Salmane 68

68
1Til korleiaren. Av David. Ein salme. Ein song.
2 # 4 Mos 10,35; Sal 92,10 Gud skal reisa seg, hans fiendar bli spreidde,
dei som hatar han, skal rømma for han.
3 # 37,20+ Slik røyk driv bort, skal du driva dei bort.
Slik voks må smelta for elden,
går dei urettferdige til grunne for Gud.
4Men dei rettferdige skal gleda seg,
fryda seg for Guds andlet og jubla av glede.
5 # Jes 40,3f Syng for Gud! Lovsyng hans namn!
Rydd veg for han som rid gjennom øydemark!
Herren er hans namn. Jubla for han!
6 # 10,14+ Gud i sin heilage bustad
er far for farlause, forsvarar for enkjer.
7 # 113,9; Jes 42,7; 61,1 Gud lèt einsame finna ein heim,
han fører fangar ut til lukke og trivsel,
men opprørarar må bu i eit audt og avsvidd land.
8 # 2 Mos 13,21f Gud, då du drog ut framfor folket ditt,
då du skreid fram gjennom ørkenen, Sela
9 # 2 Mos 19,20; 5 Mos 33,2 då skalv jorda, og det draup frå himmelen
for Gud, Sinais Gud, Israels Gud.
10Du lét regnet strøyma, Gud,
ditt utarma land gav du styrke.
11Der fekk flokken din slå seg ned.
Gud, du sørgde for dei hjelpelause, for du er god.
12 # 2 Mos 15,20f; Dom 5,12; 1 Sam 18,6f Herren sender ut eit ord,
stor er skaren av kvinner som kjem med gledebod:
13 # Dom 5,30 «Kongar over hærar flyktar, dei flyktar!
Kvinnene heime deler bytte.
14Sjølv til dykk som låg mellom sauene,
er det duevenger dekte med sølv,
vengefjører av grønt gull.
15 # 68,15 Salmon-fjellet «Svartfjellet», ikkje det som er nemnt i Dom 9,48, nær Sikem, men truleg i Basan, nordaust for Gennesaretsjøen. Jf. v. 16. Då Den veldige spreidde kongane,
snødde det på Salmon-fjellet.»
16Basan-fjellet er eit gudefjell,
Basan-fjellet med høge tindar.
17 # 48,3+; 132,13 Høge tindar, kvifor ser de skeivt
til fjellet som Gud ville ha til bustad,
der Herren vil bu for alltid?
18 # 2 Kong 6,17 Guds vogner er ti tusen gonger tusen,
Herren er mellom dei, heilag som på Sinai.
19 # 47,6; Ef 4,8 Du steig opp i det høge, førte bort fangar,
tok gåver blant menneska, jamvel opprørarar,
så du kunne bu der, Herre og Gud.
20 # Jes 46,4 Velsigna er Herren dag etter dag!
Gud er vår redning, han ber oss. Sela
21 # 48,15+ Vår Gud er ein Gud som frelser,
hos Gud Herren er det utveg frå døden.
22 # 2,9; 110,5f Men Gud knuser hovudet på sine fiendar,
den hårete skallen på dei som stadig lever i skuld.
23 # Am 9,2ff Herren seier: «Eg fører deg tilbake frå Basan,
eg fører deg tilbake frå havsens djup,
24så foten din kan vassa i blod
og tunga til hundane dine
få sin del av fienden.»
25Folk har sett ditt festtog, Gud,
festtoget til min Gud og konge i hans heilagdom.
26Songarar går føre,
bak går dei som spelar harpe,
i midten unge jenter som slår på tromme.
27 # Jes 48,1; 51,1 Lovpris Gud, kor mot kor,
lov Herren, de som er av Israels kjelde!
28Der er Benjamin, den yngste,
som herskar over dei,
Judas hovdingar i flokk
og hovdingane i Sebulon og Naftali.
29Gud, vis din styrke,
vis deg sterk, Gud, slik vi før har sett.
30 # 72,10; 96,8; 102,16; 138,4 Fordi ditt tempel ragar over Jerusalem,
kjem kongar til deg med gåver.
31 # 68,31 villdyret i sivet kanskje Egypt. Du skal truga villdyret i sivet,
flokken av oksar og kalvane til folka!
Trakk ned dei som traktar etter sølv,
sprei folk som vil strid!
32 # Jes 18,7; 19,21; 45,14 # 68,32 Kusj eit rike som låg sør for Egypt. Dei skal koma med bronse frå Egypt,
i hast strekkjer Kusj hendene mot Gud.
33Syng for Gud, de kongerike på jorda,
syng og spel for Herren, Sela
34 # 5 Mos 33,26; Sal 18,11; 29,3ff for han som rid på himmelen,
den eldgamle himmelen.
Høyr, han lyfter si røyst, ei mektig røyst!
35Gjev Gud makt!
Han har herrevelde over Israel,
hans makt når til skyene.
36 # 29,11; Jes 40,29f Frå sin heilagdom vekkjer Gud frykt.
Israels Gud gjev kraft og styrke til folket.
Velsigna er Gud!

Markert nå:

Salmane 68: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring