Josva 24

24
Pakta i Sikem
1Så samla Josva alle Israels stammar i Sikem. Han kalla til seg dei eldste i Israel og hovdingane, dommarane og tilsynsmennene deira. Dei steig fram for Guds andlet, 2#1 Mos 11,26ff; 5 Mos 32–33; 1 Sam 12 og Josva tala til heile folket:
Så seier Herren, Israels Gud: Frå gammal tid budde fedrane dykkar – Tarah, far til Abraham og Nahor – på den andre sida av Eufrat, og dei dyrka framande gudar. 3#1 Mos 12,1ff+; 21,1ff Men eg henta Abraham, far dykkar, frå landet bortanfor elva og førte han omkring i heile Kanaan. Eg gav han mange etterkomarar. Eg gav han Isak, 4#1 Mos 25,24ff; 36,8; 46,5ff; 5 Mos 2,5 og Isak gav eg Jakob og Esau. Eg lét Esau få Se'ir-fjella til eigedom. Men Jakob og sønene hans drog ned til Egypt. 5#2 Mos 7–10 Eg sende Moses og Aron, og eg plaga egyptarane med det eg gjorde hos dei. Så førte eg dykk ut. 6#2 Mos 12,41.51; 14,5ff Då eg hadde ført fedrane dykkar ut frå Egypt, kom dei til Sivsjøen. Men egyptarane forfølgde dei og kom til sjøen med stridsvogner og ryttarar. 7#2 Mos 14,10ff Då ropa dei til Herren, og han la mørker mellom dykk og egyptarane, og han lét sjøen slå over dei og gøyma dei. De såg med eigne auge kva eg gjorde med egyptarane.
Sidan var de lenge i ørkenen. 8#4 Mos 21,21ff; 5 Mos 2,26ff; 3,1ff; Jos 2,10 Så førte eg dykk inn i landet til amorittane, som budde austafor Jordan. Dei stridde mot dykk, men eg gav amorittane over i dykkar hender. De tok landet deira, og eg utrydda dei for dykk. 9#4 Mos 22–24 Så gjekk kongen i Moab, Balak, son til Sippor, til strid mot Israel. Han sende bod etter Bileam, son til Beor, for at han skulle forbanna dykk. 10Men eg nekta å høyra på Bileam, og han måtte velsigna dykk på nytt og på nytt. Slik berga eg dykk frå hans hand.
11 # 3,10.14ff; 6,20; 10,1ff; 11,1ff Så gjekk de over Jordan og kom til Jeriko. Dei som hadde makt i Jeriko, gjekk til strid mot dykk: amorittane, perisittane, kanaanearane, hetittane, girgasjittane, hevittane og jebusittane. Men eg gav dei over i dykkar hender. 12#2 Mos 23,28; 5 Mos 7,20; Sal 44,4#24,12 bisverm Tydinga av det hebr. ordet er usikker. Kan òg omsetjast «redsle» eller «forvirring». Eg sende ein bisverm framfor dykk og dreiv bort dei to amorittkongane. Det var ikkje du som gjorde det med sverd eller boge. 13#5 Mos 6,10ff Eg gav dykk eit land som de ikkje hadde hatt noko strev med, byar som de ikkje hadde bygd, men som de fekk bu i, vinmarker og oliventre som de ikkje hadde planta, men som de får eta av.
14 # 1 Mos 35,2; 2 Mos 20,3; Esek 20,7 Så frykt då Herren og ten han heilhjarta og trufast! Skil dykk av med dei gudane som fedrane dykkar dyrka på den andre sida av Eufrat og i Egypt, og ten Herren! 15Men dersom det byd dykk imot å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena: dei gudane som fedrane dykkar dyrka bortanfor elva, eller gudane til amorittane, i det landet de no bur i. Men eg og mitt hus, vi vil tena Herren.
16Folket svara: «Gud forby at vi vender oss bort frå Herren og dyrkar andre gudar! 17For det var Herren vår Gud som førte oss og fedrane våre ut frå Egypt, ut frå slavehuset, og som gjorde desse store teikna like framfor auga våre. Han vakta oss på heile den lange ferda vår og blant alle folkeslaga i dei landa vi reiste igjennom. 18Herren dreiv bort alle folkeslaga for oss, og amorittane som budde i landet. Vi vil òg tena Herren, for han er vår Gud.»
19 # 2 Mos 34,14+ Josva sa til folket: «De maktar ikkje å tena Herren, for han er ein heilag Gud. Han er ein nidkjær Gud, som ikkje ber over med brota og syndene dykkar. 20#23,15f Vender de dykk bort frå Herren og dyrkar framande gudar, kjem han atter til å føra ulukke over dykk og gjera ende på dykk, same kor mykje godt han før har gjort mot dykk.»
21Folket sa til Josva: «Nei! Herren vil vi tena.» 22Då sa Josva til dei: «Så er de vitne mot dykk sjølve at de har valt Herren og vil tena han.» Dei svara: «Vi er vitne!» 23#1 Mos 35,2f; 1 Sam 7,3 Då sa Josva: «Skil dykk frå dei framande gudane som finst blant dykk og vend hjartet dykkar til Herren, Israels Gud!» 24Folket svara: «Herren vår Gud vil vi tena, og hans røyst vil vi lyda.»
25Den dagen gjorde Josva ei pakt for folket i Sikem og fastsette lov og rett for dei. 26#1 Mos 12,6f; 35,4; Jos 8,32 Han skreiv desse orda opp i Guds lovbok. Så tok han ein stor stein og reiste han der, under eika som står ved Herrens heilagdom. 27#1 Mos 31,48; Jos 22,28 Og Josva sa til heile folket: «Sjå, denne steinen skal vera eit vitne mot oss, for han har høyrt kvart ord som Herren har sagt oss. Han skal vitna mot dykk, så de ikkje fornektar dykkar Gud.» 28#Dom 2,6 Så lét Josva folket gå, kvar til sin eigedom.
Josva døyr
29Ei tid etter at dette hadde hendt, døydde Josva, son til Nun, Herrens tenar, hundre og ti år gammal. 30#19,50 Dei gravla han på det området som høyrde han til, i Timnat-Serah, som ligg i fjellandet i Efraim, nord for Gaasj-fjellet.
31Israelittane tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge det enno var nokon att blant dei eldste som levde lenger enn Josva, og som kjende til alt det Herren hadde gjort for Israel.
32 # 1 Mos 33,19; 50,25; 2 Mos 13,19 # 24,32 kesita betalingsmiddel med ukjend verdi og vekt. Knoklane etter Josef, som israelittane hadde ført med seg frå Egypt, gravla dei ved Sikem, på det jordstykket som Jakob hadde kjøpt for hundre kesita av sønene til Hamor, far til Sikem, og som Josef-stammen hadde fått til eigedom.
33Då Elasar, son til Aron, døydde, gravla dei han i Gibea, den byen som Pinhas, son hans, hadde fått i Efraim-fjella.

Markert nå:

Josva 24: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring