Salmane 142

142
1 # 57,1+ Ein læresalme av David, då han var i hòla. Ei bøn.
2Eg ropar høgt til Herren.
Eg bed til Herren om nåde.
3Eg auser ut mi klage
og fortel han om mi naud.
4 # 140,6+ Når ånda mi veiknar, kjenner du min stig.
På vegen der eg går, set dei snarer.
5 # 38,12+ Vend blikket mot høgre og sjå:
Ingen kjennest ved meg,
eg har ikkje nokon stad å flykta,
ingen bryr seg om meg.
6 # 16,5+ # 142,6 i landet til dei levande >27,13. Herre, eg ropar til deg.
Eg seier: Du er mi tilflukt,
min del i landet til dei levande.
7Høyr når eg ropar,
for eg er fattig og hjelpelaus!
Fri meg frå dei som jagar meg,
dei er for sterke.
8Før meg ut av fengselet
så eg kan prisa ditt namn!
Dei rettferdige skal samla seg om meg,
for du gjer godt mot meg.

Markert nå:

Salmane 142: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring