Salmane 22

22
1 # 22,1 Morgonròdens hind truleg namnet på ein melodi. Til korleiaren. Etter «Morgonròdens hind». Ein salme av David.
2 # Matt 27,46 Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?
Kvifor er du så langt borte
når eg treng hjelp og skrik ut mi naud?
3 # Job 30,20; Sal 88,2; Klag 3,8; Hab 1,2 Min Gud, eg ropar om dagen, men du svarar ikkje,
eg ropar om natta og finn ikkje ro.
4 # 22,4 du … som tronar Jf. 80,2; 99,1; Jes 6,1ff. Men du er Den heilage,
som tronar over Israels lovsong.
5Til deg sette fedrane si lit,
dei leit på deg, og du fria dei ut.
6 # 107,6 Dei ropa til deg og vart berga,
dei leit på deg og vart ikkje til skamme.
7 # Jes 49,7; 53,3 Men eg er ein makk og ikkje ein mann,
spotta av menneske, forakta av folk.
8 # Matt 27,39 Alle som ser meg, håner meg,
vrengjer leppene og rister på hovudet:
9 # 37,5+; Matt 27,43 «Han har gjeve seg over til Herren,
lat han fria han ut og berga han,
han har då glede i han!»
10 # 71,6 Du drog meg fram frå mors liv,
du gjorde meg trygg ved hennar bryst.
11Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg,
frå mors liv er du min Gud.
12 # 35,22; 38,22; 71,12 Ver ikkje langt borte frå meg,
for trengsla er nær,
og det finst ingen som hjelper.
13 # 22,13 Basan eit grøderikt område kjent for store byar, mektige tre og store, sterke husdyr. Jf. Am 4,1. Store oksar samlar seg om meg,
stutar frå Basan flokkar seg rundt meg.
14 # 17,12; 57,5 Dei spilar opp gapet mot meg
lik ei løve som brøler og riv sund.
15Eg renn bort som vatn,
alle mine bein har losna.
Hjartet er som voks, det smeltar inni meg.
16Munnen er tørr som eit potteskar,
tunga er klistra til ganen.
Du legg meg ned i dødens støv.
17 # 22,17 Dei gjennomborar Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Ei anna mogleg omsetjing er «Dei bind», =masoretteksten har «som ei løve». Hundar samlar seg om meg,
ein flokk av valdsmenn kringset meg.
Dei gjennomborar mine hender og føter.
18Kvart bein i kroppen kan eg telja.
Dei stirer, dei ser på meg.
19 # Matt 27,35 Dei deler kleda mine mellom seg
og kastar lodd om kappa.
20 # 38,23; 71,12 Men du, Herre, ver ikkje langt borte;
min styrke, skund deg og hjelp meg!
21 # 35,17 Berg mitt liv frå sverdet,
det einaste eg har, frå hundars vald!
22 # 22,22 Du har … horn kan òg omsetjast «og frå villoksars horn. Du har svara meg». Redd meg frå løvegap!
Du har berga meg frå villoksars horn.
23 # 26,12; 35,18; 40,10f; Hebr 2,12 Eg vil fortelja mine brør om ditt namn.
Midt i forsamlinga vil eg lovprisa deg.
24 # 15,4 De som fryktar Herren, lov han!
Heile Jakobs ætt, gjev han ære!
Ha age for han, heile Israels ætt!
25 # 9,13+ For han har ikkje forakta den som er hjelpelaus,
og ikkje vendt ryggen til den som lid.
Han løynde ikkje andletet,
men høyrde då han ropa om hjelp.
26 # 22,23+; 66,13f; 116,14 I den store forsamlinga kjem min lovsong frå deg.
Mine lovnader vil eg halda mellom dei som fryktar han.
27 # 69,33; Jes 65,13f Dei hjelpelause skal eta og bli mette,
dei som søkjer Herren, skal lova han.
Måtte hjartet deira alltid leva!
28 # 72,11; 86,9; 102,22f Heile jorda skal minnast dette
og venda om til Herren.
Alle folk og slekter skal tilbe han.
29 # 47,9; 96,10 For kongeveldet høyrer Herren til,
han herskar over folka.
30 # Fil 2,10 Alle mektige på jord skal tilbe han,
alle som stig ned i støvet,
skal bøya kne for hans andlet.
Men eg lever for han.
31 # 102,19 Mi ætt skal tena han.
Dei skal fortelja om Herren til komande slekter
32og kunngjera for eit folk som skal fødast,
at han har vist si rettferd.

Markert nå:

Salmane 22: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring