Esra 1

1
Kyros lèt judearane venda heim
1 # 2 Krøn 36,22f; Esra 5,13; Jes 41,2.25; 44,28; 45,1.13; Jer 25,11f; 29,10 I det første året Kyros var konge i Persia, vekte Herren ein tanke i han for at det ordet som Herren hadde tala gjennom Jeremia, skulle bli oppfylt. Persarkongen Kyros sende då ut ei kunngjering i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg:
2«Så seier Kyros, kongen av Persia:
Herren, himmelens Gud, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har pålagt meg å byggja eit hus for han i Jerusalem i Juda. 3Kven av dykk høyrer til hans folk? Gud vere med dykk, kvar og ein! De kan fara opp til Jerusalem i Juda og byggja eit hus for Herren, Israels Gud. Han er det som er Gud i Jerusalem. 4Alle som er att, kvar dei så held til som innflyttarar, skal få hjelp av dei som bur på staden. Dei skal få sølv og gull, gods og buskap og dessutan frivillige gåver til Guds hus i Jerusalem.»
5Då braut dei opp, leiarane for familiane i Juda og Benjamin, prestane og levittane, alle som Gud hadde gjeve den tanken at dei skulle dra opp og byggja Herrens hus i Jerusalem. 6Alle grannane støtta dei med sølvkar og gull, gods, buskap og andre verdfulle ting. Dei kom òg med frivillige gåver.
7 # 2 Krøn 36,7.18; Jer 27,19ff Kong Kyros lét henta tempelutstyret som Nebukadnesar hadde ført bort frå Herrens hus i Jerusalem, og som han hadde sett i huset til sin gud. 8#1,8 Sjesjbassar leiar for den første flokken som vende heim att frå fangenskapet. Han var persisk statthaldar i Juda og la grunnvollen til det nye tempelet i Jerusalem. Jf. 3,1ff; 5,16. Kyros, kongen av Persia, overlét dei til skattmeisteren Mitredat, som talde dei opp og gav dei til Sjesjbassar, fyrsten i Juda. 9Talet var: 30 gullskåler, 1000 sølvskåler og 29 andre skåler, 1030 gullbeger, 410 doble sølvbeger og 1000 andre kar. 11Til saman var det 5400 kar av gull og sølv. Alt dette hadde Sjesjbassar med seg då dei bortførte fór opp frå Babel til Jerusalem.

Markert nå:

Esra 1: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring