Apostelgjerningane 23

23
1 # 24,16 Paulus feste auga på Rådet og sa: «Brør, med godt samvit har eg til denne dag levd for Gud.» 2#23,2 Ananias øvsteprest 47–58 e.Kr., drepen av ekstremistar ca. 66 e.Kr. under uroa føre opprøret mot romarane. «Slå han på munnen!» sa Ananias, øvstepresten, til dei som stod der. 3#3 Mos 19,15; Esek 13,10ff; Matt 23,27 Då sa Paulus til han: «Gud skal slå deg, din kalka vegg! Her sit du og skal dømma meg etter lova, og så byd du imot lova at dei skal slå meg.» 4«Skjeller du ut Guds øvsteprest?» sa dei som stod der. 5#2 Mos 22,28 «Eg visste ikkje, brør, at han var øvsteprest», svara Paulus. «For det står skrive: Ein fyrste i folket ditt skal du ikkje forbanna.»
6 # 24,14f.21; 26,5ff; 28,20; Fil 3,5+ # 23,6 saddukearar, farisearar =retningar innanfor jødedomen. Sidan Paulus visste at somme av dei som sat i Rådet, var saddukearar og somme farisearar, ropa han ut: «Brør, eg er farisear og son til farisearar. Og eg blir klaga fordi eg har den vona at dei døde skal stå opp.» 7Ikkje før hadde han sagt det, så vart det strid mellom farisearar og saddukearar, og flokken delte seg. 8#Matt 22,23; Apg 4,1f For saddukearane seier at oppstoda ikkje finst, og heller ikkje englar og ånder, men farisearane trur på alt dette. 9#5,34ff No vart det roping og skriking, og nokre av dei skriftlærde av farisearane reiste seg og sa sterkt imot: «Vi finn ikkje noko gale hos denne mannen. Tenk om det var ei ånd eller ein engel som tala til han?» 10Striden vart så hard at kommandanten var redd dei kunne slita Paulus sund. Difor baud han soldatane gå ned og riva Paulus frå dei og føra han inn i borga.
11 # 18,9; 27,24; 28,16ff Natta etter stod Herren framfor han og sa: «Ver frimodig! Som du har vitna om meg i Jerusalem, må du òg vitna i Roma.»
Samansverjinga
12Då det vart dag, slo jødane seg saman og svor på at dei verken skulle eta eller drikka før dei hadde drepe Paulus. 13Meir enn førti mann var med i denne samansverjinga. 14Dei gjekk til overprestane og dei eldste og sa: «Vi har svore på at vi ikkje skal smaka mat før vi har drepe Paulus. 15Gå no saman med Rådet og send ei melding til kommandanten. Be han føra Paulus ned til dykk. Lat som om de vil granska saka hans nøyare. Så står vi ferdige til å drepa han før han kjem fram.»
16Men systerson til Paulus fekk høyra om dette bakhaldet, og han gjekk opp i borga og fortalde det til Paulus. 17Då sende Paulus bod etter ein av offiserane og sa: «Før denne unge guten til kommandanten! Han har noko å fortelja.» 18Offiseren tok han med seg til kommandanten og sa: «Fangen Paulus kalla på meg og bad meg føra denne unge guten til deg. Han har noko å seia deg.» 19Kommandanten tok guten i handa, leidde han til sides og spurde: «Kva er det du har å fortelja meg?» 20Han svara: «Jødane har avtala at dei i morgon skal be deg føra Paulus ned til Rådet. Dei skal lata som om dei vil granska saka hans nøyare. 21Men du må ikkje la deg overtala! For meir enn førti av dei ligg og lurer på han. Dei har svore på at dei verken skal eta eller drikka før dei har drepe han. No held dei seg klare og ventar berre på ein lovnad frå deg.»
22Kommandanten lét guten gå, men baud han strengt: «Fortel ikkje nokon at du har late meg få vita dette.»
Paulus blir send til Cæsarea
23 # 23,23 Cæsarea >8,40. den tredje timen i natt ca. kl. 21. =tidsrekning. Så kalla han til seg to av offiserane og sa: «Ta to hundre soldatar, saman med sytti ryttarar og to hundre lettvæpna menn, og lat dei halda seg ferdige til å fara til Cæsarea etter den tredje timen i natt! 24#23,24 Feliks var romersk landshovding ca. 53–59 e.Kr. og rådde over Judea, Samaria og Galilea. Og sørg for ridedyr, så dei kan få Paulus trygt fram til landshovdingen Feliks.» 25Så skreiv han dette brevet:
26«Claudius Lysias helsar den vørde landshovdingen Feliks. 27#21,33; 22,25ff Denne mannen hadde jødane gripe, og dei heldt på å drepa han. Men eg kom med soldatane og fria han ut, for eg fekk vita at han var romersk borgar. 28#22,30 Sidan eg gjerne ville få greie på kva dei klaga han for, førte eg han fram for Rådet deira. 29#18,14f; 25,25 Eg fann då ut at skuldinga mot han gjaldt nokre spørsmål i lova deira, og at han ikkje var skulda for noko som han kunne dømmast til død eller fengsel for. 30#23,30 Mange handskrifter legg til «Lev vel». Men sidan eg har fått melding om at dei har planlagt eit overfall på mannen, sender eg han direkte til deg. Og eg har sagt frå til klagarane at dei får venda seg til deg i denne saka.»
31 # 23,31 Antipatris grenseby mellom Judea og Samaria. Soldatane gjorde som dei hadde fått påbod om: Dei tok Paulus og førte han til Antipatris om natta. 32Dagen etter vende dei attende til borga og lét ryttarane fara vidare med han. 33Så snart dei kom til Cæsarea, lét dei landshovdingen få brevet og førte Paulus fram for han. 34#22,3 Han las brevet og spurde kva provins han var ifrå. Og då han fekk vita at det var Kilikia, 35sa han: «Eg skal forhøyra deg når klagarane dine kjem.» Så baud han at Paulus skulle haldast i varetekt i slottsborga til Herodes.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring