Salmane 90

90
Fjerde boka
Salme 90–106
1 # 5 Mos 33,27; Sal 91,9 # 90,1 Fjerde boka Den bibelske salmeboka er i =masoretteksten inndelt i fem hovuddelar. Kvar del sluttar med ei velsigning, jf. 41,14; 72,18f; 89,53; 106,48; 146–150. Ei bøn av gudsmannen Moses.
Herre, du har vore ein bustad for oss
i slekt etter slekt.
2 # Ordt 8,25; Jes 43,13 Før fjella vart fødde,
før jorda og verda vart til,
frå æve til æve er du, Gud.
3 # 1 Mos 3,19; Fork 3,20; 12,7 Du lèt mennesket bli til støv att
og seier: «Menneskeborn, vend attende!»
4 # 2 Pet 3,8 For tusen år er i dine auge
som dagen i går då han fór framom,
eller som ei nattevakt.
5 # 39,6+.12 Du skyl dei vekk som ein søvn om morgonen.
Dei er lik graset som svinn bort.
6Det blømer om morgonen, så svinn det bort.
Om kvelden visnar det og tørkar inn.
7 # 76,8 Vi går til grunne ved din vreide,
redsle grip oss ved din harme.
8 # Jer 16,17 Du set syndene våre framfor deg,
det vi løyner, stiller du i lyset frå ditt andlet.
9Alle våre dagar fer forbi,
ved din harme går vi til grunne,
åra våre er som ein sukk.
10 # Job 9,25f Vår levetid er sytti år,
åtti når det er styrke til det.
Dei beste åra er fulle av strev og urett.
Dei går fort, og vi flyg av stad.
11Kven kjenner styrken i din vreide?
Din harme gjev grunn til å frykta deg.
12 # 39,5 Lær oss å telja våre dagar
så vi kan få visdom i hjartet!
13 # 6,4+ Kom tilbake, Herre! Kor lenge?
Ha medynk med dine tenarar!
14 # 143,8 Mett oss med di miskunn om morgonen
så vi kan jubla og gleda oss alle våre dagar.
15Gled oss like lenge som du har kua oss,
like mange år som vi har lide vondt.
16Lat di gjerning bli synleg for dine tenarar,
din herlegdom for deira born!
17Måtte Herren vår Gud vera venleg mot oss!
Lat våre henders verk lukkast for oss,
ja, våre henders verk, lat det lukkast!

Markert nå:

Salmane 90: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring