2. Mosebok 11

11
Tiande plaga: dei førstefødde skal døy
1 # 12,31ff Herren sa til Moses: «Endå ei plage skal eg føra over farao og Egypt. Deretter skal han la dykk dra – ikkje berre la dykk dra, han skal jaga dykk ut herifrå. 2#1 Mos 15,14+ Sei så folket høyrer det at kvar mann og kvar kvinne skal be naboen sin om ting av sølv og gull.» 3Og Herren lét egyptarane sjå med velvilje på folket. Moses vart òg halden for ein svært stor mann i Egypt, både av tenarane til farao og av folket.
4Moses sa: «Så seier Herren: Ved midnattstid vil eg gå gjennom Egypt. 5#4,23+ Då skal alle førstefødde i Egypt døy, frå den førstefødde hos farao som sit på si trone, til den førstefødde hos slavekvinna som står bak kverna, og alle førstefødde dyr i buskapen. 6#12,30 I heile Egypt skal det lyda eit skrik så høgt at det aldri har vore maken til det før og heller ikkje skal bli det sidan. 7Men ikkje ein hund skal knurra mot nokon av israelittane, korkje mot menneske eller dyr. Slik skal de forstå at Herren set eit skilje mellom egyptarane og israelittane. 8Då skal alle desse mennene dine koma ned til meg og bøya seg for meg og seia: Dra ut, du og heile folket som følgjer deg! Og så skal eg dra ut.» Dermed gjekk han bort frå farao i brennande harme.
9 Herren sa til Moses: «Farao kjem ikkje til å høyra på dykk. Så kan eg få gjort mange under i Egypt.» 10#4,21+ Moses og Aron gjorde alle desse undera for farao. Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han lét ikkje israelittane dra ut frå landet.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring