Apostelgjerningane 10
N11NN

Apostelgjerningane 10

10
Peter og Kornelius
1 # 10,1 den … kalla Den italiske ei hæravdeling på ca. 600 mann som var rekrutterte frå Italia. I Cæsarea budde det ein mann som heitte Kornelius, ein offiser i den hæravdelinga som vart kalla Den italiske. 2#10,2 gudfryktige =ikkje-jødar som sympatiserte med jødisk tru. Jf. 13,16.26.50; 16,14. gåver til dei fattige >3,2. Han var ein from mann, og både han og huslyden hans var gudfryktige. Han gav ofte gåver til dei fattige i folket, og han bad alltid til Gud.
3 # 10,3 den niande timen ca. kl. 15. =tidsrekning. Ein dag ved den niande timen hadde han eit syn. Han såg tydeleg at ein engel frå Gud kom inn til han og sa: «Kornelius!» 4Kornelius stirte på han og spurde skjelvande redd: «Kva er det, herre?» Engelen svara: «Bønene dine og gåvene dine til dei fattige har stige opp til Gud og mint han om deg. 5Send no folk til Jaffa og hent ein mann som heiter Simon med tilnamnet Peter. 6#9,43 Han bur hos garvaren Simon, som har eit hus nedmed sjøen.» 7Då engelen som tala til han, var faren bort, kalla Kornelius til seg to av tenarane sine og ein gudfryktig soldat, ein av oppassarane. 8Han fortalde dei kva som hadde hendt, og sende dei så av stad til Jaffa.
9 # 10,9 den sjette timen ca. kl. 12. Dagen etter, medan dei var på vegen og nærma seg byen, gjekk Peter opp på taket for å be. Det var omkring den sjette timen. 10Då vart han svolten og ville få seg mat. Medan dei laga til maten, kom han i ekstase, 11#Matt 3,16; Joh 1,51; Apg 7,56 og han såg himmelen open og noko koma dalande ned. Det såg ut som ein stor duk som vart firt ned på jorda etter dei fire hjørna. 12I duken var det alle slags dyr som lever på jorda, firføtte dyr og krypdyr, og alle slags fuglar under himmelen. 13Og det kom ei røyst som sa: «Stå opp, Peter! Slakt og et!» 14#3 Mos 11; Esek 4,14 «Det kan eg ikkje, Herre!» svara Peter. «Aldri har eg ete noko vanheilagt eller ureint.» 15Då tala røysta til han andre gongen: «Det som Gud har sagt er reint, skal ikkje du rekna som ureint.» 16Dette hende tre gonger, og så vart duken teken opp att til himmelen.
17Som no Peter var i villreie om kva det kunne tyda, det synet han hadde hatt, kom mennene frå Kornelius. Dei hadde spurt seg fram til huset hans Simon, og no stod dei utfor porten. 18Dei ropa inn og spurde om Simon med tilnamnet Peter budde der. 19#11,12; 13,2 Og medan Peter endå grunda på synet, sa Anden til han: «Her er tre menn som spør etter deg. 20Skund deg og gå ned! Du skal følgja dei utan å nøla, for det er eg som har sendt dei.» 21Då gjekk Peter ned til mennene og sa: «Det er meg de spør etter. Kvifor er de komne hit?» 22Dei svara: «Offiseren Kornelius, ein rettferdig og gudfryktig mann som heile jødefolket har berre godt å seia om, har fått ein bodskap frå ein heilag engel som sa at han skulle henta deg heim til seg og høyra kva du har å seia.» 23Så bad Peter dei inn og lét dei bu der om natta.
Dagen etter tok han av stad saman med dei, og nokre av brørne frå Jaffa var med han. 24Neste dag nådde dei Cæsarea. Kornelius venta dei og hadde bede saman slektningane og dei næraste venene sine. 25Som no Peter skulle gå inn, kom Kornelius imot han, kasta seg ned for føtene hans og tilbad han. 26#14,15; Op 19,10 Men Peter reiste han opp og sa: «Stå opp! Eg er eit menneske, eg òg.» 27Medan dei snakka saman, gjekk dei inn. Der fann han mange som hadde samla seg, 28#Joh 4,9; 18,28; Apg 10,15; 11,3.9 og han sa til dei: «De veit at det ikkje er tillate for ein jøde å omgåast eller vitja nokon frå eit anna folk. Men meg har Gud vist at eg ikkje skal kalla noko menneske vanheilagt eller ureint. 29Difor kom eg utan motmæle då eg vart bodsend. Men no spør eg: Kvifor har de sendt bod etter meg?» 30#10,30 den niande timen >v. 3. Då sa Kornelius: «For tre dagar sidan heldt eg bøn heime i huset mitt. Det var på same tid som no, i den niande timen. Med eitt stod det ein mann i lysande klede framfor meg. 31‘Kornelius’, sa han, ‘Gud har høyrt bøna di og har kome i hug at du gjev til dei fattige. 32Send bod til Jaffa og be Simon med tilnamnet Peter koma hit! Han held til hos garvaren Simon, som bur nedmed sjøen.’ 33Då sende eg straks bod etter deg, og du gjorde vel som kom. No står vi alle her for Guds andlet og vil høyra alt som Herren har pålagt deg å seia.»
34 # 5 Mos 10,17; Rom 2,11+ Då tok Peter til orde og sa: «No skjønar eg i sanning at Gud ikkje gjer forskjell på folk, 35men tek imot alle som ottast han og gjer det som rett er, same kva folkeslag dei høyrer til. 36#Rom 5,1; Ef 2,14ff Dette var det ordet han sende til Israels folk, den gode bodskapen om fred ved Jesus Kristus, han som er Herre over alle. 37#Matt 4,12ff; Luk 23,5 De veit om det som tok til i Galilea etter at Johannes hadde forkynt dåp, og som spreidde seg over heile Judea: 38#Matt 3,16; 4,23; 12,28; Luk 4,18; Joh 3,2 at Jesus frå Nasaret vart salva av Gud med Den heilage ande og kraft, og at han gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var under djevelens makt, for Gud var med han. 39#5 Mos 21,22f; Apg 1,8+#10,39 eit tre krossen, Jf. Apg 5,30; 1 Pet 2,24. Og vi er vitne om alt det han gjorde rundt om i landet til jødane og i Jerusalem. Han som dei hengde på eit tre og tok livet av, 40#Hos 6,2; Matt 16,21+; Apg 2,24+; 1 Kor 15,4ff han reiste Gud opp att tredje dagen og lét han syna seg, 41#Luk 24,30.41ff; Joh 14,22; 21,12f; Apg 1,4 ikkje for heile folket, men for dei vitne som Gud på førehand hadde valt ut, for oss som åt og drakk i lag med han etter at han hadde stått opp frå dei døde. 42#Joh 5,22; Apg 17,31; Rom 14,9f; 2 Tim 4,1; 1 Pet 4,5 Og han baud oss forkynna dette for folket og vitna at han er den som Gud har sett til dommar over levande og døde. 43#Jes 53,5f; Jer 31,34 Alle profetane vitnar om han og seier at kvar den som trur på han, skal få tilgjeving for syndene ved hans namn.»
44Medan Peter endå tala, fall Den heilage ande på alle dei som høyrde Ordet. 45Dei truande av jødisk ætt som var komne dit saman med Peter, undra seg storleg over at Den heilage andens gåve var aust ut over heidningane òg. 46#2,4 For dei høyrde at dei tala i tunger og lova Gud. Då sa Peter: 47#8,36 «Desse har fått Den heilage ande slik som vi. Kan då nokon nekta dei vatnet og hindra at dei blir døypte?» 48Og han baud at dei skulle døypast i Jesu Kristi namn. Så bad dei han vera der nokre dagar.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk