Salmane 57

57
1 # 1 Sam 22,1; 24,4; Sal 142,1 # 57,1 Øydelegg ikkje kanskje namn på ein melodi. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David, då han rømde for Saul og gøymde seg i hòla.
2 # 17,8+ Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig!
For eg søkjer tilflukt hos deg.
I skuggen av dine venger
søkjer eg ly til faren er over.
3Eg ropar til Gud, Den høgste,
til Gud som gjer vel mot meg.
4 # 40,12 Han skal senda meg hjelp frå himmelen,
håna dei som jagar meg Sela
og gje meg si miskunn og sin truskap.
5 # 7,3+; Ordt 30,14 Sjølv ligg eg midt mellom løver
som vil sluka menneske.
Tennene deira er spyd og piler,
tunga er eit kvast sverd.
6Vis deg høg over himmelen, Gud,
vis din herlegdom over all jorda!
7 # 7,16+ Dei la ut eit nett for mine føter,
dei pressa meg ned.
Dei grov ei fallgrav for meg,
men sjølve fall dei ned i grava. Sela
8 # 108,2ff Mitt hjarte er roleg, Gud,
roleg og trygt.
Eg vil syngja og spela.
9Vakna, mi ære,
vakna, harpe og lyre!
Eg vil vekkja morgonròden.
10 # 18,50 Eg vil takka deg mellom folka, Herre,
lovsyngja deg mellom folkeslag.
11 # 36,6+ For di miskunn når til himmelen,
din truskap til skyene.
12Vis deg høg over himmelen, Gud,
vis din herlegdom over all jorda!

Markert nå:

Salmane 57: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring