Apostelgjerningane 17

17
Uro i Tessalonika
1 # 1 Tess 2,1f # 17,1 Tessalonika hamneby og hovudstad i den romerske provinsen Makedonia, ca. 13 mil vest for Filippi. Dei la vegen gjennom Amfipolis og Apollonia og kom til Tessalonika. Der hadde jødane ein synagoge. 2Paulus gjekk dit, som han var van med. Tre sabbatsdagar hadde han samtalar med dei ut frå skriftene. 3#Luk 24,26f.32.45ff+; Apg 9,22+ Han forklara og la ut for dei at Messias måtte lida og stå opp frå dei døde. Han sa: «Jesus, han som eg forkynner for dykk, han er Messias.» 4#10,2; 16,14 Nokre av dei vart overtydde og gav seg i lag med Paulus og Silas. Det same gjorde ein stor flokk grekarar av dei som dyrka Gud, og ikkje få av dei fremste kvinnene. 5Då vart jødane brennande harme, og dei fekk med seg nokre tvilsame karar av dei som gjekk og slong på torget, og laga eit oppløp som sette heile byen på ende. Dei storma mot huset til Jason og leita etter dei og ville føra dei ut til folket. 6#16,20 Men då dei ikkje fann dei, drog dei Jason og nokre av brørne med seg til styresmennene i byen og ropa: «No er dei komne hit òg, desse som har sett heile verda i opprør, 7#Luk 23,2; Joh 19,12ff og Jason har teke imot dei! Dei gjer alle tvert imot påboda frå keisaren og seier at ein annan, ein som heiter Jesus, er konge.» 8Då folket og styresmennene høyrde det, vart dei skremde, 9og Jason og dei andre fekk ikkje gå før dei hadde gjeve ein pengesum i pant.
Til Berøa
10 # 17,10 Berøa by sørvest i Makedonia, ca. åtte mil vest for Tessalonika. Så snart det vart natt, sende brørne Paulus og Silas av stad til Berøa. Då dei kom dit, gjekk dei bort i den jødiske synagogen. 11#Joh 5,39 Jødane der hadde eit edlare sinnelag enn dei i Tessalonika. Dei tok imot Ordet med all godvilje og granska dagleg skriftene og såg etter om alt stemde. 12Mange av dei kom då til tru, og det same gjorde ein del framståande greske kvinner og mange greske menn. 13Men då jødane i Tessalonika fekk høyra at Paulus forkynte Guds ord i Berøa òg, kom dei dit med og øste opp folk og skremde dei. 14#1 Tess 3,1ff Då sende brørne Paulus av stad med ein gong; han skulle fara ned til kysten. Men Silas og Timoteus vart att. 15Dei som følgde Paulus, førte han heilt til Aten og fór så heim att med bod til Silas og Timoteus at dei skulle koma til han så snart dei kunne.
Paulus talar i Aten
16Medan Paulus venta på dei i Aten, vart han opprørt då han såg at byen var overfylt med gudebilete. 17I synagogen hadde han samtalar med jødane og med dei som dyrka Gud, og på torget tala han kvar dag med dei han møtte. 18#4,33+#17,18 epikureiske og stoiske filosofar filosofiske retningar som vart grunnlagde ikring år 300 f.Kr. av Epikur og Zenon. Nokre epikureiske og stoiske filosofar gav seg i ordskifte med han, og somme sa: «Kva kan han vel meina, denne pratmakaren?» Andre sa: «Han er visst ein som forkynner framande gudar.» Det var fordi han forkynte evangeliet om Jesus og oppstoda. 19#17,19 Areopagos høgd nordvest for Akropolis i Aten, frå gammalt av møtestad for den høgste domstolen i byen. Ordet kunne òg vera namn på den lokale domstolen «areopagen», ubunde av stad. Så tok dei han med seg og førte han til Areopagos og sa: «Kan vi få vita kva slags ny lære du kjem med? 20For det er underlege ting du lèt oss få høyra. Difor vil vi gjerne vita kva dette er for noko.» 21For verken atenarane sjølve eller utlendingane som bur der, bruker tida si til anna enn å fortelja og spørja nytt.
22Då steig Paulus fram for Areopagosrådet og sa:
«Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse. 23For då eg gjekk omkring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: ‘For ein ukjend Gud’. Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk. 24#1 Kong 8,27; Sal 146,6; Jes 42,5; 66,1; Apg 7,48 Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender, 25#Sal 50,12 og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev liv og ande, ja, alt til alle. 26#5 Mos 32,8 Av eitt menneske har han skapt alle folkeslag, han lét dei busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira. 27#Jes 55,6; Jer 23,23; Rom 1,19f#17,27 Gud Nokre handskrifter har «Herren», andre har «det guddomlege». Det gjorde han for at dei skulle søkja Gud, om det kunne lukkast for dei å leita seg fram til han og finna han. Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss. 28#17,28 nokre … diktarar dei stoiske diktarane Aratos og Kleantes (tredje hundreåret f.Kr.). For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: ‘For vi er hans slekt.’ 29#Jes 40,18ff; 44,10ff; Rom 1,22f Er vi då Guds slekt, må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein som menneskekunst eller mennesketanke har forma. 30#Luk 24,47; Apg 14,16 Gud har bore over med dei tidene då folk var uvitande. Men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om. 31#Sal 96,13; Matt 25,31ff; Apg 2,24+; 10,42 For han har fastsett ein dag då han vil dømma verda med rettferd, og til det har han innsett ein mann. Det har han stadfest for alle med å reisa han opp frå dei døde.»
32Men då dei høyrde om oppstoda frå dei døde, var det somme som spotta, men andre sa: «Vi høyrer deg gjerne tala meir om dette ein annan gong.» 33Så gjekk Paulus frå dei. 34Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei var Dionysios frå Areopagosrådet og ei kvinne som heitte Damaris, og nokre andre.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring