9
1 # 9,1 Salme 9 og 10 var opph. éin salme. Mut labbén musikknemning med ukjend tyding. Til korleiaren. Etter «Mut labbén». Ein salme av David.
2 # 26,7; 75,2 Eg vil takka deg, Herre, av heile mitt hjarte.
Eg vil fortelja om alle dine under.
3Eg vil gleda og fryda meg i deg.
Eg vil lovsyngja ditt namn, du Høgste.
4Når mine fiendar dreg seg attende,
snublar dei og går til grunne framfor deg.
5 # 7,12 For du har gjeve meg rett i mi sak,
du har sett deg på trona, du rettferdige dommar.
6 # Job 18,17; Ordt 10,7 Du truga folka og utsletta dei lovlause,
du strauk namnet deira ut for evig.
7Fienden er borte, lagd i ruinar for alltid,
byar har du rive opp med rot;
minnet om dei er ikkje meir.
8 # 11,4; 29,10; 102,13; 103,19 Men Herren tronar til evig tid,
til dom har han reist si trone.
9 # 67,5; 75,3; 96,13; 98,9 Han dømmer verda med rettferd,
feller rettferdig dom over folka.
10 # 18,3; 31,3; 37,39; 46,8.12; 59,10; 61,4 Herren er eit vern for dei undertrykte,
eit vern når dei er i naud.
11 # 91,14 Dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg.
Herre, du forlèt ikkje dei som søkjer deg.
12 # 74,2; 96,3 Syng for Herren, han som bur på Sion,
fortel om hans gjerningar mellom folka!
13 # 5 Mos 32,43 Han som straffar drap, gløymer ikkje;
han hugsar dei hjelpelauses skrik.
14 # 30,4; 49,16 # 9,14 dødens portar dødsriket. Jf. Job 38,17; Jes 38,10. Ver meg nådig, Herre!
Sjå kor uvenene mine plagar meg.
Du fører meg opp frå dødens portar
15 # 9,15 Sions portar byportane. så eg kan lovprisa deg i Sions portar.
Eg vil jubla over di frelse!
16 # 7,16+ Folka fell i den grava dei grov,
føtene blir fanga i garnet dei sjølve spente ut.
17 # 9,17 Higgajon tyder kanskje mellomspel. Herren gjev seg til kjenne, han kjem med rettferd.
I sine eigne gjerningar blir den lovlause fanga. Higgajon. Sela
18Dei lovlause skal fara til dødsriket,
alle folkeslag som gløymer Gud.
19 # 10,17 Den fattige blir ikkje gløymd for alltid,
dei hjelpelause er ikkje for alle tider utan von.
20 # 3,8+ Reis deg, Herre!
Lat ikkje menneske få makta,
lat folka få sin dom for ditt andlet.
21Fyll dei med redsle, Herre!
Lat folka skjøna at dei berre er menneske. Sela