Jesaja 10

10
1 # 5,23; Am 5,11; Mi 7,3 Ve dei som gjev urettferdige påbod
og skriv undertrykkjande forskrifter,
2 # 2 Mos 23,6; 5 Mos 16,19; 24,17; 27,19; Ordt 18,5; Am 5,11 driv fattige bort frå domstolen
og tek retten frå dei hjelpelause i folket mitt,
gjer enkjer til sitt bytte
og plyndrar farlause.
3 # Ordt 1,26f; Jer 5,31 Men kva vil de gjera på oppgjersdagen,
når øydelegginga kjem frå det fjerne?
Kven flyktar de til for å få hjelp,
og kvar vil de gjera av rikdomen dykkar
4utan å måtta knela blant fangar
eller falla blant drepne?
Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,
handa er framleis lyft.
Dommen over Assur
5 # 7,20 Ve Assur, mitt vreideris!
Stokken dei har i handa, er min harme.
6 # Sal 18,43; 83,11; Klag 3,45; Mi 7,10 # 10,6 eit ugudeleg folk Israel, som har falle frå Herren. Eg sender han mot eit ugudeleg folk,
byd han fara mot folket eg er harm på,
for å plyndra og røva, ta bytte og rov
og trakka det ned som avfall i gata.
7Men det er ikkje slik han meiner det
og ikkje slik hans hjarte tenkjer det,
for han vil øydeleggja
og utrydda mange folkeslag.
8 # 36,18–20 Han seier: «Er ikkje mine stormenn
kongar alle saman?
9 # 10,9 Kalno, Hamat, Arpad arameiske bystatar som vart hærtekne av assyrarane. Kalno er det same som Kalne i Am 6,2. Karkemisj viktig by ved øvre Eufrat. Jf. Jer 46,2. Er ikkje Kalno som Karkemisj,
Hamat som Arpad,
Samaria som Damaskus?
10Når handa mi har nådd til avgudsrika,
der gudebileta overgår dei i Jerusalem og Samaria,
11skulle eg ikkje då kunna gjera det same
med Jerusalem og gudebileta hennar
som eg gjorde med Samaria og gudane hennar?»
12 # 37,36–38 Men det skal skje:
Når Herren har fullført heile sitt verk
på Sion-fjellet og i Jerusalem,
då krev eg kongen av Assur til rekneskap
for frukta av hans hovmodige hjarte
og glimtet i hans stolte auge.
13For han har sagt:
«Dette har eg gjort med mi sterke hand
og i min visdom, for eg er klok.
Eg har flytt grensene mellom folka
og plyndra skattane deira,
med makt har eg drive innbyggjarane ut.
14Handa mi fann rikdomen til folka
som ho finn eit fuglereir,
og slik ein samlar forlatne egg,
har eg samla alle kongerike på jorda.
Det var ingen som rørte ein veng
eller opna nebben og peip.»
15Kan øksa briska seg mot han som høgg,
set saga seg over han som sagar?
Som om staven skulle svinga han som lyfter staven,
og stokken lyfta han som ikkje er av tre!
16Difor skal Herren, allhærs Herre,
gjera dei kraftige karane hans magre.
Under all hans prakt skal det tennast ein eld,
ein brennande eld.
17 # 9,18 Israels lys skal bli ein eld
og hans Heilage ein flamme
som brenn og fortærer
både torn og tistel på ein einaste dag.
18I hans herlege skogar og hagar
skal han gjera ende på sjel og kropp,
det skal gå som når ein sjuk tærest bort.
19Så liten blir resten av tre i skogen
at ein smågut kan skriva opp talet.
Ein rest skal venda om
20Den dagen skal resten av Israel
og dei som slapp unna i Jakobs hus,
ikkje lenger støtta seg til han som slo dei,
men støtta seg i truskap til Herren, Israels Heilage.
21 # 4,3 # 10,21 Ein rest skal venda om hebr. sjear-jasjub. >7,3. Ein rest skal venda om
til den veldige Gud,
ein rest av Jakob.
22 # Rom 9,27 For sjølv om folket ditt, Israel,
var som havsens sand,
skal berre ein rest venda om.
Utslettinga er fastsett,
med rettferd strøymer ho på.
23 # 28,22 For Herren, allhærs Gud,
fullfører utslettinga som er fastsett
over heile jorda.
24 # 14,24ff Difor, så seier Herren, allhærs Gud:
Mitt folk, du som bur på Sion,
ver ikkje redd for Assur
når han slår deg med stokken
og lyfter staven sin over deg,
slik dei gjorde i Egypt.
25 # 2 Mos 14,16ff; Dom 7,19–25; Jes 9,4; 14,5 Om berre ei lita stund
er det slutt på harmen min,
vreiden min gjer ende på dei.
26 # 10,26 Midjan >9,4. Då skal Herren over hærskarane
svinga svepa over han,
som då han slo Midjan ved Oreb-berget.
Han skal lyfta staven over havet,
slik han gjorde i Egypt.
27Den dagen skal det skje
at han tek børa bort frå skuldra di
og åket frå nakken din.
Så velfødd blir du at åket går sund.
Fienden går mot Jerusalem
28Han er komen over Ajjat
og har drege forbi Migron.
I Mikmas lagrar han utstyr.
29Dei har gått gjennom skardet.
«I Geba slår vi leir for natta!»
Rama skjelv,
Sauls Gibea har rømt.
30Skrik høgt, du Gallims dotter!
Lytt, Laisja! Svar, Anatot!
31Madmena har kome seg unna,
dei som bur i Gebim, har berga seg.
32Alt i dag vil han stå i Nob.
Han svingar handa
mot fjellet til dotter Sion,
Jerusalems høgd.
33 # Am 2,9 Sjå, Herren, allhærs Herre,
høgg greinene av med veldig kraft.
Høgvaksne tre blir felte,
høge stammar skal falla.
34 # 2,12ff Tettaste skogen skal hoggast ned med øks.
Libanon skal falla for Den veldige.

Markert nå:

Jesaja 10: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring