Klagesongane 5

5
Femte song
1 Herre, tenk på det som har hendt oss,
sjå hit, sjå kor dei spottar oss!
2 # Jer 6,12 Eigedomen vår har gått til framande,
husa våre til utlendingar.
3Vi er farlause,
mødrene våre har vorte enkjer.
4Vi må kjøpa vatnet vi drikk,
veden må vi betala for.
5Vi har forfølgjarane på nakken,
vi er trøytte og får ikkje kvila.
6 # Jer 2,18 Vi har rett ut handa til Egypt
og til Assur for å få brød.
7 # 2 Mos 20,5; Jer 2,5; 7,25ff; 16,10ff Fedrane våre synda; dei er borte,
vi har bore straffa.
8 # 5,8 Slavar nedsetjande om embetsmennene til Babel-kongen, dei som kua folket i Juda. Slavar har vorte herrane våre,
ingen riv oss ut av hendene deira.
9Vi hentar brød med fare for livet,
i ørkenen trugar sverdet.
10Huda vår er heit som ein omn
av svolten som brenn.
11Dei valdtek kvinnene i Sion
og jomfruene i Judas byar.
12 # 5 Mos 28,50; Klag 4,16 Dei hengjer stormenn,
ærar ikkje dei eldste.
13Unge menn lyt slita med kverna,
gutar sig under vedbøra.
14Dei gamle sit ikkje lenger i porten,
dei unge har slutta å syngja.
15Vi har ikkje lenger glede i hjartet,
dansen er omsnudd til sorg.
16 # Job 19,9; Jer 13,18 Kransen har falle av hovudet.
Ve oss, vi har synda!
17Hjartet har vorte sjukt,
auga har vorte dimme.
18 # Jer 9,11 For Sion-fjellet ligg audt,
revar streifar omkring der.
19 # Sal 9,8; 146,10 Du, Herre, tronar til evig tid,
din kongsstol står frå slekt til slekt.
20 # Sal 13,2 Kvifor har du gløymt oss for alltid,
gått frå oss for alle tider?
21 # Job 29,2; Jer 31,18 Herre, før oss tilbake til deg, så vi kan venda attende.
Gjer dagane våre nye, slik dei var før!
22Men du har vraka oss,
du er rasande.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring