos, og han stod fram og varsla gjennom Anden at det skulle koma uår og svolt over heile verda. Det var det som hende då Claudius var keisar. 29Då vart læresveinane samde om at kvar av dei etter evne skulle vera med og senda hjelp til dei syskena som budde i Judea. 30#12,25#11,30 dei eldste leiarar i dei kristne forsamlingane. =tenester. Det gjorde dei, og dei sende gåva med Barnabas og Saulus til dei eldste.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring