5. Mosebok 19

19
Fristader for drapsmenn
1Når Herren din Gud gjer ende på folkeslaga i det landet Herren din Gud vil gje deg, og du tek landet og buset deg i byane og husa deira, 2#19,2 tre byar på vestsida av Jordan, i tillegg til dei byane på austsida som er nemnde i 4,41–43, i alt seks byar å rømma til. Jf. Jos 20. då skal du skilja ut tre byar midt i landet ditt, i det som Herren din Gud gjev deg for at du skal ta det i eige. 3Du skal måla opp avstandane og dela opp landet som Herren din Gud gjev deg til eige, i tre område, slik at kvar drapsmann kan rekka å rømma dit.
4 # 2 Mos 21,13 Dette er reglane om drapsmenn som kan rømma dit og berga livet: Det kan henda at nokon drep nesten sin av vanvare og utan å ha bore hat til han frå før, 5som når ein mann går saman med ein annan ut i skogen og skal hogga tømmer, og han svingar øksa og vil fella eit tre, men øksa fer av skaftet og råkar den andre så han døyr. Då kan mannen rømma til ein av desse byane og berga livet, 6så ikkje blodhemnaren i rykande sinne skal setja etter drapsmannen, nå han att fordi vegen er lang, og slå han i hel endå mannen ikkje var skuldig til døden. For han hadde ikkje tidlegare bore hat til den han drap. 7Difor byd eg deg: Du skal skilja ut tre byar.
8Og dersom Herren din Gud vidar ut grensene dine, som han med eid lova fedrane dine, og lèt deg få heile det landet han ville gje fedrane dine, 9så sant du legg vinn på å halda alle boda og gjer det eg byd deg i dag, og elskar Herren din Gud og alltid går på hans vegar, då skal du leggja endå tre byar til desse tre. 10For det må ikkje renna skuldlaust blod i det landet Herren din Gud vil gje deg til eigedom, slik at det kjem blodskuld over deg.
11 # 4 Mos 35,20f Men om ein mann ber hat til nesten sin og ligg på lur etter han, går laus på han og gjev han eit slag så han døyr, og han så rømmer til ein av desse byane, 12#1 Mos 9,6; 2 Mos 21,12.14 då skal dei eldste i heimbyen hans senda folk og henta han heim att. Dei skal gje han over til blodhemnaren, og han skal døy. 13Du skal ikkje visa han medkjensle. Slik skal du reinsa Israel for den synda som kjem frå skuldlaust blod, og då skal det gå deg vel.
Lov om grensesteinar
14 # 27,17; Ordt 22,28; 23,10 Du skal ikkje flytta grensesteinane mellom deg og nesten din, dei som fedrane dine reiste på den eigedomen som du blir tildelt i det landet Herren din Gud vil gje deg for at du skal ta det til eige.
Lov om vitneprov
15 # 4 Mos 35,30; Joh 8,17 Eitt vitne åleine er ikkje nok til å fella ein mann i spørsmål om skuld eller lovbrot, same kva lovbrot han blir klaga for, men med vitnemål frå to eller tre skal saka stå fast. 16Når eit vondskapsfullt vitne står fram mot ein mann og skuldar han for fråfall, 17#17,9 skal dei to mennene som saka gjeld, stiga fram for Herrens andlet for dei prestane og dommarane som då gjer teneste, 18og dommarane skal granska saka nøye. Og skulle det visa seg at det er eit falskt vitne som har kome med usanne klagemål mot ein landsmann, 19#Ordt 19,5 skal de gjera det same med han som han hadde tenkt å gjera med den andre. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg. 20Resten av folket skal få høyra om det og bli gripne av redsle, så dei aldri meir gjer ei slik ugjerning hos deg. 21#2 Mos 21,23–27; 3 Mos 24,19–21 Syn inga medkjensle: liv for liv, auge for auge, tann for tann, hand for hand, fot for fot.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring