Salmane 88

88
1 # 88,1 Mahalat leannot kanskje namn på ein melodi. Heman son til Serah, ein vismann. Jf. 1 Kong 4,31; 1 Krøn 2,6. Ein song. Ein salme av Korah-songarane. Til korleiaren. Etter «Mahalat leannot». Ein læresalme av esrahitten Heman.
2 # 22,3+ Herre, du Gud som frelser meg,
eg ropar til deg dag og natt.
3Lat mi bøn nå fram til deg,
vend øyret til mitt rop!
4Mitt liv er fylt av ulukker,
eg står ved dødsrikets rand.
5Eg blir rekna til dei som har gått i grav,
eg er som ein mann utan kraft.
6Eg er forlaten mellom dei døde,
lik falne som ligg i grav.
Du kjem dei ikkje lenger i hug,
dei er støytte bort frå di hand.
7 # 18,5f+ Du har lagt meg i hòla der nede,
i det mørke djupet.
8 # 42,8+ Din harme kviler tungt på meg,
du lèt dine brotsjøar slå over meg. Sela
9 # 38,12+ Du har drive venene mine bort
og fylt dei med avsky for meg.
Eg er stengd inne, eg kjem ikkje ut,
10 # 6,8+ auget veiknar i mi naud.
Herre, eg ropar til deg kvar dag,
eg retter hendene ut mot deg.
11 # 6,6+ Gjer du under for dei døde,
står daudingar opp og prisar deg? Sela
12Fortel dei om di miskunn i grava,
om din truskap i avgrunnen?
13Blir dine under kjende i mørkret,
di rettferd i det gløymde landet?
14 # 5,4 Eg ropar til deg, Herre,
kvar morgon kjem mi bøn fram for deg.
15 # 13,2+ Kvifor støyter du meg bort, Herre,
kvifor løyner du andletet for meg?
16Frå ungdomen av har eg vore hjelpelaus, ja, døden nær.
Du fyller meg med redsle, eg er rådvill.
17Din harme slår over meg,
dine redsler gjer ende på meg.
18Dei er omkring meg som vatn heile dagen,
alle saman omringar meg.
19Du har drive vener og frendar bort frå meg,
mine kjenningar er borte i mørkret.

Markert nå:

Salmane 88: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring