Markus 5

5
Mannen frå gravhòlene
(Matt 8,28–34; Luk 8,26–39)
1 # 5,1 Gerasenar-landet landområde søraust for Gennesaretsjøen. Ulike skrivemåtar i handskriftene gjer at området kan knytast til ulike byar: Gerasa, Gadara, Gergesa. Så kom dei over til andre sida av sjøen, til Gerasenar-landet. 2Då Jesus steig ut av båten, kom det straks ein mann imot han frå gravhòlene. Han hadde ei urein ånd i seg 3og heldt til der i gravene. Ingen greidde å binda han lenger, ikkje eingong med lenkjer. 4For han hadde ofte vore bunden, både med fotjern og lenkjer, men han hadde rive lenkjene av seg og sprengt fotjerna, og det var ingen som rådde med han. 5Natt og dag var han i gravhòlene og i fjella og skreik og skamslo seg sjølv med steinar.
6Då han no fekk sjå Jesus langt borte, kom han springande, kasta seg ned for han 7#1,24#5,7 Gud, Den høgste gudsnamn som er nytta fleire gonger i GT: 1 Mos 14,18–22; Sal 78,35.56 og i NT: Luk 8,28; Apg 16,17; Hebr 7,1. og ropa høgt: «Kva vil du meg, Jesus, du Son av Gud, Den høgste? Eg byd deg ved Gud: Pin meg ikkje!» 8For Jesus hadde sagt til han: «Far ut av mannen, du ureine ånd!» 9#5,9 Kva er namnet ditt Å kjenna namnet til nokon var for menneske på Jesu tid det same som å ha makt over vedkomande. Legion av lat. legio, den største hæravdelinga hos romarane, omfatta 4200–6000 mann. Her er ordet brukt om ei stor mengd. No spurde Jesus han: «Kva er namnet ditt?» «Legion er namnet mitt», svara han, «for vi er mange.» 10Og han naudbad Jesus at han ikkje måtte driva dei ut av området.
11Det gjekk ein stor griseflokk og beitte der attmed fjellet, 12og dei ureine åndene bad han: «Send oss bort til grisene, så vi kan fara inn i dei!» 13Det lét han dei gjera. Då fór dei ureine åndene ut av mannen og inn i grisene, og flokken, om lag to tusen dyr, sette utfor stupet og ned i sjøen, og der drukna dei.
14Dei som gjette grisene, sprang av stad og fortalde om det i byen og grendene omkring. Og folk drog ut og ville sjå kva som hadde hendt. 15Då dei kom fram til Jesus, fekk dei sjå han som hadde hatt alle dei vonde åndene i seg, sitja der påkledd og med sitt fulle vit. Då vart dei redde. 16Dei som hadde sett på, fortalde korleis det hadde bore til med han som hadde hatt dei vonde åndene, og med grisene. 17Då bad dei Jesus dra bort frå området deira.
18Jesus gjekk i båten, og han som hadde hatt dei vonde åndene, bad om å få vera med han. 19Men Jesus gav han ikkje lov til det. Han sa: «Gå heim til dine og fortel kor store ting Herren har gjort for deg, og kor god han har vore mot deg.» 20#5,20 Dekapolis gr. for «ti byar». Namn på eit forbund av byar med gresk kultur i området aust og søraust for Gennesaretsjøen. Så gjekk han av stad og tok til å fortelja rundt omkring i Dekapolis om alt det Jesus hadde gjort for han. Og alle undra seg.
Dotter til Jairus og kvinna som tok i Jesu kappe
(Matt 9,18–26; Luk 8,40–56)
21Då Jesus var komen over til andre sida att med båten, samla mykje folk seg om han. Medan han var nede ved sjøen, 22kom ein av synagogeforstandarane; han heitte Jairus. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned for føtene hans 23#6,5; 7,32; 8,23; Luk 4,40; 13,13; Apg 9,12; 28,8 og bad han inderleg: «Dotter mi held på å døy. Kom og legg hendene på henne så ho kan bli frisk og få leva.» 24Jesus gjekk med han, og ein stor folkehop følgde etter og trengde seg innpå han.
25 # 3 Mos 15,25 # 5,25 blødingar gjorde kvinna kultisk urein. Jf. 3 Mos 15,25–30. Det var ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. 26#5,26 Ho hadde … mange legar kan òg omsetjast «Ho hadde vore utsett for mykje frå mange legar». Ho hadde lide mykje hos mange legar, og ho hadde brukt alt ho eigde, utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne. 27#6,56 Ho hadde fått høyra om Jesus, og no kom ho bakanfrå i folkemengda og rørte ved kappa hans. 28For ho tenkte: «Om eg så berre får ta i kleda hans, blir eg frisk.» 29Då stansa blodet med ein gong, og ho kjende det på seg at ho var lækt og kvitt plaga. 30#Luk 6,19 Med det same kjende Jesus at det gjekk ei kraft ut frå han, og han snudde seg i mengda og spurde: «Kven var det som rørte ved kleda mine?» 31«Du ser korleis folket trengjer seg innpå deg», svara læresveinane, «og så spør du kven som rørte ved deg!» 32Men Jesus såg seg om etter den som hadde gjort det. 33Kvinna var så redd at ho skalv, for ho visste kva som hadde hendt med henne. No kom ho og kasta seg ned for han og fortalde han alt som det var. 34#Matt 9,22; Mark 10,52; Luk 7,50; 8,48; 17,19; Apg 3,16; 16,31#5,34 Gå i fred vanleg avskilshelsing i GT. Jf. 2 Mos 4,18; Dom 18,6; 1 Sam 1,17. Fredsønsket er ikkje berre ein formalitet, men eit verkekraftig velsigningsord. Då sa han til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå i fred. Ver frisk og kvitt plaga di.»
35Før han hadde tala ut, kom det folk frå huset til synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er død. Kvifor bryr du meisteren lenger?» 36Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!» 37#1,29; 3,16f; 9,2; 13,3; 14,33 Han lét ingen andre følgja med seg enn Peter, Jakob og Johannes, bror til Jakob. 38#5,38 gret og bar seg Jødane gav høglydt uttrykk for sorga si. =sørgjeskikkar. Då dei kom heim til synagogeforstandaren og han såg alt oppstyret og folket som gret og bar seg, 39gjekk han inn og sa til dei: «Kva er det de ståkar og græt for? Barnet er ikkje død; ho søv.» 40Dei berre lo av han. Men han dreiv dei ut, alle saman, og tok med seg far og mor til barnet og dei som var med han, og gjekk inn der barnet låg. 41#Luk 7,14#5,41 Talita kumi Orda er aram., morsmålet til Jesus. Så tok han henne i handa og sa: «Talita kumi!» Det tyder: «Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!» 42Og straks stod jenta opp og gjekk omkring; ho var tolv år. Då vart dei reint ifrå seg av undring. 43#1,44+ Men Jesus forbaud dei strengt å la nokon få vita det, og sa at dei skulle gje henne noko å eta.

Markert nå:

Markus 5: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring