Markus 16

16
Jesus står opp
(Matt 28,1–10; Luk 24,1–12; Joh 20,1–10)
1 # 16,1 angande olje Før gravlegginga brukte dei å salva den døde med olje og strø velluktande krydder i likkledet. Jf. Joh 19,39f. Då sabbaten var til ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor til Jakob, og Salome angande olje, for dei ville gå og salva han. 2Tidleg om morgonen første dagen i veka kom dei til grava med det same sola rann. 3Dei sa seg imellom: «Kven skal vi få til å rulla steinen frå gravopninga?» 4Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var rulla til sides. Han var svært stor. 5#Op 7,9.13 Då dei kom inn i grava, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, kledd i ein lang, kvit kjortel. Dei vart gripne av otte og undring, 6men han sa til dei: «Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, den krossfeste. Han er stått opp, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han! 7#14,28 Men gå av stad og sei til læresveinane hans og til Peter: ‘Han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han, slik han har sagt dykk.’» 8#16,8 for dei var redde Med desse orda endar evangeliet i si eldste kjende form. Då gjekk dei ut att og rømde frå grava, skjelvande og frå seg av redsle. Og dei sa ikkje eit ord til nokon, for dei var redde.
Jesus syner seg for læresveinane
(Joh 20,11–18)
9 # 16,9–20 Versa manglar i dei eldste handskriftene. Dei er kjende av nokre kyrkjefedrar i siste halvdelen av 100-talet e.Kr. og finst i yngre handskrifter. Ei stuttare avslutning finst i andre, yngre handskrifter: «Men det dei hadde fått påbod om, fortalde dei straks til dei som var saman med Peter. Etter dette lét Jesus dei bera ut den heilage og uforgjengelege bodskapen om den evige frelsa, frå aust til vest. Amen.» # Luk 8,2 {{Då Jesus hadde stått opp att, tidleg den første dagen i veka, synte han seg først for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder ut av. 10Ho gjekk av stad og fortalde det til dei som hadde vore med han, og som no sørgde og gret. 11Men då dei fekk høyra at han levde, og at ho hadde sett han, trudde dei det ikkje.
12 # Luk 24,13ff # 16,12 ut på landet truleg ei tilvising til forteljinga i Luk 24,13–35. Sidan synte han seg i ein annan skapnad for to av dei medan dei var på veg ut på landet. 13Dei òg kom og sa det til dei andre, men dei vart heller ikkje trudde.
14 # Luk 24,36ff; Joh 20,19ff; 1 Kor 15,5 Til sist synte han seg for dei elleve medan dei var til bords. Han refsa dei fordi dei var så vantru og hardhjarta, og fordi dei ikkje trudde på dei som hadde sett at han var stått opp.
Oppgåva til læresveinane
(Matt 28,18–20; Luk 24,47–48)
15 # 13,10; Apg 1,8 Han sa til dei: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alt som Gud har skapt! 16#Joh 3,18; Apg 2,38; 16,31 Den som trur og blir døypt, skal bli frelst. Men den som ikkje trur, skal bli fordømd. 17#Apg 2,4+; 8,7; 16,18; 1 Kor 14,2ff Og desse teikna skal følgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder, dei skal tala nye tungemål, 18#Luk 10,19; Apg 4,30; 5,16; 28,3ff dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk dødeleg gift, skal det ikkje skada dei. Dei skal leggja hendene på sjuke så dei blir friske.»
Jesus blir teken opp til himmelen
(Apg 1,9)
19 # Sal 110,1; 1 Tim 3,16 Etter at Herren Jesus hadde sagt dette til dei, vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand. 20#Apg 14,3; Hebr 2,4 Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Herren sjølv var hos dei og stadfeste Ordet med dei teikna som følgde med.}}

Markert nå:

Markus 16: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring