Job 23

23
Job: Eg teier ikkje
1Då tok Job til ords og sa:
2Framleis er klaga mi trassig,
endå eg dempar mine stønn med hard hand.
3Om eg berre kunne finna han,
stiga inn i hans tronsal,
4då ville eg leggja fram mi sak for han,
fylla munnen med motbevis.
5 # Kap. 38–41 Då kunne eg få vita kva han ville svara,
og forstå kva han vil seia meg.
6Ville han bruka si store makt i saka mot meg?
Å nei, han ville nok høyra på meg.
7Så drøfte eg saka ærleg med han,
og dommaren sette meg fri for alltid.
8 # 9,11; Sal 139,7–10 Går eg mot aust, er han ikkje der,
går eg mot vest, merkar eg han ikkje.
9Arbeider han i nord, veit eg det ikkje.
Og snur han mot sør, ser eg det ikkje.
10 # Sal 17,3 Men han kjenner den vegen eg følgde.
Prøver han meg, kjem eg ut som gull.
11 # Sal 17,5 Føtene mine gjekk i hans spor,
eg følgde hans veg og veik ikkje av.
12 # Sal 44,18f Eg braut ikkje boda frå leppene hans,
orda frå hans munn gøymde eg i mitt indre.
13 # 9,12; Dan 4,35 Han er den einaste; kven kan hindra han?
Det han har lyst til, det gjer han.
14Han fullfører det han har fastsett for meg,
og meir av same slag har han i tankar.
15 # Sal 119,120 Difor er eg redd for å møta han.
Eg tenkjer etter og blir slegen av skrekk.
16Gud gjer meg motlaus,
Den veldige skremmer meg.
17Men eg teier ikkje i møte med mørkret,
når bekmørkret dekkjer meg.

Markert nå:

Job 23: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring