2. Timoteus 3

3
Menneska i dei siste tidene
1 # 1 Tim 4,1+ Du skal vita at i dei siste dagane skal det koma tunge tider. 2#3,2–4 Versa inneheld ein lastekatalog, ei opplisting av haldningar og handlingar som strider mot kristen tru og liv. =katalogar.#Matt 15,19; 24,12; Rom 13,13; 1 Kor 5,10f; 6,9f; 2 Kor 12,20; Gal 5,19ff; Ef 5,3ff; Kol 3,5ff; 1 Tim 1,9f; 2 Tim 3,2ff Då skal folk vera sjølvopptekne og pengegriske, skrytande, hovmodige, spottande, ulydige mot foreldre, utakksame og utan tanke for det heilage, 3ukjærlege og uforsonlege, baktalande og utan herredøme over seg sjølve, råe, utan kjærleik til det gode, 4svikefulle, oppfarande og store i eigne auge. Dei elskar lystene sine meir enn dei elskar Gud. 5Dei er gudfryktige utanpå, men fornektar krafta i gudsfrykta. Vend deg bort frå slike folk! 6#Tit 1,11 Mellom dei er det nokre som lurer seg inn i heimane og får makt over svake kvinner som er tyngde av synder, slike kvinner som lèt seg driva av mange slag lyster, 7og som alltid får undervising, men aldri kan læra sanninga å kjenna. 8#1 Tim 6,5#3,8 Jannes og Jambres er etter jødisk tradisjon namna på dei egyptiske trollmennene som motarbeidde Moses då han gjorde under framfor farao. Jf. 2 Mos 7,11f.22. Slik Jannes og Jambres sette seg opp mot Moses, set desse menneska seg opp mot sanninga. Dømmekrafta deira er øydelagd, og trua deira held ikkje mål. 9Men no skal dei ikkje ha meir framgang. For det skal bli klårt for alle kor vitlause dei er. Slik gjekk det òg med Jannes og Jambres.
Hald fast på det du har lært
10Men du har følgt meg i lære og liv, i forsett, i tru, i tolmod, kjærleik og vilje til å halda ut, 11#Apg 13,50; 14,5.19; 2 Kor 11,23ff og gjennom forfølging og liding, som det eg vart utsett for i Antiokia, Ikonium og Lystra. Ja, kva har eg ikkje måtta tola av forfølgingar! Men Herren har fria meg ut av dei alle. 12#Matt 16,24; Apg 14,22+ Alle som vil leva eit gudfryktig liv i Kristus Jesus, skal bli forfølgde. 13Men vonde menneske og svindlarar går frå vondt til verre; dei fører vill og blir sjølve førte vill. 14#2,2 Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av. 15#Joh 5,39; Apg 16,1 Og heilt frå du var eit lite barn, har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Kristus Jesus. 16#Rom 15,4; 2 Pet 1,21#3,16 Kvar bok i Skrifta kan òg omsetjast «Heile skrifta». Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd, 17så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring