Amos 9

9
Ingen skal sleppa Guds straff
1 # Jes 6,1ff Eg såg Herren stå på altaret.
Han sa: Slå til søylehovuda
så dørstokkane skjelv,
knus dei så dei fell
i hovudet på dei alle!
Dei som måtte bli att, vil eg drepa med sverd.
Ingen av dei skal kunna rømma,
ingen skal berga seg.
2 # Sal 139,8 Om dei grev seg ned i dødsriket,
skal handa mi henta dei opp.
Om dei stig opp til himmelen,
skal eg støyta dei ned.
3 # Ob 4 # 9,3 ormen kanskje Leviatan, Jes 27,1. Jf. Job 41,20ff; Sal 104,25f. =havet. Om dei gøymer seg på Karmels topp,
skal eg finna dei og henta dei ned.
Om dei løyner seg for auga mine på havsens botn,
byd eg ormen bita dei.
4 # Jer 44,11 Om dei må gå som fangar framfor fiendane sine,
byd eg sverdet drepa dei.
Eg retter auga mot dei
til det vonde og ikkje til det gode.
5 # 8,8 Herren, allhærs Gud,
rører ved jorda, og ho skjelv.
Alle som bur der, sørgjer.
Heile jorda stig som Nilen
og sig som elva i Egypt.
6 # 5,8 Han som har bygd sine høge salar i himmelen
og reist sin kvelv over jorda,
han som kallar på vatnet i havet
og auser det ut over jorda,
Herren er namnet hans.
Straff og reinsing
7 # Jer 47,4 # 9,7 Kir >1,5. For meg, israelittar, er de som kusjittane,
seier Herren.
Eg førte Israel opp frå Egypt,
men også filistrane frå Kaftor
og aramearane frå Kir.
8 # Sal 34,17; 1 Pet 3,12 Sjå, Herren Guds auge er vende mot det syndige riket:
No vil eg sletta det ut frå jorda.
Nei, eg skal ikkje sletta ut Jakobs hus,
seier Herren.
9For sjå, eg gjev påbod,
og eg rister Israels hus mellom alle folkeslaga
som når ein rister i ei sikt
og ikkje eit sandkorn fell til jorda.
10 # 6,3 For sverdet skal dei døy,
alle syndarane i folket mitt,
dei som seier: «Det vonde når oss ikkje,
det råkar ikkje oss.»
Israel blir gjenreist
11 # Jer 24,6; 31,28; Hos 14,5ff; Joel 3,21ff; Mi 7,11ff; Sef 3,14ff; Apg 15,16 Den dagen reiser eg opp att
Davids falne hytte.
Rivnene murar eg att,
og det som ligg i røys, reiser eg opp att.
Eg byggjer henne som i gamle dagar,
12 # 4 Mos 24,18 så dei kan ta resten av Edom i eige
og alle dei andre folkeslaga
som namnet mitt er nemnt over,
seier Herren, som gjer dette.
13 # 3 Mos 26,3ff; Joel 3,23+ Sjå, dagar skal koma, seier Herren,
då den som pløyer, tek att den som haustar,
og den som trakkar druer, tek att den som sår.
Druesaft skal drypa frå fjella
og fløyma frå alle høgder.
14 # Jes 58,11f; 61,4; 65,21; Jer 29,14; Am 5,11 Då vil eg venda lagnaden for Israel, folket mitt.
Dei skal byggja opp att nedrivne byar og bu i dei.
Dei skal planta vinmarker og drikka vinen.
Dei skal stella til hagar og eta frukta.
15Eg plantar dei i deira eiga jord,
aldri meir skal dei rykkjast opp
av den jorda eg har gjeve dei,
seier Herren din Gud.

Markert nå:

Amos 9: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring