Salmane 18

18
1 # 2 Sam 22,1ff Til korleiaren. Av Herrens tenar David, som sa fram orda i denne songen for HerrenHerren hadde berga han frå alle fiendane hans og frå Saul. 2#46,2 Han sa:
Herre, du min styrke, eg har deg kjær.
3 # 3,4+; 19,15; 28,1; 31,4; 62,3.8; 73,26; 91,2; 94,22; 144,2 Herren er mitt berg og mi borg og min utfriar,
min Gud er fjellet der eg søkjer tilflukt.
Han er mitt skjold og mi frelse,
min styrke og mitt vern.
4Eg ropa til Herren, han som får lovsong,
og eg vart frelst frå mine fiendar.
5 # 55,5f; 116,3 Dødens band snørte seg om meg,
malstraumane skremde meg.
6Dødsrikets band vart spente om meg,
dødens snarer venta meg.
7 # Jona 2,8 I mi naud kalla eg på Herren,
eg ropa til min Gud.
Han høyrde meg frå sitt tempel,
mitt rop nådde hans øyre.
8 # Dom 5,4f; Sal 68,8f; 97,2ff Då skalv og skaka jorda,
grunnvollane under fjella riste,
dei skalv fordi han var harm.
9Røyk steig opp or hans nase,
øydande eld or hans munn,
gneistar loga opp frå han.
10Han bøygde himmelen og steig ned,
under føtene hans var mørke skyer.
11 # 80,2; 99,1; 104,3 Han reid på kjeruben, han flaug
og stupte ned på vindens venger.
12 # 97,2 Han gjorde mørkret til si gøymsle,
eit telt av svarte, regntunge skyer.
13Frå stråleglansen framfor han fór hagl,
or skyene kom gloande kol.
14 # 29,3 Herren torna i himmelen,
Den høgste lét røysta lyda.
Hagl og gloande kol!
15 # 18,15 sine piler biletleg nemning for lyn. Jf. 144,6. Han skaut sine piler og spreidde dei,
han skremde dei med lyn.
16Rennene på havbotnen kom til syne,
grunnvollane under jorda viste seg
då du truga, Herre,
då du fnyste av vreide.
17 # 144,7 Han rette ut handa frå det høge og greip meg,
drog meg opp or veldige vatn.
18Han berga meg frå min mektige fiende
då dei som hata meg, var for sterke.
19På ulukkedagen kom dei imot meg,
men Herren var mi støtte.
20 # 31,9; 118,5 Han førte meg ut i ope land
og fria meg ut, for han si har glede i meg.
21 Herren gav meg att for mi rettferd,
han lønte meg, for mine hender var reine.
22 # 37,34; Jes 2,3 Eg hadde halde meg til Herrens vegar
og ikkje gjort meg skuldig i urett mot min Gud.
23 # 119,102 Alle hans lover hadde eg for auga,
hans forskrifter støytte eg ikkje frå meg.
24 # 5 Mos 18,13 For han var eg heil i mi ferd,
eg akta meg vel for å synda.
25 # 1 Sam 26,23f Herren lønte meg for mi rettferd
då han såg at hendene mine var reine.
26Du er trufast mot den som er tru
og heilhjarta mot den som er heil.
27 # 2 Sam 22,27; Sal 146,9; Ordt 3,34 Du viser deg rein mot den som er rein,
men vrang mot den som fer med svik.
28 # Ordt 29,23; Jes 2,11; Luk 1,51f Du frelser eit folk i naud,
men audmjukar stolte auge.
29 # 112,4 Herre, du tenner mi lampe,
min Gud lyser opp mitt mørker.
30 # 44,6; 60,14 Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk,
med Guds hjelp kan eg springa over murar.
31 # 12,7+ Guds veg er fullkomen, Herrens ord er reint.
Han er eit skjold for alle som søkjer tilflukt hos han.
32 # 5 Mos 32,4; Sal 92,16; Jes 44,8 For kven er Gud om ikkje Herren,
kven er eit berg om ikkje vår Gud,
33den Gud som kler meg i styrke
og gjer mi ferd heil.
34 # Hab 3,19 Han gjev meg føter som ei hind
og lèt meg stå på høgdene.
35 # 144,1 # 18,35 bogen av bronse boge forsterka eller dekorert med bronse. Han lærer opp hendene mine til krig,
armane spenner bogen av bronse.
36 # 63,9+ Du gjev meg di frelse til skjold,
med di høgre hand stør du meg.
Du bøyer deg ned og gjer meg stor.
37 # 31,9 Du opnar veg for mine steg,
anklane mine vaklar ikkje.
38Eg jagar mine fiendar og tek dei att,
eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei.
39Eg knuser dei så dei ikkje kan reisa seg,
men ligg falne under mine føter.
40Du kler meg med styrke til krigen
og tvingar mine motstandarar i kne.
41Du slår mine fiendar på flukt,
eg utryddar dei som hatar meg.
42 # Ordt 1,28; Jes 59,2; Jer 11,11; Am 8,11f Dei ropar, men det er ingen frelsar,
dei ropar til Herren, men han svarar dei ikkje.
43Eg knuser dei til støv for vinden,
eg trakkar dei ned som søle i gata.
44Du bergar meg frå folk i strid.
Du set meg til hovding over folkeslag.
Folk eg ikkje kjende, må tena meg.
45Dei lyder berre dei høyrer om meg.
Framande kryp for meg.
46 # Mi 7,17 Dei framande visnar,
skjelvande kjem dei ut or sine borger.
47 Herren lever!
Velsigna er mitt berg!
Opphøgd er Gud, min frelsar,
48 # 47,4 Gud lèt meg få hemn,
han legg folkeslag under meg.
49Han friar meg frå mine fiendar.
Du lyfter meg over dei som står imot meg,
og bergar meg frå valdsmenn.
50 # 57,10; Rom 15,9 Difor vil eg prisa deg mellom folka, Herre,
og lovsyngja ditt namn.
51 # 2 Sam 7,12ff; Sal 20,7; 21,5; 28,8; 61,7f; 89,4f Han gjev sin konge store sigrar,
han viser miskunn mot den han har salva,
mot David og hans ætt til evig tid.

Markert nå:

Salmane 18: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring