Esra 6

6
1Då baud kong Dareios at ein skulle granska arkiva over dei skattane som var lagra i Babel. 2#6,2 Ahmeta Ekbatana, hovudstad i det gamle medarriket. I borga i Ahmeta, som ligg i provinsen Media, vart det funne ein bokrull. På den stod det skrive:
«Kunngjering.
3 # 1,1ff I det første året Kyros var konge, gav han dette påbodet om Guds hus i Jerusalem: Det skal byggjast opp att og bli ein stad der ein ber fram offer. Grunnvollane skal gjenreisast. Huset skal vera seksti alner høgt og seksti alner breitt, 4med tre lag tilhoggen stein og eitt lag nytt tømmer. Utgiftene skal dekkjast av kongehuset. 5#1,7ff; 5,14 Og utstyret av gull og sølv frå Guds hus, som Nebukadnesar tok ut av tempelet i Jerusalem og førte til Babel, skal gjevast tilbake. Det skal førast til tempelet i Jerusalem og setjast på plass i Guds hus.
6No skal du, statthaldar Tattenai frå provinsen Bortanfor Eufrat, og du, Sjetar-Bosnai, og embetsbrørne dykkar, embetsmennene i provinsen, halda dykk langt borte derifrå. 7Hald dykk unna arbeidet på dette Guds hus! Lat statthaldaren og dei eldste hos judearane få byggja huset på same staden som før. 8Eg gjev no påbod om kva de skal gjera for dei eldste av judearane, så dette Guds hus kan byggjast: Alle utgiftene desse har, skal dekkjast av skatteinntektene som kongen tek inn i provinsen Bortanfor Eufrat, så arbeidet ikkje stansar. 9Og alt prestane i Jerusalem seier dei treng av unge oksar, vêrar og lam til brennoffer for himmelens Gud, og kveite, salt, vin og olje, skal kvar dag gjevast dei utan unnatak, 10så dei kan bera fram velgjerande ange for himmelens Gud og be for kongen og sønene hans. 11#Dan 3,29 Eg byd òg at kvar den som krenkjer dette påbodet, skal få ein bjelke riven ut av huset sitt. Han skal naglast fast til bjelken, og huset hans skal gjerast til ein avfallsdunge på grunn av det han har gjort. 12Måtte den Gud som lèt namnet sitt bu der, vinna over alle kongar og folk som strekkjer handa ut for å krenkja dette påbodet og øydeleggja Guds hus i Jerusalem. Eg, Dareios, gjev eit påbod som skal følgjast fullt ut.»
13Tattenai, som var statthaldar i provinsen Bortanfor Eufrat, Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira gjorde då fullt ut slik som kong Dareios hadde føreskrive. 14Dei eldste hos judearane bygde og hadde god framgang ved profetiane til profeten Haggai og Sakarja, son til Iddo. Dei fullførte bygginga etter påbod frå Israels Gud og etter påbod frå persarkongane Kyros, Dareios og Artaxerxes. 15#4,24 Huset stod ferdig den tredje dagen i månaden adar i det sjette året Dareios var konge.
Tempelet blir innvigd
16Israelittane – prestane, levittane og resten av dei som var komne att frå eksil – vigde Guds hus med stor glede. 17#4 Mos 7,10ff Til innviinga av Guds hus bar dei fram hundre oksar, to hundre vêrar og fire hundre lam, og til syndoffer for heile Israel tolv geitebukkar, éin for kvar av Israel-stammane. 18#4 Mos 3,5ff Dei sette opp prestane i grupper og levittane i avdelingar. Dei skulle gjera teneste for den Gud som er i Jerusalem, slik det står skrive i Moseboka.
19 # 2 Mos 12,6ff Dei som hadde vore i eksil, feira påske på den fjortande dagen i den første månaden, 20for prestane og levittane hadde reinsa seg, alle som ein, så dei var reine. Dei slakta påskelammet for alle hadde vore i eksil, for brørne sine, prestane, og for seg sjølve. 21Så heldt israelittane måltid, både dei som var komne att frå eksil, og alle som saman med dei andre ville dyrka Herren, Israels Gud, og som difor hadde skilt seg frå ureinskapen til folkeslaga i landet. 22#6,22 assyrarkongen her persarkongen, som m.a. rådde over dei landområda som før hadde vore assyriske og babylonske. Jf. 5,13. Glade feira dei høgtida med usyra brød i sju dagar. For Herren hadde gjort dei glade då han vende assyrarkongens hjarte til dei, slik at kongen støtta dei i arbeidet på huset til Israels Gud.

Markert nå:

Esra 6: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring