2. Timoteus 2
N11NN

2. Timoteus 2

2
Teneste og liding
1Så ver då sterk, barnet mitt, ved nåden i Kristus Jesus. 2#1 Tim 6,12; 2 Tim 3,14 Og det du har høyrt av meg framfor mange vitne, skal du gje vidare til pålitelege menneske som er i stand til å læra andre. 3#1,8; 4,5 Ber lidingane du òg som ein god stridsmann for Kristus Jesus. 4Ingen soldat hefter seg med dei daglege gjeremål, for han vil gjera som hærføraren seier. 5#1 Kor 9,24ff; 2 Tim 4,7f; Jak 1,12; 1 Pet 5,4; Op 2,10; 3,11 Og ein som driv idrett, må følgja reglane for å vinna sigerskransen. 6#1 Kor 9,7.10 Bonden som har hatt strevet, skal få først av grøda. 7Tenk over det eg seier! For Herren skal gje deg innsikt i alt.
8 # Rom 1,3; 1 Kor 15,4.20 # 2,8 av Davids ætt Profetane lærte at Messias skulle vera av Davids ætt. Jf. 2 Sam 7,12f; Sal 2,7; Jes 11,1. Kom Jesus Kristus i hug, han som vart reist opp frå dei døde og er av Davids ætt. Dette er mitt evangelium. 9#Ef 3,1; Fil 1,12ff For det lid eg vondt, ja, for det er eg bunden i lenkjer som ein forbrytar. Men Guds ord er ikkje bunde! 10#Kol 1,24 Difor toler eg alt for dei utvalde, så dei òg skal vinna frelsa i Kristus Jesus og få evig herlegdom. 11#Rom 6,3f.8 Det er eit truverdig ord:
Har vi døydd med han,
skal vi òg leva med han.
12 # Matt 10,33+; Rom 8,17 Held vi ut,
skal vi òg herska i lag med han.
Fornektar vi,
skal han òg fornekta oss.
13 # 4 Mos 23,19; Rom 3,3f Er vi trulause,
så er han endå trufast,
for han kan ikkje fornekta seg sjølv.
Stå fast mot vranglæra
14 # 1 Tim 1,6; 6,4.20f; 2 Tim 2,16.18; Tit 1,10 Dette skal du minna dei om! For Guds andlet skal du seia frå at dei ikkje må krangla og tretta. Det tener ikkje til noko, men er berre til skade for dei som høyrer på. 15Gjer det du kan for å stå di prøve for Gud, så du kan vera ein arbeidar som ikkje har noko å skamma seg over, men legg fram det sanne ordet utan omvegar. 16#1 Tim 1,6+ Vend ryggen til gudlaus og tom tale. For dei som talar slik, går berre lenger og lenger i gudløyse, 17#1 Tim 1,20 og orda deira et om seg som kaldbrann. Mellom dei er Hymeneos og Filetos. 18Dei er komne på avvegar, bort frå sanninga, for dei seier at oppstoda alt har skjedd, og dei bryt ned trua hos folk. 19#4 Mos 16,5; Matt 7,23; Joh 10,14; 1 Kor 8,3 Men Guds faste grunnvoll står og har eit segl med denne innskrifta: «Herren kjenner sine», og: «Kvar den som vedkjenner seg Herrens namn, skal venda seg bort frå urett». 20#Rom 9,21 I eit stort hus er det ikkje berre kar av gull og sølv, men òg av tre og leire, dei første til fint bruk, dei andre til simplare bruk. 21#3,17 Den som reinsar seg og held seg borte frå slike ting, blir eit kar til fint bruk; det er vigsla og nyttig for herren i huset og gjort ferdig til all god gjerning.
22 # Apg 9,14+; Gal 5,22; 1 Tim 6,11 Legg ungdomslystene bak deg. Jag etter rettferd, truskap, kjærleik og fred, saman med dei som kallar på Herren av eit reint hjarte. 23#1 Tim 4,7; 6,4f Men tåpelege ordskifte, som ingen lærer noko av, skal du avvisa, for du veit at dei føder strid. 24#Tit 1,7.9 Ein Herrens tenar må ikkje liggja i strid. Nei, han skal vera venleg mot alle, god til å undervisa og villig til å tola vondt, 25#Matt 3,2+; 1 Tim 2,4 så han er mild når han talar til rette dei som seier imot. For kanskje vil Gud ein gong gje dei å venda om, så dei lærer sanninga å kjenna. 26Då kan dei vakna av rusen og koma seg ut or den snara djevelen har fanga dei i, så dei må gjera hans vilje.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk