3. Johannes 1
N11NN

3. Johannes 1

1
Helsing
1 # 2 Joh 1 # 1 Den eldste ein leiar i forsamlinga. =tenester. Gaius elles ukjend leiar. Den eldste helsar den kjære Gaius, som eg i sanning elskar. 2Kjære deg, eg ønskjer at du må få vera frisk og ha det godt på alle vis, liksom du òg har det godt åndeleg.
Hjelp til utsendingane
3 # 2 Joh 4 Eg vart inderleg glad då nokre av syskena våre kom og fortalde kor trufast du er mot sanninga, korleis du lever i henne. 4Ikkje noko gleder meg meir enn å høyra at borna mine lever i sanninga.
5Kjære deg, du er trufast i all di gjerning for syskena våre, ja, til og med for dei som er framande. 6I forsamlinga her har dei vitna om kjærleiken din. Du gjer vel om du hjelper dei vidare på reisa. Det er rett for Gud. 7#7 Namnet Jesus. Det var då for å forkynna Namnet dei drog ut, og dei tek ikkje imot hjelp frå heidningane. 8#Matt 10,10.41; Hebr 13,2 Difor skyldar vi å ta oss av dei, så vi kan vera medarbeidarar for sanninga.
Diotrefes og Demetrios
9 # 9 nokre ord til forsamlinga eit tidlegare brev, anten 2 Joh eller eit som har gått tapt. Eg har skrive nokre ord til forsamlinga. Men Diotrefes, som gjerne vil vera den fremste der, vil ikkje ha noko med oss å gjera. 10Når eg kjem, skal eg minna han om det han har gjort. For det vonde han seier om oss, er tåpeleg. Men han nøyer seg ikkje med det. Sjølv nektar han å ta imot syskena våre, og når andre vil gjera det, hindrar han dei og støyter dei ut av forsamlinga.
11 # 1 Joh 3,6.9f Kjære deg, du må ikkje etterlikna det vonde, men det gode! Den som gjer det gode, er av Gud. Den som gjer det vonde, har ikkje sett Gud.
12 # Joh 19,35 Alle gjev Demetrios dei beste vitnemål, ja, sanninga sjølv vitnar for han. Det same gjer vi, og du veit at vårt vitnemål er sant.
Sluttord
13 # 2 Joh 12 Eg har enno mykje å skriva til deg, men eg vil ikkje skriva det med papir og blekk. 14For eg håpar å sjå deg snart, så vi kan tala saman, andlet til andlet.
15Fred vere med deg! Venene her helsar deg. Du må sjølv helsa venene, kvar einskild med namn.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk