Jesaja 9

9
1 # Matt 4,15ff # 9,1 Sebulon, Naftali to av stammane lengst nord i Israel; dei var dei første som vart tekne av assyrarane. Jf. 2 Kong 15,29. vegen til havet karavanevegen frå Damaskus som gjekk nord for Gennesaretsjøen og over Jisreel-sletta til Middelhavet; her eit lite landstykke ute ved kysten, sør for Karmel. Sanneleg, det skal ikkje vera mørker for henne som er i trengsle. Før i tida førte han skam over Sebulons land og Naftalis land. Men i framtida skal han la dei koma til ære: vegen til havet, landet bortanfor Jordan, Galilea, der folkeslag bur.
Fredsfyrsten
2 # 60,1; Luk 1,79 Det folket som går i mørkret,
ser eit stort lys.
Over dei som bur i dødsskuggens land,
strålar lyset fram.
3 # Sal 4,8; 119,162 Du lét dei jubla høgt
og gjorde gleda stor.
Dei gledde seg for ditt andlet
som ein gleder seg over kornhausten,
som ein jublar når krigsbyttet blir delt.
4 # 10,26; 14,5.25 # 9,4 Midjans dag då Gideon sigra over midjanittane. Jf. Dom 7,23ff. For åket som tyngde,
stokken over skuldrene
og staven til slavedrivaren
har du brote sund som på Midjans dag.
5 # Sal 46,10 Ja, kvar støvel som trampa,
og kvar kappe tilsølt med blod
skal brennast og bli til føde for elden.
6 # 1 Mos 49,10; Dom 13,18; Mi 5,4; Sak 9,10; Luk 1,31; 2,7.11; Joh 3,16; Rom 8,32; Ef 2,14ff # 9,6 eit barn ein konge av Davids ætt (Messias). For eit barn er oss fødd,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder.
Han har fått namnet
Underfull rådgjevar, Veldig Gud,
Evig far, Fredsfyrste.
7 # 2 Kong 19,31; Sal 8,7; 72,5ff; Dan 7,14; Luk 1,32; 1 Kor 15,27 Så skal herreveldet vera stort
og freden utan ende
over Davids trone og hans kongerike.
Han skal gjera det fast og halda det oppe
med rett og rettferd
frå no og for all tid.
Herren over hærskarane skal gjera dette
i sin brennande iver.
Guds hand er lyft
8 # 55,10f # 9,8 Jakob >4 Mos 23,7. Eit ord har Herren sendt mot Jakob,
det har slege ned i Israel.
9Og dei har fått kjenna det, heile folket,
Efraim og dei som bur i Samaria,
dei som stolte og hovmodige sa:
10«Teglsteinar har falle,
vi byggjer opp att med tilhoggen stein.
Morbærtre er felte,
vi plantar sedrar i staden.»
11 # 2 Kong 16,7.9; Jes 5,25; 10,4 # 9,11 Resin Jf. 7,1. Då gav Herren motstandaren deira, Resin, makt over dei
og hissa opp fiendane deira,
12aramearane frå aust
og filistrane frå vest.
Dei fortærte Israel med vidopen munn.
Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,
handa er framleis lyft.
13 # Jer 5,3; Hos 7,10ff; Am 4,6ff Men folket vende ikkje om
til han som slo det,
dei søkte ikkje Herren over hærskarane.
14 # 2 Kong 17,3ff; Jes 10,33; 19,15 Då hogg Herren av Israel både hovud og hale,
palmegrein og siv på éin dag.
15Den eldste og den fornemme er hovudet,
halen er profeten som lærer bort løgn.
16 # 3,12; Luk 6,39 Dei som leidde dette folket,
førte dei vill,
dei som skulle leiast, vart villeidde.
17Difor sparte ikkje Herren dei unge mennene deira,
mot farlause og enkjer viste han ikkje miskunn.
For alle var ugudelege og vonde,
kvar munn tala dårskap.
Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,
handa er framleis lyft.
18Ja, uretten brann som ein eld
og fortærte torn og tistel,
han sette tettaste skogen i brann,
røyken steig høgt til vêrs.
19Landet er sett i brann
fordi Herren over hærskarane er harm,
og folket har vorte til mat for elden.
Det er ingen som sparer bror sin.
20Dei beit til høgre, men var svoltne,
og åt til venstre, men vart ikkje mette.
Kvar mann et sin neste,
21Manasse et Efraim, og Efraim et Manasse.
Saman går dei mot Juda.
Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,
handa er framleis lyft.

Markert nå:

Jesaja 9: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring