Apostelgjerningane 20

20
I Makedonia og Hellas
1Då ståket hadde stilna, sende Paulus bod etter læresveinane og sette mot i dei. Så bad han farvel og tok ut for å dra til Makedonia. 2På reisa gjennom desse bygdene tala han mykje og sette mot i dei òg. Han kom til Hellas, 3og der vart han verande i tre månader. Då han skulle segla derifrå og til Syria, fekk jødane til ei samansverjing mot han. Difor sette han seg føre å venda attende gjennom Makedonia. 4#19,29; Ef 6,21+; 1 Tim 1,2+#20,4 Aristarkos var med Paulus ved fleire høve. Jf. 19,29; 27,2. Gaius kan vera den same som i 19,29. Timoteus >16,1. Tykikos var ein nær medarbeidar av Paulus. Jf. Ef 6,21; Kol 4,7; 2 Tim 4,12; Tit 3,12. Trofimos var ein heidningkristen frå Efesos som var med på Paulus' siste reise til Jerusalem. Jf. 21,29; 2 Tim 4,20. Saman med han på ferda var Sopatros frå Berøa, son til Pyrros, Aristarkos og Sekundus frå Tessalonika, Gaius frå Derbe, Timoteus, og frå Asia Tykikos og Trofimos. 5Desse fór føre og venta på oss i Troas. 6#20,6 høgtida med usyra brød >12,3. Vi andre segla ut frå Filippi straks etter høgtida med usyra brød, og fem dagar etter møtte vi dei i Troas. Der vart vi verande ei veke.
Avskil i Troas
7 # Matt 28,1; Apg 2,42.46; 1 Kor 16,2; Op 1,10 # 20,7 bryta brødet >2,42. Første dagen i veka var vi samla for å bryta brødet. Paulus tala til dei, og han heldt på heilt til midnatt, sidan han skulle reisa dagen etter. 8Det var mange lamper i den salen ovanpå der vi var samla. 9Ein ung gut som heitte Evtykos, sat i vindauget. Då Paulus tala så lenge, fall han i djup søvn og datt ut gjennom vindauget frå tredje høgda. Han var død då dei tok han opp. 10#1 Kong 17,21 Men Paulus gjekk ned, bøygde seg over han, slo armane kring han og sa: «Ver ikkje redde! Det er liv i han.» 11Så gjekk han opp att, braut brødet og åt, og tala endå lenge, heilt til det lysna. Då drog han av stad. 12Dei leidde guten heim i live, og det var til useieleg trøyst for dei.
Avskilstalen til dei eldste frå Efesos
13Vi gjekk i førevegen om bord i skipet og segla til Assos. Paulus hadde sagt frå at vi skulle ta han med der, for sjølv ville han gå til fots. 14Då han møtte oss i Assos, tok vi han om bord og fór så til Mityléne. 15Dagen etter segla vi derifrå og kom på høgd med Kios. Andre dagen heldt vi fram til Samos, og dagen deretter nådde vi Miletos. 16For Paulus hadde sett seg føre å segla utanom Efesos, så han ikkje skulle bli hefta i Asia. Han skunda på for å nå fram til Jerusalem til pinsedagen, om det var råd.
17Frå Miletos sende han bod til Efesos og kalla til seg dei eldste i forsamlinga. 18Og då dei kom, tala han til dei:
«De veit korleis eg har levd all den tid eg har vore saman med dykk, frå den første dagen eg sette foten i Asia. 19#20,3 Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine. 20De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk, men eg har forkynt for dykk og undervist dykk både ute blant folket og i heimane. 21#Rom 1,16 Eg har vitna for både jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus. 22#19,21 Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje. 23#21,4.11 Eg veit berre at Den heilage ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lenkjer og forfølging. 24#21,13; 2 Tim 4,7 Men for meg er ikkje liv eller død verdt å snakka om, berre eg kan fullføra løpet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde. 25Og no veit eg at de aldri meir skal sjå andletet mitt, alle de som eg har vore saman med og forkynt Riket for. 26#18,6#20,26 utan skuld viser til ansvaret for å åtvara mot gudløyse. Jf. Esek 33,1–9. Difor vitnar eg for dykk på denne dagen at eg er utan skuld om nokon taper sitt liv, 27for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds plan og vilje.
28 # Luk 22,32; Joh 21,15f; Ef 4,11; 1 Pet 5,2 # 20,28 Guds forsamling Mange gamle handskrifter har «Herrens forsamling». vann … blod Jf. Ef 5,25; 1 Pet 1,18. Ta vare på dykk sjølve og på heile den flokken som Den heilage ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds forsamling, som han vann med sitt eige blod. 29#Matt 7,15; Joh 10,12 For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar som ikkje sparer flokken. 30#1 Joh 2,19 Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med falsk lære og vil lokka læresveinane med seg. 31#19,8ff Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, med tårer i auga, ikkje heldt opp med å rettleia kvar einaste ein.
32 # 26,18+ Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som har kraft til å byggja opp og gje dykk arv saman med alle dei som er helga. 33#1 Kor 9,11ff Eg har aldri trakta etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske. 34#18,3+ De veit sjølve at desse hendene har sørgt for det vi trong, både eg og dei som var med meg. 35#Rom 15,1f Alltid har eg vist dykk at vi må arbeida slik, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: ‘Det er sælare å gje enn å få.’»
36 # 21,5 Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad. 37Då brast dei alle i gråt, og dei fall Paulus om halsen og kyste han. 38Det som gav dei mest sorg, var det han hadde sagt om at dei aldri meir skulle sjå han att. Så følgde dei han til skipet.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring