Klagesongane 3

3
Tredje song
Alef
א
1Eg er ein mann som har opplevd naud
under staven han brukte i sinne.
2Han har ført meg og late meg gå
i mørker og ikkje i lys.
3Han har vendt handa mot meg
gong på gong, utan stans.
Bet
ב
4 # 1,13 Han har knust knoklane mine,
late kjøt og hud tærast bort.
5Han har bygd ein mur mot meg,
kringsett meg med gift og motgang.
6 # Sal 143,3 På mørke stader lèt han meg bu
lik dei som døydde for lenge sidan.
Gimel
ג
7 # Job 19,8; Sal 88,9 Han har mura meg inne, eg kjem ikkje ut,
han har gjort lenkjene tunge.
8 # Job 19,7; Sal 22,3 Sjølv når eg skrik og ropar om hjelp,
stengjer han bøna mi ute.
9Han har sperra vegen med steinblokker,
gjort stigane mine krokete.
Dalet
ד
10 # Hos 13,7f Ein bjørn som ligg på lur,
ei løve i bakhald er han mot meg.
11Han har ført meg på villspor,
rive meg sund og øydelagt meg.
12 # Sal 7,13; Klag 2,4 Han har spent bogen
og stilt meg opp som mål for pila.
He
ה
13Inn i nyrene
har han skote sine piler.
14 # Job 30,9; Sal 69,12ff; Jer 20,7 Eg har vorte til latter for alt mitt folk,
dei syng om meg heile dagen.
15 # Jer 23,15 Med beiske urter har han metta meg,
han har sløkt tørsten min med malurt.
Waw
ו
16Han har knust tennene mine med grus,
trakka meg ned i støvet.
17 # Jer 16,5 Du har teke freden frå meg,
eg har gløymt kva det gode er.
18Eg sa: Mi ære har gått tapt,
eg har inga von til Herren.
Zajin
ז
19Tenk på mi naud og heimløyse.
Dei er malurt og gift.
20Eg tenkjer på det heile tida,
mi sjel er nedtrykt.
21Men éin ting legg eg meg på hjartet,
og dette gjev meg von:
Het
ח
22 # Neh 9,31 Herren er nådig, vi går ikkje til grunne.
Hans miskunn tek ikkje slutt,
23 # Sal 52,3 ho er ny kvar morgon.
Din truskap er stor.
24 # Sal 16,5; 73,26; 119,57 # 3,24 min del eit uttrykk først brukt om levittane. Då landet vart delt mellom stammane, fekk levittane ikkje nokon del. Herren skulle vera deira del. Jf. 4 Mos 18,20; 5 Mos 10,9. Eg seier: Herren er min del,
eg set mi von til han.
Tet
ט
25 # Sal 40,2; 42,6 Herren er god mot dei
som ventar på han og søkjer han.
26Det er godt å vera stille
og venta på hjelp frå Herren.
27 # Sal 94,12 Det er godt for ein mann
å bera åk medan han er ung.
Jod
י
28Når det blir lagt på han,
skal han sitja einsam og teia,
29leggja munnen i støvet,
kanskje er det von.
30 # Sal 123,3f; Jes 50,6; Matt 5,39 Han skal snu kinnet til den som slår,
og mettast med spott.
Kaf
כ
31Herren støyter ingen bort
for alle tider.
32 # Jes 54,8 Har han late nokon lida,
skal han visa miskunn, rik på kjærleik.
33 # Esek 33,11 Det er ikkje med lett hjarte
han plagar mennesket og lèt det lida.
Lamed
ל
34Dei kan trakka på
alle fangar i landet.
35Dei kan krenkja retten til ein mann
for auga på Den høgste.
36Dei kan fordreia saka til eit menneske,
men Herren har sett det.
Mem
מ
37 # Sal 33,9; Am 3,6 Kven kan tala så det hender
om ikkje Herren har bode det?
38 # Jes 45,7 Kjem ikkje både vondt og godt
frå Den høgstes munn?
39Kvifor klagar den som lever?
Kvifor klagar ein mann over si synd?
Nun
נ
40 # Jes 55,7 Lat oss ransaka og prøva våre vegar
og venda om til Herren!
41Lat oss lyfta hjarte og hender
til Gud i himmelen!
42 # 1,18 Vi har gjort opprør og vore trassige,
og du tilgav ikkje.
Samek
ס
43Du dekte deg med vreide og jaga oss,
du drap, du sparte ingen.
44 # Jes 1,15; 59,12 Du dekte deg med skyer,
inga bøn rakk fram.
45Du gjorde oss til skrap og skrot
mellom folka.
Pe
פ
46Alle fiendane våre
gapar mot oss.
47 # Jer 48,43 Det vart gru og grav,
krasing og knusing.
48 # Jer 9,1; Klag 1,16 Tårer strøymer frå auget,
folket, mi dotter, er knust.
Ajin
ע
49Auget fløymer over utan stans,
det tek ikkje slutt
50 # Jes 63,15 før Herren vender blikket
og ser ned frå himmelen.
51Det gjer vondt å sjå
kvinnene i byen min.
Tsade
צ
52Utan grunn har mine fiendar
jaga meg som ein fugl.
53 # Jer 38,6 Dei dreiv meg ned i brønnen
og kasta stein over meg.
54 # Jona 2,4–6 Vatnet stig over hovudet mitt,
eg seier: Det er ute med meg.
Qof
ק
55 # Sal 18,4–7; Jona 2,3 Eg kallar på ditt namn, Herre,
frå botnen av brønnen.
56Du har høyrt meg,
lukk ikkje øyret når eg ropar om lindring!
57 # Sal 145,18 Du kom den dagen eg ropa,
du sa: Ver ikkje redd!
Resj
ר
58Du har ført saka mi, Herre,
du har løyst ut livet mitt.
59Du har sett kva urett eg lid,
Herre, hjelp meg til min rett!
60Du har sett hemnlysta deira,
kva for planar dei har med meg.
Sjin
ש
61Du har høyrt spotten deira, Herre,
kva for planar dei har mot meg.
62Uvenene mine tiskar og kviskrar
om meg dagen lang.
63 # 3,14+ Sjå dei der dei sit og står,
dei syng nidviser om meg.
Taw
ת
64 # Sal 94,2; Jer 51,56 Herre, lat dei få som fortent
for det dei har gjort.
65Lyft di forbanning over hjartet deira
som eit skjold.
66 # Sal 79,6 Jag dei i vreide og rydd dei ut
under Herrens himmel.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring