Salmane 101

101
1 # 89,2 Av David. Ein salme.
Eg vil syngja om miskunn og rett,
Herre, for deg vil eg syngja og spela.
2 # 1 Kong 9,4; Sal 78,72 Eg vil læra meg den fullkomne vegen.
Når vil du koma til meg?
Med heilt hjarte vil eg vandra i mitt hus.
3Vondskap vil eg ikkje ha for auge, urett hatar eg,
slikt held eg meg borte frå.
4Svikefullt hjarte skal vika frå meg.
Eg vil ikkje vita av det vonde.
5 # 15,3+; Ordt 21,4 Den som baktalar sin neste, vil eg gjera ende på.
Stolte auge og eit hovmodig hjarte kan eg ikkje tola.
6Auga mine ser til dei trufaste i landet, dei får bu hos meg.
Den som går den fullkomne vegen, skal tena meg.
7 # 26,4f Den som fer med svik, får ikkje bu i mitt hus.
Den som talar løgn, kan ikkje bli ståande for mine auge.
8 # Jer 21,12 Kvar morgon gjer eg ende på dei urettferdige i landet.
Alle som gjer urett, ryddar eg ut av Herrens by.

Markert nå:

Salmane 101: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring