Esekiel 5

5
1 # 5,1 Jf. v. 12. Du menneske, ta deg eit kvast sverd, bruk det til rakekniv på hovud og skjegg! Skaff deg så ei skålvekt og del det som er kutta av. 2#12,14 Ein tredjedel skal du brenna opp inne i byen når dagane med omringing er til ende, ein tredjedel skal du hogga opp med sverdet utanfor byen, ein tredjedel skal du spreia for vinden. Med drege sverd vil eg setja etter dei. 3Nokre få hår skal du ta unna og samla i kappefliken din. 4Og du skal ta nokre av dei og kasta på elden og brenna opp. Derifrå skal elden spreia seg over heile Israels hus.
5 # 38,12 Så seier Herren Gud: Dette er Jerusalem. Midt mellom folkeslaga har eg sett henne, og omkring henne ligg det mange land. 6#Jer 44,16; Esek 11,12 Men ho trassa lovene mine og var verre enn dei andre folkeslaga, ho trassa forskriftene mine, verre enn landa omkring. For dei forakta lovene mine og følgde ikkje forskriftene mine. 7Difor seier Herren Gud: De har vore verre enn folkeslaga omkring dykk. For de følgjer ikkje mine forskrifter og held ikkje mine lover, de held ikkje eingong lovene til grannefolka. 8Difor seier Herren Gud: Sjå, no kjem eg òg over deg og held dom over deg framfor auga på dei andre folka. 9#Dan 12,1; Matt 24,21 Eg vil gjera mot deg noko som eg ikkje før har gjort og aldri meir kjem til å gjera, på grunn av alt det avskyelege hos deg. 10#5 Mos 28,53; 2 Kong 6,29; Jer 19,9; Klag 4,10 Difor skal foreldre hos deg eta borna sine, og born skal eta foreldra sine. Eg held dom over deg og spreier restane av deg for alle vindar.
11Difor, så sant eg lever, seier Herren Gud: Fordi du har gjort heilagdomen min urein med alle dei motbydelege og avskyelege gudane dine, skal eg òg bruka rakekniven. Eg vil ikkje visa medkjensle og ikkje spara deg. 12Ein tredjedel av deg skal døy av pest eller omkoma av svolt hos deg. Ein tredjedel skal falla for sverd rundt omkring deg. Og ein tredjedel vil eg spreia for alle vindar, eg skal forfølgja dei med sverd. 13#24,13 All min vreide skal eg tømma ut, eg bruker opp min harme på dei og tek hemn. Då skal dei kjenna at det er eg, Herren, som talar med sjalusi, når eg tømmer min harme ut over dei.
14 # Jer 44,2; Esek 22,4 Eg gjer deg til ein ruinhaug og til spott for folkeslaga som bur omkring deg, og for alle som går forbi og ser deg. 15#Jer 19,8; 24,9; 42,18; Esek 14,8 Du skal bli til spott og hån, til skrekk og åtvaring for grannefolka, når eg held dom over deg med brennande vreide og flammande straff. Eg, Herren, har tala.
16 # 3 Mos 26,26; 5 Mos 32,23ff; Jes 3,1+; Esek 4,16 Når eg sender svolt inn mellom dykk som vonde piler, som er til for å øyda – dei eg sender for å øydeleggja dykk – då skal eg gjera svolten verre og verre for dykk. Eg skal bryta sund brødstaven hos dykk. 17#3 Mos 26,22; Esek 6,11; 14,21 Svolt og rovdyr sender eg mot deg, dei gjer deg barnlaus. Pest og blod skal råka deg, og eg lèt sverd koma over deg. Eg, Herren, har tala.

Markert nå:

Esekiel 5: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring