Malaki 2

2
1Og no, prestar, til dykk er dette bodet:
2 # 5 Mos 28,15ff Vil de ikkje høyra
og ikkje leggja dykk dette på hjartet
så de gjev namnet mitt ære,
seier Herren over hærskarane,
då sender eg forbanning mot dykk.
Eg forbannar dykkar velsigning,
ja, eg har forbanna henne
fordi ho ikkje ligg dykk på hjartet.
3 # Nah 3,6 Sjå, eg trugar ætta dykkar!
Slakteavfall frå festane dykkar
kastar eg i andletet på dykk,
og saman med det skal de berast bort.
4Då skal de kjenna at det er eg
som har sendt dykk dette bodet,
så mi pakt med Levi kan stå ved lag,
seier Herren over hærskarane.
5 # 4 Mos 3,45; 18,21 Mi pakt med han var liv og fred
som eg gav han.
Han skulle ha ærefrykt for meg
og skjelva for namnet mitt.
6 # 2,6 Sann rettleiing Ei av dei oppgåvene presten hadde, var å rettleia folket og læra det kva som var Guds vilje. Jf. v. 9. Sann rettleiing var i hans munn,
det fanst ikkje svik på leppene.
I fred og rettferd vandra han med meg
og fekk mange til å venda om frå skuld.
7 # 3 Mos 10,11; 5 Mos 21,5; 33,10; Hag 1,13 For prestens lepper tek vare på kunnskap,
rettleiing skal ein søkja frå hans munn.
For han er sendebod frå Herren over hærskarane.
8Men de har bøygd av frå vegen.
De har gjeve slik rettleiing at mange har snubla.
De har brote Levi-pakta,
seier Herren over hærskarane.
9 # 5 Mos 1,17; 1 Sam 2,30 Difor gjer eg dykk ynkelege
og forakta av heile folket,
for de følgjer ikkje mine vegar,
men gjer skil på folk
når de rettleier.
Blandingsekteskap og skilsmisse
10 # 5 Mos 32,6; Ef 4,6 Har vi ikkje alle éin far,
har ikkje den eine Gud skapt oss?
Kvifor er vi då trulause mot kvarandre
og vanhelgar pakta til fedrane våre?
11 # Esra 9,1ff; Neh 13,23ff Juda har bore seg trulaust åt,
avskyelege ting har dei gjort
i Israel og Jerusalem.
For Juda har vanhelga
Herrens heilagdom, som han elskar,
og gift seg med dottera til ein framand gud.
12 # 2,12 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Måtte Herren rydda ut frå Jakobs telt
kvar mann som gjer slikt
– kven det så måtte vera –
og som ber fram offer
til Herren over hærskarane.
13Og dette er det andre de gjer:
Med tårer dekkjer de Herrens altar,
med gråt og sukk
fordi han ikkje lenger vil sjå på gåva
eller ta imot offer frå dykkar hand med glede.
14 # Ordt 2,17 De seier: «Kvifor?»
Fordi Herren er vitne i saka
mellom deg og din ungdoms kvinne,
som du er utru mot,
din ektemake,
di paktkvinne.
15 # 2,15 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Er det ikkje éin som har skapt alt?
Både kropp og ånd er hans.
Og kva søkjer denne eine?
Ei guddomleg slekt.
Så vakta vel dykkar ånd!
Ver ikkje utru mot din ungdoms kvinne!
16 # 5 Mos 24,1ff; Hos 2,19; Matt 19,5ff Den som får uvilje mot henne og sender henne bort,
seier Herren, Israels Gud,
skitnar til kleda sine med vald,
seier Herren over hærskarane.
Så vakta vel dykkar ånd!
Ver ikkje trulause.
Når Herren kjem
17De har trøytta Herren med orda dykkar.
De seier: «Kva er det vi har trøytta han med?»
Med å seia at alle som gjer vondt,
er gode i Herrens auge,
ja, at han har glede av dei.
Eller: «Kvar er rettens Gud?»

Markert nå:

Malaki 2: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring